Hopp til innhold

Tyrkia: Det syriske regimet brukar kjemiske våpen

Statsminister i Tyrkia, Tayyip Erdogan, seier at det syriske regimet starta å avfyre rakettar med kjemiske våpen mot motstandarane sine «for lenge sidan».

Statsminister i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan.

KJEMISKE VÅPEN: Statsminister i Tyrkia, Tayyip Erdogan, meiner det syriske regimet har brukt kjemiske våpen heilt frå starten av borgarkrigen.

Foto: Ap

Erdogan seier at Tyrkia har rimelege bevis for at regimet i Damaskus har teke i bruk kjemiske våpen lenge, ifølgje eit intervju med NBC News.

– Det er klart at regimet har brukt kjemiske våpen og rakettar. Dei har brukt om lag 200 rakettar, etter det vi erfarer, seier Erdogan.

Han gjorde det ikkje klart om det var saringass han meinte regimet hadde brukt, noko opprørarane har blitt skulda for.

Den tyrkiske statsministeren seier det er stort sannsyn for at det er regjeringsstyrkane, og ikkje opprørarane som har brukt kjemiske våpen i borgarkrigen som starta 15. mars 2011.

Offer for kjemiske våpen på tyrkiske sjukehus

– Ein ser at dødsfall er forårsaka av desse rakettane. Ein ser også alvorlege brannskadar og kjemiske reaksjonar på folk, seier Erdogan på spørsmål om kva bevis Tyrkia har for dette.

– Vi har fått pasientar på sjukehusa våre som har blitt såra av slike kjemiske våpen, og ein kan sjå kven som har blitt råka av dei, held han fram.

Også Storbritannia seier det er svært sannsynleg at det er den syriske regjeringa som har teke i bruk kjemiske våpen, og ikkje opprørarane.

Eitt av medlemane i FN-kommisjonen som granskar borgarkrigen i Syria, Carla del Ponte, har tidlegare uttalt til sveitsisk media at dei hadde sterk mistanke om at opprørarane hadde brukt nervegassen sarin i krigføringa si.

Utspelet kan presse fram flyforbodssone

Den tyrkiske statsministeren støttar eit eventuelt flyforbod over det krigsherja landet.

USA har tidlegare teke til orde for å sette opp ei flyforbodssone over Syria for å hindre at det syriske regimet kan angripe opprørarar frå lufta.

Å sette opp ei flyforbodssone over Syria fordrar at USA tek til med luftangrep, og moglegvis sende amerikanske bakkestyrkar. Det er liten sjanse for at USA vil gjennomføre dette i nær framtid, ifølgje amerikanske tenestemenn.

Likevel kan Erdogan sine kommentarar om Syria sitt bruk av kjemiske våpen legge press på Washington, til å ta affære i den to år lange borgarkrigen som har kosta 70.000 menneskeliv.

Skuldar kvarandre for bruk av kjemiske våpen

Både regjeringsstyrkane og opprørarane skuldar kvarandre for å bruke kjemiske våpen.

Den tyrkiske statsministeren seier han tvilar på at opprørarane har brukt slike våpen fordi dei manglar tilgang til dei.

Ifølgje det tyrkiske nyheitsbyrået Anatolian har landet sendt åtte ekspertar til grensa mot Syria, for å undersøke såra personar og leite etter spor av kjemiske og biologiske våpen.

Vil forhandle fram fred

Statsminister i Storbritannia David Cameron har reist til Russland for å diskutere eit nytt russisk-amerikansk initiativ til ein konferanse om Syria.

Måleter å forhandle fram ein slutt på konflikten, og samarbeidet er eit teikn på at isfronten mellom Russland og USA er i ferd med å tine.

SISTE NYTT

Siste nytt