Hopp til innhold

Tyfonen «Soulik» tek liv i Taiwan

Ein person har mist livet og minst 21 er såra etter at tyfonen «Soulik» trefte Taiwan natt til laurdag.

Tyfonen Soulika har slått ned i Taiwan og oversvømmer øya med regn og kraftig vind. En har mistet livet i uværet og minst 30 er skadet. Minst 8000 er evakuert og myndighetene har varslet om jordskred.

Mange tusen er evakuerte og nesten 50.000 soldatar er i berredskap som følgje av tyfonen 'Soulik' i Taiwan.

«Soulik» slo nådelaust inn over den asiatiske øya med 23 millionar innbyggjarar klokka 21 norsk tid fredag kveld.

Tyfonen er den første i regionen dette året. Laurdag morgon var vindane oppe i 173 kilometer i timen.

Det kraftige regnet og vindane frå tyfonen har laurdag ført til jordras og flaum i sentrale og nordlege delar av Taiwan, melder store internasjonale nyheitsbyrå.

I distriktet Hsinchu nord i landet blei eit heilt bygg meidd ned av naturkreftene. Éin person er omkomen som følgje av uveret.

Fleire stader blir det rapportert om heile 700-800 millimeter nedbør. Over 8500 innbyggjarar er evakuerte frå fjellområde, og om lag 2000 turistar frå øya Green Island.

Nesten 50.000 soldatar er i beredskap, ifølgje BBC sin utstasjonerte reporter i hovudstaden Taipei.

Bygning bles vekk

Beredskapspersonell jobbar no med å få tilbake att straumen til 520.000 heimar i området rundt hovudstaden Taipei.

Uveret fører også til store problem for trafikk og handel på den mandelforma øya som formelt høyrer til Kina.

Tyfonen har laurdag sett kursen vidare vestover mot dei tungt befolka kinesiske kystprovinsane Fuijan og Zhejiang, og vindane har dempa seg til 137 kilometer.

Det er framleis store nok krefter i sving til å forårsaka omfattanda materielle skadar, og innbyggjarane i områda risikerer å bli fordrivne frå heimane sine.

Tyfonar er ikkje uvanlege på sommartid i Aust-Asia. Tyfonane får energi frå varme frigjeven av fuktig luft som stig og kondenserer.

I 2009 blei Taiwan råka av tyfonen Morakot. Den gongen mista fleire hundre menneske livet som følgje av flaum og jordras.

SISTE NYTT

Siste nytt