Det er ei regjeringskjelde i Berlin som seier dette til nyheitsbyrået Reuters. Dette skjer samstundes med aukande spekulasjonar om eit angrep på Irak kan kome i løpet av januar.
Førespurnad
Amerikanske styresmakter skal ha sendt ein uformell førespurnad om hjelp frå tyske soldatar til å vakte brakker og andre militære installasjonar, i tillegg til å sikre transportruter for amerikanske soldatar.
USAs forsvarsminister Donald Rumsfeld ber om tysk hjelp til å vakte amerikanske basar i Tyskland. (Foto: William Philpott, Reuters)
Den amerikanske ambassaden i Berlin og den amerikanske overkommandoen i Stuttgart i Tyskland vil ikkje kommentere meldinga.
Ein talsmann for det tyske forsvarsdepartementet seier i ein kommentar at forbundskanslar Gerhard Schröder alt har sagt ja til å hjelpe til med vakthaldet rundt amerikanske basar i landet. Han sa likevel at størrelsen på den tyske innsatsen og detaljane i oppdraget er til vurdering. Tyskland vil ikkje gi eit endeleg svar til USA før i byrjinga av januar, seier talsmannen.
USA har i dag 71.000 soldatar i Tyskland, dei fleste frå hæren og luftstyrkane.
Tyskland har gått sterkt imot ein eventuell krig mot Irak, men landet vil ikkje nekte USA å bruke tysk luftrom eller til å bruke basane sine i Tyskland som transitt for soldatar og utstyr.
Klar til krig
Samstundes ba statsministeren i Storbritannia, Tony Blair, britiske soldatar om å førebu seg på krig. Han minte likevel om at FN sine våpeninspektørar framleis ikkje har prova at Irak har brote Tryggingsrådet sin resolusjon 1441.
I ein julebodskap til dei væpna styrkane i Storbritannia ba Blair om orsaking for at det ikkje er teke ei endeleg avgjerd om å bruke militær makt mot Irak eller ikkje.
- Det viktigaste no er å gjere alle dei naudsynte førebuingane, og forsikre oss om at vi har bygd opp kapasiteten i regionen, både den amerikanske og vår eigen, og at vi er i stand til å gjennomføre oppdraget om det blir aktuelt, sa Blair.
Han understreka at situasjonen i Irak vil bli drøfta i Tryggingsrådet på nytt dersom det blir klart at Saddam Hussein ikkje vil samarbeide.