Laurence Golborne dirigerer pressekorpset ved den samanraste gruva i Copiapo, Chile.
Foto: Natacha Pisarenko / Ap
Gruveminister Laurence Golborne (t.h.) og presidenten Sebastián Piñera var svært letta då kapselen som skulle frakta gruvearbeidarane opp fungerte.
Den chilenske gruveministeren Laurence Golborne har fått stjernestatus i heimlandet etter å ha koordinert ein svært vellykka redningsaksjon av dei 33 gruvearbeidarane.
– Eg er ingen helt, seier gruveministeren sjølv i eit lengre intervju med chilensk presse.
- Presidentkandidat
Han har fungert som guvernør i «Håpets Leir», teltbyen ved gruva der nærare 2000 pressefolk heldt til medan redningarbeidet gjekk føre seg. Han har døgnet rundt informert journalistar, oppmuntra dei innesperra arbeidarane, opna champagne for feirande boreoperatørar og spelt gitar ved leirbålet for pårørande.
- SJÅ OGSÅ:
Hans engasjement i redningsaksjonen har imponert det chilenske folket så mykje, at han no vert spådd til å verta ein heit kandidat til presidentvalet i 2014.
«For to månader sidan, måtte eg ha googla namnet hans (...) no er han blitt så kjend at han kunne stilt som presidentkandidat», seier redaktør i Santiago Times, Eva Solinas til avisa The Australian.
Suvenir-fjes
I suvenirbutikkar får ein kjøpt t-skjorter med trykk av mannen, som i fleire medier vert omtalt som ein karismatisk kvinnedårar. Golborne har meir enn 70000 følgjarar på Twitter . I kvinnemagasinet «Para Ti» vert han omtalt som «superstjerne-ministeren».
- LES OGSÅ:
Ifølgje ei meiningsmåling gjort rett før gruvekollapsen, visste berre 16 prosent av chilenarane kven Golborne var på det tidspunktet.
Golborne får no over 87 prosent tilslutning på popularitetsmålingar, medan den chilenske presidenten får rundt 70 prosent støtte, skriv avisa the Guardian.
Ein leiar av natur
Golborne blei utnemnd til gruveminister av president Sebastián Piñera i februar i år. Til tross for kort fartstid som politikar, har han i løpet av dei siste vekene vist at han likevel ikkje er nokon lettvektar når det kjem til styring og vanskelege avgjersler.
49-åringen er ein driven forretningsmann og har glimrande resultat å vise til frå si tid som direktør i eit stort oljeselskap. Han er utdanna sivilingeniør ved eitt av dei mest prestisjetunge universiteta i Sør-Amerika, og han skal ha vorte uteksaminert som beste student i sin klasse.
- LES OGSÅ:
Ifølgje Golborne var det ikkje presidenten som gav han ordre om å ta styringa i den daglege handteringa av redningsoperasjonen ved San Jose-gruva.
– Det har med personlegdom å gjera, trur eg. Når det kjem eit innlegg må nokon sørgja for at ballen går i mål. Eg kunne ikkje berre stå der og vente til nokon gav meg instruksar, seier Chiles nye folkehelt.