Hopp til innhold

Utsjånad avgjer kven du vel

Stemma di går til politikaren som liknar mest på deg sjølv, meiner forskarane. Er det rett, ville John Fredriksen stemt på McCain.

John Fredriksen og John McCain

Ville John Fredriksen stemt på McCain?

Foto: Heiko Junge, Scanpix/Robyn Beck, AFP

Det er få dagar igjen til det amerikanske presidentvalet. Då handlar alt om John McCain og Barack Obama og kva for faktorar som gjer at ein av dei blir vald til president.

Barack Obama og John Carew

- og ville John Carew stemt Obama?

Foto: Ch. Neibergall, AP/Håkon Larsen, Scanpix

Ny forsking viser at folk ikkje er så rasjonelle ved valurnene som dei kanskje likar å tru.

Brukte enkel teknologi

To kommunikasjonsforskarar ved Stanford University i USA har kome fram til at veljarane ubevisst blir meir positive til politikarar som har ansiktstrekk som minner om deira eigne, skriv forskning.no

Det fyrste eksperimentet vart gjennomført med enkel datateknologi i samband med presidentvalet i 2004, då kampen stod mellom George W. Bush og John Kerry.

Forskarane blanda bilete av til saman 600 testpersonar inn i ansikta til politikarane.

Hos veljarar som ikkje kjente så godt til kandidatane, eller politikken deira, var likskapen i ansiktstrekka nok til at dei valde ein bestemt kandidat.

De manipulerte bileta hadde i seg 40 prosent av ansiktstrekka til testpersonen og 60 prosent av dei opphavlege trekka til Bush og Kerry.

Stemte på dei som likna

Ei gruppe fekk sjå bilete som ikkje var manipulerte. Gruppe to fekk sjå bilete der deira eigne portrett var blanda inn i eit bilde av Bush. Den tredje gruppa fekk servert eit motiv der ansiktet deira var spleisa med ansiktet til Kerry.

46 posent av dei som såg dei originale bileta, sa at dei ville stemme på Bush, medan 44 prosent valde Kerry.

Dei som hadde fått ansiktet sitt blanda med Bush, gav republikanarane ein siger med ein margin på heile 13 prosent. Dei som vart spleisa med Kerry gav han eit overtak på 7 prosent.

- Folk utan sterke band til eit av partia blir påverka av likskapen. Eksperimentet endrar ikkje oppfatninga di dersom du frå før er innstilt på å stemme på ein av kandidatane, opplyser forskar Jeremy Bailenson.

Ingen merka manipulasjonen

Forskarane har lenge vore klar over at folk i større grad ynskjer å hjelpe menneske som liknar dei sjølve. Det overraskande var at ingen av personane merka at det var snakk om manipulerte bilete.

Bailenson kjenner ikkje til at politikarar har brukt teknologi på denne måten, som eit forsøk på å manipulere veljarar.

- Vi får håpe at det aldri skjer i det verkelege liv, seier han.

CNN: Vi krever mer av kvinnene

SISTE NYTT

Siste nytt