Hopp til innhold

– USA kan drepe sine eigne borgarar med dronar

USA kan drepe sine eigne borgarar med dronar, har Obama-administrasjonen slått fast. – Eg er meir enn skremt, seier ein republikansk senator.

Drone, Rand Paul

Justisministeren i USA, Eric Holder, har no slått fast at det i ekstraordinære tilfelle er mogleg for Obama å beodre drap på sine eigne statsborgarar.

Foto: AP Photo/Anthony Jeuland/ECPAD/Jacquelyn Martin

«Det er mogleg å sjå for seg eit ekstraordinært tilfelle der det vil vere naudsynt og passande under det amerikanske lovverket å la militæret bruke dødeleg makt innanfor USA sine grenser.»

Dei oppsiktsvekkjande opplysningane kjem fram i eit brev sendt av USA sin justisminister, Eric Holder. Brevet var adressert til den republikanske senatoren Rand Paul, som spurte justisdepartementet om Barack Obama har autoritet til å kommandere eit angrep på ein amerikansk borgar i USA.

Justisministeren understrekar at dette er ei hypotetisk problemstilling, men det er like fullt første gong i amerikansk historie at ei regjering har slått fast at dei har autoritet til å kommandere drap på sine eigne statsborgarar.

– Meir enn skremmande

Rand Paul

Den republikanske senatoren Rand Paul seier han er meir enn skremt over svaret han har fått frå Obama-administrasjonen.

Foto: JOHN SOMMERS II / Reuters

Bakgrunnen for spørsmålet var at senator Paul nekta å godkjenne nominasjonen av den nye CIA-sjefen grunna hemmeleghald av USA sitt droneangrep. Den republikanske senatoren reagerer svært sterkt på svaret han fekk frå Obama-administrasjonen.

– At Holder ikkje vil utelukke droneangrep på amerikanske statsborgarar er meir enn skremmande – det er ein direkte fornærming mot Grunnlova som slår klart fast at alle amerikanarar har rett til ein rettsprosess.

Den framtidige CIA-direktøren, John Brennan, forsvarte bruken av dronar då han vart grilla i Kongressen for ein månad sidan. Han vert rekna som arkitekten bak droneprogrammet, som har teke livet av amerikanske statsborgarar i utlandet.

Det er uklart kor mange sivile som er råka, men New York Times meiner å ha tal som viser at 80 uskuldige sivile er blant dei 400 som er drepne i Jemen. Til saman er over 3.000 menneske drepne av dronar i Obama sin første periode.

John Peder Egenæs

John Peder Egenæs i Amnesty er sterkt kritisk til utviklinga i USA.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Generalsekretær i Amnesty International i Norge, John Peder Egenæs, er også av dei som er bekymra for utviklinga i USA.

– Dette er ekstremt bekymringsverdig. Det viser jo kor grenselaust droneprogrammet til USA allereie er, og frykta for at det kan gå enno vidare, seier Egenæs til NRK.no.

– Dei kan gjere akkurat som dei vil

Han meiner det ikkje betyr noko at Holder seier det er ei hypotetisk problemstilling, og at det berre skal bli gjort i ekstreme tilfelle.

– Ekstreme tilfelle som ikkje er nøye definert i eit lovverk vert berre utvida og utvida så lenge makthavarane finn seg tent med det. Så lenge det ikkje er noko definisjon så er det fritt opp til sitjande regjering å bestemme kva det er. Derfor er det ingen trygging at han tek slike atthald.

– Det betyr eigentleg «me gjer det me vil når me finn det naudsynt», seier Egenæs.

Barack Obama har tidlegare signert ei kontroversiell lov som gjer at amerikanarar kan bli sett i fengsel av militæret på ubestemt tid, utan høve til rettssak. Men at dei også tolkar lova til å omfatte drap på eigne borgarar, er altså nye opplysningar.

Om ikkje dette skulle vere nok, så er Obama også den første presidenten i historia som har beordra drap på ein amerikansk statsborgar i utlandet. I 2011 godkjente han nemleg avrettinga av den amerikanskfødde Al Qaida-leiaren Anwar al Awlaki i Jemen.

Under likvideringa skal også al-Awlaki sin 16 år gamle son, som hadde amerikansk statsborgarskap, ha blitt drepen.

SISTE NYTT

Siste nytt