Hopp til innhold

Ukrainsk banktopp mobba av sine folkevalde

Ukraina er i stor pengekrise. Då sjefen for landets sentralbank skulle tale til parlamentet i dag, vart ho mobba, og fekk ei mengde falske dollar i fanget.

UKRAINE-CRISIS/ECONOMY-GONTAREVA Lyashko, head of the Radical Party, throws banknotes to the head of Ukraine's Central Bank Gontareva as she reports during a session of the parliament in Keiv

Ei mengde falske dollar vart kasta på sentralbanksjef i Ukraina, Valeriia Gontareva. Det vart ein oppheta finansdebatt i det ukrainske parlamentet i dag.

Foto: STRINGER / Reuters

– Me må reagere raskt. Me er midt i ein fullskala finanskrise som me berre kan kome gjennom ved bruk av bestemte handlingar, budsjettsparingar og økonomisk støtte frå donorar, sa sentralbanksjef i Ukraina, Valeriia Gontareva, framfor eit særs bråkete parlament.

Mange parlamentsmedlem var sinte for at verdien til den ukrainske hryvniaen har falt kraftig det siste året. Samanlikna med amerikanske dollar har hryvniaen gått 50 prosent ned i verdi medan krigen har rast aust i Ukraina.

– Svindlar

Fremst i dagens hylekor mot Gontareva stod Oleh Lyashko, leiar av eit av partia i regjeringskoalisjonen.

– Den svindlaren burde vore i fengsel, ropte Lyashko under eit Gontareva sine innlegg.

Partileiaren var også opp med ei mengde falske dollar, som han tømde ut på talarstolen der Gontareva stod.

Det er sentralbanken si manglande evne til å stoppe verditapet til valutaen som har fått fleire politikarar til å rase og komme med krasse skuldingar mot Gontareva.

UKRAINE-CRISIS/ECONOMY Ukraine's Finance Minister Yaresko speaks to the deputies during a session of the parliament in Keiv

Natalia Yaresko, finansminister i Ukraina, sa i dag at landet treng hjelp frå sine vener for å overleve.

Foto: VALENTYN OGIRENKO / Reuters

– Treng hjelp for å overleve

Ukrainas valutareserve har også kollapsa, og at landet no manglar 15 milliardar dollar har skapt frykt for at landet må skrive ned verdiar, og at landet kan bli kasta i ei enorm økonomisk katastrofe.

– For å overleve, så treng Ukraina økonomisk støtte frå sine vener og partnarar. Det er eit spørsmål om lån, ikkje gåver, sa ukrainas finansminister, Natalia Yaresko, under det same parlamentsmøtet i dag.

Pågåande forhandlingar med det internasjonale pengefondet, om eit lån på 17 milliardar dollar, vert overskygga av at Russland no hintar om at dei vil krevje snarleg tilbakebetaling av eit lån på tre milliardar dollar. Russland skuldar Ukraina for å ikkje følge opp dei krava som vart sette då lånet vart til.

Landet hadde også store økonomiske problem i åra før borgarkrigen i landet tok til.

SISTE NYTT

Siste nytt