Hopp til innhold

Avviser at presidenten har flykta frå Jemen

Presidenten i Jemen har flykta frå residensen sin i hamnebyen Aden, men utanriksministeren nektar for at han har reist frå landet. Samstundes er det frykt for at opprørarane førebur eit angrep på Aden.

Kampar ved mlitærbase i Jemen.

Ein såra mann blir boren bort under kampane om ein militærbase i Aden i ettermiddag.

Foto: STRINGER / Reuters

Nyheitsbyrået AP melde i ettermiddag at Jemens president Abd-Rabbu Mansour Hadi har flykta frå Jemen med båt. Utanriksministeren og fleire andre nær presidenten seier at han framleis oppheld seg i hamnebyen Aden.

Det har i heile dag svirra ulike rykte om presidenten. I føremiddag vart det først meldt at Mansour Hadi hadde reist frå landet i helikopter , medan det litt seinare på dag kom forsikringar frå nære medarbeidarar om at han ikkje hadde planar om å reise.

Utanriksminister Riyad Yassin seier i kveld at det blir full borgarkrig i landet, om Houthi-militsen tek kontroll over Aden.

– Omfattande plyndring

Ein talsmann for utanriksdepartementet i USA seier at dei ikkje veit kvar Hadi er, men at han ikkje lenger oppheld seg i residensen i Aden. I kveld blir det meldt om omfattande plyndring av den evakuerte presidentbustaden.

Ein amerikansk talsmann seier dei har vore i kontakt med Hadi, men at dei ikkje veit kvar han er.

Jemens president Abd-Rabbu Mansour Hadi

Meldingar i ettermiddag tyder på at president Abd-Rabbu Mansour Hadi har flykta frå Jemen i båt.

Foto: Khaled Abdullah / Reuters

Dette skjer medan den sjiamuslimske Houthi-militsen tek kontroll over stadig større område i landet. Det blir no meldt om skyting og eksplosjonar inne på ein militærbase i sentrum av Aden. Tidlegare onsdag tok opprørarane kontroll over ein større militær flyplass i utkanten av Aden.

– Kontrollerer flyplassen

Den internasjonale flyplassen i Aden vart stengt i ettermiddag av «tryggingsgrunnar».

I kveld kom det meldingar om at soldatar som er lojale mot ekspresident Ali Abdullah Saleh har teke kontroll over flyplassen. Det går føre seg kampar i utkanten av flyplassen, opplyser lokale tenestemenn til Reuters.

Mange innbyggjarar væpnar seg i Aden.

Mange innbyggjarar har væpna seg medan dei ventar på at Houthi-militsen skal prøve å erbore hamnebyen Aden.

Foto: SALEH AL-OBEIDI / Afp

Frå før kontrollerer militsen hovudstaden og store område nord i landet. Talsmann for Houthi-militsen seier dei er klare til å ta kontroll også over Aden, den viktigaste hamnebyen i Jemen.

Kampfly har tidlegare i dag bomba residensen til presidenten i Aden, men det er uklart om nokon av bygningane vart øydelagde i angrepet. Ein talsmann for presidenten sa at bombene fall i havet og at presidenten var trygg. President Abd-Rabbu Mansour Hadi har vore i Aden sidan han flykta frå hovudstaden Sana i februar.

Frykt for storkrig i Jemen

– Mange væpnar seg

Offentleg tilsette i Aden vart i dag bedne om å gå heime frå jobben, og ein del av innbyggjarane har utstyrt seg med våpen, fortel augevitne til Reuters. Samstundes melde Houthi-militsen at dei har arrestert forsvarsminister Mammoud al-Subaihi i byen Houta.

Jemens utanriksminister Riyadh Yaseen har bede andre arabiske land om å gripe inn militært mot Houthi-militsen, som truleg er støtta av Iran. Den arabiske liga skal diskutere spørsmålet i eit utanriksministermøte i Egypt torsdag.

Saudi-Arabia ser på utviklinga i nabolandet med stor uro og har flytta store militære styrkar og tungt utstyr mot grensa til Jemen. Landet seier at dette er eit reint defensivt trekk.

Kaotisk situasjon i Jemen.

Situasjonen i Jemen blir meir og meir kaotisk for kvar time som går. Her frå ein demonstrasjon mot Houthi-militsen i byen Taez i dag.

Foto: STR / Afp

Støtte i delar av hæren

Houthi-militsen får støtte frå ein del einingar i regjeringshæren som er tilhengjarar av den tidlegare presidenten Ali Abdullah Saleh. Det har vore flyangrep mot presidenten og hans maktapparat den siste tida, og det kan tyde på at militsen har støtte i alle fall i delar av flyvåpenet.

Politiske observatørar i Jemen trur at Houthi-militsen ikkje ville ha rykt fram så fort, utan at dei hadde den tidlegare presidenten i ryggen.

President Abd-Rabbu Mansour Hadi har prøvd å etablere ein maktbase i Aden, slik at han på sikt kan ta tilbake makta i landet. Han kjem sjølv frå den sørlege delen av landet.

Saka blir oppdatert

Jemen

SISTE NYTT

Siste nytt