Hopp til innhold

– Ingen atomvåpen-slutt i sikte

35 år etter at total eliminering av atomvåpen blei eit prioritert mål for FN, finst det framleis ingen internasjonale konvensjonar som forbyr slike våpen.

Atomvåpen på den røde plass

Russland og USA står til saman for rundt 93 prosent av verda sitt atomarsenal. Her viser russiske styresmakter fram atomvåpen på Den raude plassen i Moskva under ein parade i 2008.

Foto: ARTYOM KOROTAYEV / AFP

I dag markerer FN og verda for første gong Den internasjonale dagen for total avskaffing av atomvåpen.

FN sette fullstendig slutt på atomvåpen som eit prioritert mål i 1978. I 2014 har framleis ni land slike våpen, og ingen veit om eller kva tid kjernefysiske våpen får siste spikaren i kista.

– Det hastar å fortgang i den diplomatiske prosessen fram mot eit forbod, meiner leiaren i Nei til Atomvåpen (NTA), Anne Gerd Grimsby Haarr.

– Umogleg å setja dato

Hittil i år har ingen atomvåpen blitt destruerte. Det er heller ingen nedrustings-avtalar i gjære, ifølgje FN.

Den viktigaste eksisterande avtalen om atomnedrusting er Ikkjespreiingsavtalen (NPT) frå 1968 som forpliktar statar med kjernevåpen til å kvitta seg med desse på sikt og hindrar spreiing av kjernevåpenteknologi til nye statar.

– Problemet med Ikkjespreiingsavtalen er at den manglar tidfesting av det endelege målet om full nedrusting, fortel kjernefysikar og forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) Steinar Høibråten til NRK.

Atomvåpen-avvikling er eit innfløkt felt. Å få til ein nedvæpningsavtale med ei tidsramme er nærmast umogleg, meiner Høibråten som jobbar med nedrusting av kjernevåpen og atomubåtar.

– Men det er uansett viktig å ha ein visjon om at jo før, jo betre, seier han.

Atomvåpen i verda (per 2014)

Land

Arsenal

Russland

8000

USA

7300

Frankrike

300

Kina

250

Storbritannia

225

Pakistan

100-120

India

90-110

Israel

80

Nord-Korea

6-8

Totalt

16.300

Kjelde: SIPRI

Ekspander/minimer faktaboks

Ni av ti atomvåpen høyrer til USA og Russland

Det eksisterer per i dag om lag 16.300 atomvåpen på jorda fordelt på ni land (USA, Russland, Storbritannia, Frankrike, Kina, India, Pakistan, Israel og Nord-Korea), ifølgje det svenske fredsforskingsinstituttet SIPRI.

USA og Russland har desidert flest kjernevåpen, og kontrollerer til saman heile 93 prosent av verda sitt atomarsenal.

FFI-forskar Høibråten meiner likevel at me har kome langt sidan verda stod på randa av ein tredje verdskrig under den såkalla Cuba-krisa mellom supermaktene USA og Russland i 1962.

– Det er oppnådd svært mykje dersom me samanliknar dagens situasjon med tilhøva under den kalde krigen. Talet på atomvåpen var oppe i 70.000 og er dermed redusert dramatisk sidan den gong. Det internasjonale samfunnet har teke mange små skritt i riktig retning, men me har framleis langt igjen til ei verd fri for kjernevåpen, seier forskaren.

Laster Twitter-innhold

Moderniserer

Kjernefysikar og forskar ved FFI Steinar Høibråten

Kjernefysikar og forskar ved FFI Steinar Høibråten.

Foto: FFI

Talet på atomvåpen i verda er søkkande, men arsenala blir samstundes meir moderne og avanserte. Russland og USA brukar store pengesummar på å rusta opp sine atomvåpen.

USA skal bruka 2000 milliardar kroner på å oppgradera og halda ved like sine atomvåpen det kommande tiåret, blant anna ved å investera i nye ubåtar og utvikla nye langtrekkjande rakettar og bombefly.

Russland skal også utvikla nye ubåtar og oppgradera sine ballistiske rakettar. India og Pakistan utviklar kontinuerleg nye våpensystem til bruk i sitt atomarsenal, og det rår frykt om at Iran er i ferd med å utvikla atomvåpen.

Det er likevel få som er redde for eit nytt atomkappløp.

Gjennom «New Start-avtalen» frå 2011 har begge partane vist gjensidig velvilje og forplikta seg til å kvitta seg med ei bestemt mengd atomvåpen. Dei gjennomfører gjensidige inspeksjonar av kvarandre sine anlegg for å overtyda motparten om at dei held ord.

– USA og Russland er langt meir opne mot kvarandre under New Start-avtalen enn nokosinne tidlegare. Men dei har begge så mange kjernevåpen at den strategiske situasjonen i verda blir verande uforandra dersom dei berre kvittar seg med litt kvar. Det er langt fram til nullvisjonen, påpeikar Høibråten ved FFI.

Demonstrasjon mot atomvåpen i Wales

NATO kjem til å ha atomvåpen som ein del av sin strategi så lenge det finst slike våpen i verda, opplyste den påtroppande NATO-sjefen Jens Stoltenberg i mars i år. Standpunktet vekkjer harme hjå atomvåpen-motkjemparane.

Foto: CYRIL VILLEMAIN / Afp

Fryktar katastrofale ulukker

Leiar Anne Gerd Grimsby Haarr i Nei til Atomvåpen (NTA)

Leiar Anne Gerd Grimsby Haarr i Nei til Atomvåpen (NTA).

Foto: Peder Østebø / NTA

Leiaren i Nei til Atomvåpen meiner FN må handla no medan det er brei internasjonal semje om eit folkerettsleg bindande forbod mot atomvåpen.

– Dette er eit tidsvindauge som fort kan lukka seg. Det kan oppstå politiske situasjonar som endrar samarbeidsklimaet, seier Haarr.

Ho poengterer at atomvåpen ikkje berre utgjer ein risiko i ei eventuell krigstid, men også i fredstid.

– Potensialet for ulukker er stort. Det har vore fleire nesten-ulukker opp gjennom historia som kunne hatt katastrofale konsekvensar.

I desember i år blir den tredje internasjonale konferansen om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen skipa til i Wien i Austerrike.

SISTE NYTT

Siste nytt