Hopp til innhold

USAs presidentar og Midtausten

Amerikanske presidentar synest alle å ha den same trua når dei tiltrer. At dei skal lykkast der andre før har feila. At akkurat dei skal greie å skape ein varig fred mellom Israel og dei arabiske naboane.

Jimmy Carter, Anwar Sadat og Menachem Begin etter Camp David-avtalen

HANDTRYKK 1: Jimmy Carter var den fyrste amerikanske presidenten som fekk arabarar og israelarar til å ta kvarandre i hendene.

Foto: BOB DAUGHERTY / AP

Kommentar: Gunnar Myklebust
Foto: NRK

Men forsøka endar tilsynelatende alltid opp utan resultat og med meir konflikt.

Truman og Eisehower

Sidan staten Israel blei danna for over 60 år sidan har vennskapen med USA variert frå det kraftig spente til det umåteleg varme.

Noe av det siste president Franklin D Roosevelt gjorde før han døde i 1945, var å forsikre Saudi-Arabia om at USA ikkje ville ta noen avgjørande beslutning om Palestina utan å konsultere dei arabiske vennane sine.

Men i løpet av kort tid var Harry S. Truman blitt president og verden hadde fått kunnskap om den nazistiske jødeutryddinga.

Truman gjekk sterkt inn for ein jødisk stat som kompensasjon for overgrepa. Han gjorde det i strid med alle rådgivarane - som var opptatt av verknadene det ville ha på USAs forhold til arabarstatane.

Det synet fekk ny vekt da Dwight D. Eisenhower blei president i 1953. Han var realpolitikar og ganske usentimental overfor den jødiske staten.

Dwight D. Eisenhower ble valgt til president i 1952.

Dwight D. Eisenhower køyrde ei hard linje - mot Israel.

Foto: ARKIV / Scanpix

Han skal ha gitt Israel beskjed om at det ville bli behandla nøyaktig som om det ikkje fantest ein jøde i USA.

Med andre ord: Ingen lobby skulle kunne presse han.

Derfor fordømte han Israels angrep på Egypt i 1956 og tvinga Israel til å trekke seg tilbake frå Sinaihalvøya etter Suezkrigen.

Forholdet til Israel har knapt vore kaldare etter andre verdskrigen enn under Eisenhower.

Og Yassir Arafat skal ein gong ha sagt at han stadig drømte om ein ny amerikansk president som ville opptre som Eisenhower og tvinge Israel ut av Vestbreidda og Golanhøgdene.

Kennedy, Johnson og Nixon

Men det snudde på 60-talet igjen. Da blei forholdet til Israel det sentrale i USA sin midtsaustenpolitikk.

John F. Kennedy, Robert McNamara, Lyndon B. Johnson

Forsvarsministar Robert McNamara leide et nært militærsamarbeid med Israel på vegne av John F. Kennedy og Lyndon B. Johnson

Foto: HENRY BURROUGHS / AP

John F. Kennedy forsynte Israel med rakettar som ingen NATO-alliert kunne håpe på. Og han starta i praksis den enorme militærhjelpa som Israel sidan har nytt godt av.

Både for Kennedy og Lyndon B. Johnson var rivaliseringa med Sovjetunionen i området overordna.

Og dei amerikanske regjeringane var for eksempel påfallande passive i forhold til Israels ambisjon om å bli ei atommakt.

Richard Nixon blei også ein solid Israel-venn og redda i praksis landet i 1973.

Under oktoberkrigen det året fekk Israel amerikansk militær nødhjelp verdt over to milliardar dollar.

Video Seksdagers krigen

Seksdagerskrigen blei eit vanskille, både for Israels nabostatar og USA.

Rett nok etter at Sovjetunionen hadde begynt å sende våpen til Syria og Egypt. Men den amerikanske aktiviteten utløyste ein OPEC-boikott som gjorde stor skade på økonomien ikkje bare i USA, men heile den vestlege verden.

Det var da senator William Fulbright sa at israelarane kontrollerer den amerikanske kongressen.

Men Nixon begynte også å legge sterkt press på Israel den siste tida før han måtte trekke seg pga Watergate.

Ford og Carter

Og forholdet mellom USA og Israel var klart kjølegare midt på 70-talet i overgangen frå Nixon til Carter da Gerald Ford i ein kort periode sat i Det kvite hus.

I ettertid er Jimmy Carter kanskje blitt ein av dei sterkaste kritikarane av Israels politikk overfor palestinarane, som han har samanlikna med apartheid i Sør-Afrika.

Men Carter var samtidig den første presidenten som halte i land ein fredsavtale i Midtausten.

Video MIDTØSTEN-SAMME-310310-WW_MXF_Innboks.MP4

Camp David-avtalen var revolusjonerande da den blei inngått.

Den første Camp David-avtalen var både ein bilateral avtale mellom Israel og Egypt, og eit rammeverk for nye forhandlingar for å få til eit sjølvstyre for palestinarane på Vestbreidda og i Gaza.

Eit ganske rommeleg og uforpliktande rammeverk, kan vi vel slutte i dag.

Reagan og Bush I

Ronald Reagan var ein veldig frittalande kritikar mot Israel, men blir likevel hugsa som den kanskje mest pro-israelske presidenten i Washington. Israel var klart på Reagans side når han snakka om det gode i kampen mot det onde imperiet.

Ronald Reagan og Menachem Begin

Ronald Reagan og Menachem Begin i Det kvite hus i 1982.

Foto: HO / REUTERS

Reagan utvikla forsvarssamarbeidet med Israel og starta dei store pengeoverføringane.

Han støtta også det israelske synet at Jerusalem ikkje skulle delast, og meinte at ingen kunne vente at Israel skulle trekke seg tilbake til grensene frå 1967.

Med George H.W. Bush (pappa Bush) foretok USA igjen ei lett kursendring.

Han avviste presset frå Israel-lobbyen i USA for å gi Israel lånegarantiar til nybygging i dei okkuperte palestinske områda. Bush ønskte å svekke den konservative Likud-regjeringa i Israel og medverka til å få Arbeidarpartiet tilbake til makta.

Bush sette i gang ein fredsprosess rundt det palestinske spørsmålet og la til rette for Madridkonferansen i 1991.

Clinton og Bush II

Bill Clinton fekk Oslo-prosessen nærast servert på fat da han blei president.

Sjølv om den amerikanske rolla i forhandlingane hadde vore beskjeden, var det Clinton som tok regien og fekk Yitshak Rabin og Yassir Arafat til å ta kvarandre i hendene utanfor Det kvite hus i 1993.

Bill Clinton, Yitzhak Rabin og Yasir Arafat

HANDTRYKK 2: Bill Clinton var den som fekk arabarar og israelarar til å gi kvarandre i handa.

Foto: RON EDMONDS / AP

Seinare inivterte han Ehud Barak og Yassir Arafat til presidenthytta Camp David og fekk den israelske statsministeren til å strekke seg langt for å få til ein fredsavtale, utan at den palestinske leiaren syntest det var langt nok.

Eit nederlag for Clinton så bittert at han karakteriserte seg sjølv som ein fiasko som president og ga Arafat skylda for det.

George W. Bush viste lite interesse for den palestinsk-israelske konflikten før han gjorde eit halvhjarta forsøk på å gå inn i konflikten det siste av dei åtte åra han sat i Det kvite hus.

Mange såg det som eit desperat forsøk av tidenes mest upopulære president på å skaffe seg eit ettermæle, og innsatsen står som ein parentes i historien.

Dollarane rullar

Støtten til Israel er nokså eineståande i USAs utanrikspolitikk. Det ligg ikkje klare strategiske interesser bak politikken, som har kosta USA dyrt i stort sett alle andre land i Midtausten.

Resultatet, vil mange seie, er at USAs eigen tryggleik og tryggleiken til europeiske allierte er blitt truga fordi USA vil beskytte Israel.

Video Tilbakeblikk Israel

Frå arkivet: Oppsummering av Midtausten-konflikta.

USA har for til dømes i Tryggingsrådet i FN lagt ned veto mot eit 30-tal resolusjonar med kritikk mot Israel. Mye av forklaringa ligg innanriks.

Det religiøse utgangspunktet for staten Israel har breiare gjenklang i USA enn i kanskje noe anna land, og speglar den amerikanske politikken overfor Israel - klart forsterka av ein mektig og aktiv lobby i det jødiske miljøet i USA.

Det har gitt seg utslag i den militære og økonomiske hjelpa som Israel har mottatt frå USA i snart 50 år og som ingen andre land kan måle seg med. Den totale summen begynner å nærme seg 1000 milliardar kroner.

I dag går ein femdel av den amerikanske utanlandshjelpa til Israel aleine, nesten 20 milliardar kroner i året. Og mottakaren er altså eit avansert industriland.

Det er ikkje bare storleiken som skil hjelpa til Israel frå hjelpa til andre land. Mens andre mottakarar får pengestøtte i porsjonar gjennom heile året, mottar Israel alt på ein gong ved årets begynnelse.

Andre land som får militærhjelp, må bruke alt på innkjøp i USA. Israel kan bruke 25 prosent på sin eigen forsvarsindustri og treng ikkje gjøre greie for korleis pengane blir brukt. I teorien kan altså USAs pengar ende opp i aktivitetar som USA er imot, som nybygging på okkupert område.

Det er også ei vanleg oppfatning at Israel får amerikansk etterretningsmateriale som USAs allierte i NATO ikkje har tilgang til.

Palestinarane som eige folk

USA har ofte fanga merksemda utan å ha vore den sentrale aktøren i fredsforhandlingane for Midtausten - Osloprosessen er eitt døme, fredsavtalen mellom Egypt og Israel eit anna.

Når det er sagt, bør vi også gi USA ære der det er fortent: I arbeidet med å få Israel til å godta at palestinarane har rettar.

Så seint som på begynnelsen av 90-talet under statsminister Yitshak Shamir eksisterte palestinarane knapt som eit eige folk i styremaktenes auge, og snakk om ein palestinsk stat var det i alle fall ikkje.

Ved utgangen av det same tiåret hadde Likud-leiaren Ariel Sharon tatt tanken om ein slik stat inn over seg som uunngåeleg.

Og statsminister Ehud Barak sa at det ikkje bare var tenkeleg og akseptabel, men også i Israels eiga interesse.

Det var eit stort sprang i løpet av få år. Og der står saka - som det er Barack Obama si tur å stri med.

SISTE NYTT

Siste nytt