NRK Meny
Normal

Tre gruvearbeidarar utskrivne frå sjukehus

Tre av gruvearbeidarane i Chile forlét i går kveld sjukehuset. Utanfor heimane venta familie, naboar, jubel og konfetti.

Etter planen skulle dei 33 arbeidarane som blei redda ut av gruva natt til torsdag vera på sjukehus i to dagar, men doktorane har gjeve tre av dei lov til å reisa heim tidlegare, melder AFP.

Det var Edison Peña, Carlos Mamani og Juan Illanes som rundt kl. 22.00 i går kveld fekk sjekke ut frå sjukehuset i Copiapo. Dei tre var høvevis tredje-, fjerde-, og tolvtemann ut av gruva under redningsaksjonen.

– Takk for at de aldri mista håpet om at me var i live. Det var dykkar støtte som fekk oss til å halda motet oppe, sa Peña (34) til horden som hadde møtt opp for å hylle han, ifølgje den chilenske avisa La Tercera.

Smugla ut

Trioen forlét sjukehuset under sterkt skjerma forhold, godt bevokta av chilensk sikkerheitspoliti.

Utanfor venta eit stort pressekorps, og dei verdskjende gruvearbeidarane måtte nærmast smuglast ut i bilen som skulle ta dei heim til familiane sine etter å ha vore innesperra i San Jose-gruva i Copiapo i over to månadar.

Kostymeparade, religiøse prosesjonar, dans og musikk fylte i går Copiapos gater, til ære for arbeidarane. Vel framme ved husa sine blei Peña, Illanes Og Mamani mottekne som heltar av familie, naboar, gratulantar og eit internasjonalt pressekorps.

Solbrillene dei fekk i forkant av redningsaksjonen for å beskytta synet mot dagslys etter den lange tida under bakken, hadde dei framleis på seg.

Video Gruvearbeiderne får komme hjem

SE VIDEO: De første gruvearbeiderne har fått reise hjem.

– Har sett sterke spor

Edison Peña på veg inn til sjukehuset

Edison Peña fekk reisa heim til familien sin seint torsdag kveld. her er han på veg til sjukehuset etter å ha vorte redda ut av gruva onsdag.

Foto: MARIANA BAZO / Reuters

For bolivianaren Carlos Mamani var det stelt i stand grillfest og pynta med bolivianske flag.

– Eg er overvelda. Dette har sett sterke spor i livet mitt, sa 23-åringen som skal ha vorte sterkt traumatisert av gruveulukka.

Også 52-åringen Illanes var overvelda og sterkt prega då han kom fram til heimen sin.

– Dette er heilt utruleg. Det har ikkje sunke inn enda, sa 52-åringen Illanes.

Forbausande friske

Carlos Mamani utanfor huset sitt

Bolivianaren Carlos Mamani blei møtt med grillfest og bolivianske flagg som familie og vener hadde stelt i stand.

Foto: CLAUDIO SANTANA / Afp

Doktorane som har undersøkt gruvearbeidarane, har tidlegare fortalt at tilstanden til alle saman er forbausande bra til å ha vore innesperra i ein fuktig, varm og mørk tunnel over så lang tid.

Ifølgje Reuters har ein av dei fått penicillin mot lungebetennelse, medan tre andre har fått behandling for tannproblem.

Etter planen skal alle dei 30 gruvearbeidarane som framleis er på sjukehuset skrivast ut etter helsesjekk i løpet av fredagen.

Fryktar psykiske skadar

Ifølgje ekspertar er det større grunn til å uroa seg over psykososiale seinskadar.

– Ein bør vera obs på den psykologiske tilpasninga over tid, særleg etter at gleda

Juan Illanes

Sikkerheitsvaktar heldt folkemengda på avstand då Juan Illanes (52) blei eskortert heim frå sjukehuset.

Foto: MARIANA BAZO / Reuters

over å verta gjenforente med familiane har dempa seg. Dette kan ta alt i frå to dagar til nokre veker, seier John Fairbank, professor i psykiatri ved Duke Univserity Medical Center i North Carolina til Reuters.

Også sjukehusprest Luis Lopez understrekjer at dei 33 gruvearbeidarane no vil ha behov for fredelege omgjevnader.

– Dei må finne sinnsro og ta omsyn til seg sjølve, seier uttalar Lopez til nyheitsbyrået AP.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt