Hopp til innhold

– Jemens president rømte landet i helikopter

Opprørarane i Jemen gjennomfører luftangrep mot palasset der landet president er. Nokre kjelder påstår presidenten har flykta ut av landet. Andre kjelder avkrefter dette.

YEMEN-UNREST

Jemens president, Abd-Rabbu Mansour Hadi, ba FNs Tryggingsråd om å gi løyve til at andre land kan støtte han militært. Ein slik resolusjon fekk han ikkje, og no kjem opprørarane stadig nærare han.

Foto: - / Afp

President Abd-Rabbu Mansour Hadi tok helikopter ut av landet, saman med diplomatar frå hans allierte i Saudi-Arabia, melder nyheitsbyrået AFP.

Men Reuters får opplyst, av to av presidentens medarbeidarar, at han framleis er i hamnebyen Aden og ikkje har planar om å reise.

Det har vore harde kampar utanfor Aden i dag, der Houthi-militsen har teke kontroll over ein flybase. Det skal også ha vore gjennomført luftangrep mot bygningen der presidenten skal opphalde seg, om han framleis er i byen.

Reuters melder også om at saudiske styrker ruster opp langs grensa til Jemen på grunn av dei siste dagers hendingar.

Presidenten har blitt pressa stadig meir tilbake dei siste månedane, og i februar måtte han flykte frå hovudstaden Sana til Aden.

NRKs Midtaustenkorrespondent, Sigurd Falkenberg Mikkelsen, om situasjonen i Jemen.

YEMEN-SECURITY/ Southern People's Resistance militants loyal to Yemen's President Abd-Rabbu Mansour Hadi move a tank from the al-Anad air base in the country's southern province of Lahej

Soldatar som er lojale til president Hadi køyrer ei stridsvogn i den sørlege Lahej-provinsen i Jemen. I dag har presidentens styrker vore i harde kampar med Houthi-militsen.

Foto: STRINGER / Reuters

Ba om hjelp hos FN

Før helga sende Hadi eit brev til FNs Tryggingsråd og bad om hjelp. Presidenten ønskja støtte frå andre land i kampen mot Houthi-militsen, som i lengre tid har kjempa mot presidenten, og som for tida kontrollerer hovudstaden Sanaa.

Men Hadi fekk aldri resolusjonen som opna for at andre land kunne gi militær støtte til regimet i Jemen, slik han hadde håpa. Tryggingsrådet vedtok i staden for eit presidentutsegn, der dei gjorde det klart at dei følgde situasjonen nøye.

Og dermed er det grunn til å tru at også Tryggingsrådet får med seg dagens nyheiter om at Houthi-militsen har vore i nye harde kampar utanfor Aden der president Hadi no finn seg.

Vitne som nyheitsbyrået Reuters har vore i kontakt med seier at militsen no har kontroll over flybasen som ligg rundt seks mil utanfor Aden.

Iran og Saudi-Arabia er ute etter regional makt

Mange er no uroa for at konflikten i Jemen kan bli ei regional konflikt. Houthi-militsen, som består av sjiamuslimar, får støtte frå Iran.

Analytikarar meiner at Iran no har sjansen til å skaffe seg meir regional makt på grunn av at USA har losna grepet i håp om å dra i land ein avtale om Irans atomprogram.

Men når det sunnidominerte Saudi-Arabia også er ute etter regional makt kan konflikten i Jemen fort bli kjelda til ei regional storkonflikt, meiner fleire ekspertar.

I førre veke gjennomførte også IS sitt første store angrep inne i Jemen, då 142 personar vart drepne i fleire sjølvmordsangrep mot fleire moskear.

Det er frykt for borgerkrig i Jemen

Situasjonen i Jemen var tema i Urix tysdag 24. mars. Få ei oppdatering på kva som skjer i Jemen, og høyr kva frilansjournalist Raymond Lidal, som er busett i Jemen, seier om situasjonen i landet.

Jemen

SISTE NYTT

Siste nytt