Hopp til innhold

USA kan ha teke med bin Laden-son

Dei amerikanske spesialsoldatane kan ha teke med seg ein levande person, moglegvis ein av sønene til Osama bin Laden, etter angrepet der terrorleiaren vart drepen.

Video Animasjon av angrepet på bin Laden

VIDEO: Slik kan angrepet på Osama bin Laden ha skjedd.

Pakistansk politimann med skrapmetall som vart funne utanfor huset.

Ein pakistansk politimann med skrapmetall som vart funne inne på området til bin Laden-huset i Abottabad.

Foto: Anjum Naveed / Ap

- Slektningane til Osama bin Laden, som var i huset der han vart drepen 1. mai, er tekne hand om av pakistanske styresmakter, seier ein pakistansk talsmann.

Samstundes vedgår Pakistan at det faktum at bin Laden har budd så lenge i Pakistan, er ein tabbe av etterretningstenesta .

Kan vere sonen

Det var 17 eller 18 personar inne i huset til bin Laden i den pakistanske byen Abottabad då angrepet fann stad. Den britiske kringkastaren BBC melder at dei amerikanske spesialsoldatane tok med seg ein person som var i live. Dette var truleg ein av sønene til terrorleiaren. Kjelda til opplysningane er pakistansk etterretning.

Opplysningane er ikkje stadfesta av amerikanske styresmakter.

Dei som overlevde angrepet var ei av konene hans, ei dotter og åtte eller ni andre born. Det er uklart kva slektskap desse har til bin Laden. Alle desse får no medisinsk behandling ved pakistanske sjukehus.

Ei av døtrene til Osama bin Laden, ho er 12 eller 13 år, skal ha vore augevitne til at faren vart drepen. Ei av konene til Osama bin Laden, ei kvinne frå Jemen, seier at ho og borna hadde flytta til dette huset for under eit halvt år sidan.

Folk har samla seg utanfor huset der Osama bin Laden vart drepen.

Mange nysgjerrige samla seg utanfor huset til Osama bin Laden i Abottabad i dag.

Foto: AAMIR QURESHI / Afp

Ville ta med overlevande

Ein pakistansk tenestemann seier til BBC at amerikanarane ville ta med seg alle dei overlevande etter angrepet, men at dei måtte droppe dette då eitt av helikoptra deira havarerte.

Dermed vart familiemedlemene overlatne til pakistanske styresmakter.

Osama bin Laden oktober 2004

Osama bin Laden vart drepen av amerikanske spesialsoldatar 1. mai.

Foto: AP

Kjelder i amerikansk etterretning seier til CNN at spesialsoldatane frå Navy Seals tok med seg ein god del teknisk utstyr og dokument frå huset. Det er snakk om minst 10 eksterne harddiskar, fem datamaskinar og over 100 lagringseiningar med blant anna diskar og DVD-plater.

LES OGSÅ: Hvem visste hva når i Pakistan?

Planar og strategiar

Håper er at desse funna skal gjere det mogleg for CIA å skaffe seg eit bilete av Al Qaida-nettverket sine planar og strategiar.

- Vi har starta gjennomgangen av materialet, seier antiterrorrådgjevar ved Det kvite hus, John Brennan, til CNN.

Rundt 15 spesialsoldatar frå Navy Seals deltok i operasjonen mot huset til Osama bin Laden. Også ein av sønene til terrorleiaren og to andre personar vart drepne i angrepet, ved sidan av ei kvinne som skal ha fungert som menneskeleg skjold.

LES OGSÅ: Jubel og skuffelse i Abbottabad

LES OGSÅ: Media holdes borte fra bin Ladens eiendom

SISTE NYTT

Siste nytt