Hopp til innhold

UNRWA: – Me snakkar no om verkeleg svolt på Gazastripa

Over 100 dagar med krig i Gaza har ført til svolt for fleire titusen. FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar fryktar også at smittsame sjukdomar skal spreie seg.

Krigen i Gaza har vart i 100 dager. Flere titusen sulter, melder UNRWA.

Det er mange tomme mager å metta i Gaza no.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Det kjem inn om lag 60 lastebilar med naudhjelp til Gaza dagleg, men det er langt frå nok.

– Det er ein drope i havet, seier Adnan Abu Hasna til NRK.

Han er pressetalsmann for FNs hjelpeorganisasjon for flyktningar, UNRWA.

– Me snakkar no om verkeleg svolt på Gazastripa seier Hasna, som blir intervjua av NRKs team i Gaza.

Han fortel at fleire titusen svoltne menneske går rundt i gatene og ber om mat.

Frivillige førebur suppe til flyktningane

Frivillige førebur suppe til flyktningane.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

– Vil berre ete

Frivillige koker suppe på bønner, ris og gulrøter, og deler ut til svoltne flyktningar.

Ei av kvinnene i køen held fram ei kasserolle med tynn, ljos suppe, som ho har fått.

– Me er ein storfamilie på 20 personar og dette får vi kvar dag, seier Um Iad Bakir.

Um Iad Bakir står i kø for å få mat til familien i Khan Younis.

Um Iad Bakir fortel at ingen i hennar familie på tjue personar har arbeid. Dei har ikkje pengar til å handla mat for, om dei skulle finna nokon som sel.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Ho fortel at dei bur på ein skule som er gjort om til ein leir for flyktningar.

– Hadde det ikkje vore for dette, hadde vi svelta, seier ho.

Alle i familien er arbeidsledige. Dei har ingen pengar til å kjøpe mat for.
– Når eg kjem til resten av familien med denne kjelen, vil dei berre ete. Dei blir veldig glade for det, seier ho.

Flyktningar står i kø for å få mat

Flyktningane i Gaza står i kø for å få mat.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Provisoriske leirar

Om lag 2 millionar palestinarar er på flukt i Gaza.

Halvannan million av dei bur i provisoriske leirar som FN har sett opp.

– Det er ein katastrofe som går føre seg i Gaza, og fordi vi ikkje har plass til alle, søv folk på gata eller i bilane sine, seier Hasna.

Mohammed Al Qadrah er frivillig kokk

Mohammed Al Qadrah er flyktning og frivillig kokk. Han er med på å fordela naudhjelpa som kjem til Gaza.

Foto: Mohammed Al Qadrah / NRK

Han fortel at dei no verkeleg er redde for at sjukdommen kolera skal spreia seg blant flyktningane.

– For kvar dag som går blir situasjonen verre, seier generalsekretær i Røde Kors Noreg, Anne Bergh, i ei pressemelding.

Ho skriv at det er enormt krevjande å oppretthalda eit helsetilbod.

– Medisinar og naudhjelp blir brukte opp i eit langt raskare tempo enn nye forsyningar kjem inn, skriv Bergh.

Barn har med seg tomme blikkboksar dei skal få mat oppi

Barn har med seg tomme hermetikkboksar til å ha mat i.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

Deler ut

Barna har med seg kar og tomme hermetikkboksar som dei får varm suppe oppi.

– Alt me får inn, førebur me og deler ut til folk, fortel Mohammed Al Qudra.

Han er også flyktning, men bruker no dagane som frivillig kokk i Khan Younis sør på Gazastripa.

Fleire hundre svoltne står i kø og ventar frå tidleg om morgonen.

Når dagen er slutt får også Al Qudra med seg eit spann.

– Eg får ei skål mat, som alle andre. Etter jobb tar eg det med heim til familien og barna mine.

Flyktninger i Gaza står i kø for mat

– Det er ein drope i havet, seier Adnan Abu Hasna frå UNWRA, om naudhjelpa som kjem inn til Gaza.

Foto: Jebril Abu Kmeil / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt