Hopp til innhold

Ureint vatn gjorde Lillian til enke

Zambia har vore gjennom tidenes verste kolerautbrot. No er frykta at klimaendringar kan gjere kolera vanlegare.

– Dei sa at han hadde blitt sjuk og frakta til sjukehus.

36 år gamle Lillian Phiri sit på ein krakk i familiens vesle leilegheit. Rundt beina hennar leikar minstemann på fire med ein sprettball.

Det er ikkje lenge sidan han sist spurte etter far sin. Lillian slit med å forstå at pappaen er borte, og for borna er det endå meir uforståeleg at pappa aldri meir skal kome heim.

– Han var ein roleg mann som aldri var valdeleg. Eg høyrde aldri nokon fortelje at han gjorde andre vondt, seier Lillian før ho stanser opp og kjenner at tårene blir for vanskelege å halde tilbake.

Ho har lagt hovudet i hendene og lar tårene renne ei lita stund, før ho tørkar dei bort og vil fortsette å fortelje om mannen.

Men også om korleis ho kjenner ansvaret tynge. Fire barn, men ingen jobb. No startar ho kvar dag med å forlate barna heime med naboane, for ho må finne seg ei inntekt.

Telefonsamtalen ho fortel om kom heilt ut av det blå ein vanleg dag i februar. Kollegaene til mannen sa at han var blitt akutt sjuk. Ho trudde dei tulla, slik dei ofte gjer.

Alt var greitt då han reiste til jobben som bussjåfør om morgonen, men plutseleg fekk han magetrøbbel.

No slit ho med å forstå kva som skjedde.

Zambia er eit land med stor forskjell på fattig og rik, noko som også gjer store utslag i hygieniske forhold. Tilgang på ein do og reint vatn er ikkje noko ein kan ta for gitt i Zambia, og det er difor landet hamnar i koleratrøbbel.

Samtidig opplever landet stadig meir ekstremvêr, mellom anna fordi kraftige syklonar kjem inn frå Det indiske hav og langt inn på det afrikanske kontinent der Zambia ligg.

Det kan vere ein dødeleg kombinasjon med for mykje regn, og for få toalett.

Lillian Phiri og yngstesonen utanfor huset

Lillian Phiri er åleine igjen med borna. Her med yngstesonen som stadig spør etter far sin.

Foto: Luke Dray / NRK

Forsøkte å finne mannen igjen

Lillian veit ikkje akkurat korleis mannen fekk kolera. Ho visste ikkje ei gong at det var eit kolerautbrot på gong i Zambia før mannen vart sjuk.

Etter at ho fekk telefonen frå mannens kollegaer reiste ho til den svære stadion i Lusakas hovudstad. Det var her dei kolerasmitta vart frakta, og ho hadde fått beskjed om at mannen låg her. Meir enn det visste ho ikkje.

Lillian vart ståande utanfor stadion i dagevis, medan sengene på innsida vart fylt opp av kolerasjuke zambiarar.

Når Lillian spurte om informasjon bad korrupte vakter om pengar i bytte mot informasjon. Men ho hadde ikkje pengar. Frustrasjonen vaks, og saman med andre klaga ho då helseministeren kom for å besøke senteret.

– Ministeren sa at me skulle få komme inn, og det var slik eg fekk tilgang og kunne starte å leite etter han. Eg sjekka alle dei 12 sjukestovene, og dei tok meg til og med til rommet kor alle dei døde låg. Dei viste fram lik etter lik, men eg fant han ikkje.

Ser samanheng med klimaendringar

– Mange av dei som blir ramma klarer knapt å kome seg på beina før neste krise slår inn. Mange vart hardt råka av syklonen Freddy, no kjem dette store utbrotet, og samtidig vert det sendt ut varsel om ei omfattande tørke me står midt oppi, seier Yankho Mataya, som er landssjef i Zambia for organisasjonen Water Aid.

Yankho Mataya

Yankho Mataya, landssjef i Water Aid Zambia.

Foto: Luke Dray / NRK

Organisasjonen har lenge snakka om årsaka til kolera, nemleg forureina drikkevatn - men også fluger og insekt som fraktar smitta frå vatn til matvarer.

Ho peikar til noko fleire har meint: At Zambias siste kolerabølgje er eit døme på korleis klimaendringar kan påverke folkehelsa.

– Det er heilt klart ein samanheng mellom kolera og endringar me ser i klima, seier Mataya, og seier dermed det same som helsetopp i den afrikanske union, Jean Kaseya, tidlegare har sagt til Time Magazine.

Gravsteinar i solnedgang.

Dei som døde av kolera har fått ein eigen gravplass, og for å unngå smitte var det strenge reglar ved gravlegginga. Berre to familiemedlem fekk vere med, av og til ingen.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Sjølv om Zambia akkurat no slit med tørke, så har landet også vore utsett for fleire tilfelle av ekstrem nedbør dei siste åra. Det er målt høgare temperaturar i Det indiske hav som bidrar til at årlege regnperiodar har meir ekstreme utslag enn vanleg.

Kraftig nedbør kan skape jordskred og overfløymingar. Og store mengder regnvatn kan føre til forureining av drikkevatn når det fell over bydelar der det manglar gode kloakksystem og trygge drikkevasskjelder.

Det var dette som skjedde før kolerautbrotet starta i fjor. Og utbrotet starta i ein av Lusakas fattigaste bydelar.

Presidenten vil ta ansvar, men skuldar også på andre

Zambia har utarbeida planar for å betre tilgangen på reint vatn, men det er framleis store manglar i arbeidet. Kaseya trur årets kolerautbrot kan ha vore ein vekkar for politikarane.

Då president Hakainde Hichilema besøkte stadion der kolerapasientane vart lagd inn, lova han at styresmaktene skal «svelge nokre kamelar» og sørge for å utrydde vannborne sjukdommar ei gong for alle.

r4IpfYjZAng

Hakainde Hichilema, president i Zambia, meiner for mange flyttar inn til byane utan ein plan for kva dei skal gjere der.

Foto: AP

Han gjekk ikkje i detalj i kva tiltak som kan vere aktuelle å gjennomføre.

Samtidig skulda han også på folk som flytta inn til byane utan ein klar plan, og han meiner det bidreg til utfordringar for byplanlegging og dårleg utvikling av infrastruktur.

– Det er masse fin jordbruksland på landsbygda, der det også er reint vatn. Me kan bygge fine hus på bygda, kor det ikkje er forureina, sa presidenten, som ifølge BBC sa at det er mange unge som flytter inn til byen «for å henge og gjere ingenting», i staden for å jobbe i jordbruket.

Det er vanleg i dei fleste afrikanske land at mange flyttar inn til byane for å leite etter jobbar som gjev betre løn enn kva ein får i jordbruket.

– Klarer ikkje å tru det

Det skulle ta nesten to veker før Lillian fekk svar. Mannen var død, og han hadde døydd berre eit døgn etter at han vart sjuk.

– Kvifor sa dei ikkje noko? Me stod jo rett utanfor då han døde, spør enka på 36 år.

Lillian Phiri og yngstesonen utanfor huset

Lillian Phiri er åleine igjen med borna. Her med yngstesonen som stadig spør etter far sin.

Foto: Luke Dray / NRK

Det var kaotisk i midten av januar, då kolerautbrotet var på sin topp i Zambia. Over 19.000 vart registrert smitta. Rundt 680 er registrert døde. Dei fleste som fekk hjelp overlevde, men mørketala kan vere store.

Lillian Phiri veit ikkje kor grava til ektemannen er. Ho slit med å forstå kva som eigentleg har skjedd.

– Eg klarer ikkje å tru det, for eg såg han aldri død. Eg har det ikkje greitt. Eg klarer ikkje sovne, eg et nesten ikkje, eg berre tenker på han fordi eg veit ikkje kor han er, seier Phiri.

Familien og naboane frykta at fleire skulle bli sjuke og døy, men det var berre ektemannen til Phiri som vart sjuk av kolera. Sannsynlegvis medan han var på jobb.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.