Det kan bli ei tøff oppgåve. Faren fyrst Rainier har hatt ei svært høg stjerne blant dei vel 32.000 innbyggjarane i miniputtstaten.
Om fyrst Albert ikkje skaffar ein livsarving til trona, kan det bli vanskeleg for han å oppnå same posisjon som faren.
Fredag 15. april vart fyrst Rainier gravlagd i Monaco. (Foto: AFP/Scanpix)
Grimaldi-familien har ei historie som herskarar i Monaco heilt tilbake til 1297. Då gjekk den italienske sjørøvaren Francois Grimaldi i land, forkledd som fransiskanarmunk.
Med hjelp av sin vesle private hær tok han kontrollen over den strategisk viktige festninga der i namnet til paven i Roma.
Den dag i dag er det nært samband mellom den romerskkatolske kyrkja og det vesle fyrstedømmet på den franske Middelhavskysten.
Etterkomarane etter den italienske sjørøvaren har sidan styrt Monaco. Fyrst Rainier III (fødd i 1923) styrte landet frå 1949 til han døydde på sjukehuset som ber namnet til den avlidne kona hans, fyrstinne Grace, 6. april 2005.
Grimaldi-familien på den tida då alt var berre fryd og gaman. (Foto: AP/Scanpix)
Albert
Sonen Albert har no teke over trona. Han er 47 år, ugift og barnlaus. Folk som kjenner livet i fyrstepalasset frå innsida har fortalt at den avlidne fyrsten var svært uroleg for dette, og at han faktisk hadde vurdert å ikkje la sonen etterfølgje seg som fyrste.
Eldste sonen til prinsesse Caroline, Andrea Casiraghi (21), har vore nemnd som ein mogleg arvtakar om ikkje Albert greier å føre slekta vidare.
Albert har vore aktiv idrettsmann. Han deltok i OL på Lillehammer på det monegassiske laget i aking, og no er han medlem i styret i Den internasjonale olympiske komité (IOC)saman med blant andre Gerhard Heiberg.
Kvinner
Den nye fyrsten har vore knytt til mange kvinner, til og med ei frå Noreg. Han har vorte avfotografert med utallege av dei, den eine vakrare enn den andre, og vekeblad og aviser har kopla han med fleire tital moglege ektefeller.
Dei siste åra har rykta gått meir og meir på at Albert ikkje er særleg interessert i kvinner.
Det vidgjetne kasinoet i Monaco er eit av symbola på rikdomen som pregar fyrstedømmet. (Foto: AFP/Scanpix)
Rikfolk
I dag er Monaco ein stat for rikfolk. 70 prosent av dei som jobbar der har ikkje råd til å bu der, dei pendlar frå Frankrike og Italia.
Folk med store formuar og lite lyst til å betale mykje skatt er velkomne i fyrstedømmet. Norske idrettskjendisar som Kjetil André Aamodt og Hans Petter Buraas har adresse i Monaco.
Fyrstedømmet var ikkje spesielt rikt eller glamorøst før rundt 1860. Grunnlaget vart lagt av at det blei etablert jernbanesamband til Frankrike, og i 1863 opna det vidgjetne kasinoet.
Sidan har dette vore ein stad for rikfolk. Inntektsskatt er eit ukjent omgrep, og det er heller ikkje noko trygdesystem. Her reknar ein med at folk har så pass at dei greier seg sjølve.
Hollywood
Men skikkeleg glamour vart det ikkje før Grimaldi-familien fusjonerte med Hollywood i 1956. Fyrst Rainier gifte seg med den smellvakre Hollywood-stjerna Grace Kelly. Frå den dag har grimaldiane vore i medias søkjelys nærmast døgnet rundt.
Paret fekk tre born. Prinsesse Caroline kom i 1957, arveprins Albert kom året etter, og til slutt attpåklatten Stephanie i 1965.
Det blir sagt at berre lady Diana kan konkurrere med Grimaldi-borna, særleg dei to prinsessene, når det gjeld spalteplass i blad og aviser opp gjennom åra.
Caroline
Den vakre prinsesse Caroline var ein mediayndling alt i ung alder. Det byrja med små uskuldige kjærasthistorier, før det heile vart meir og meir skandaleprega.
Prinsesse Caroline og prins Ernst August av Hannover fotografert for tre år sidan. (Foto: AFP/Scanpix)
21 år gammal gifte ho seg, mot foreldra sin vilje, med den langt eldre playboyen Philippe Junot. Dei vart skilde etter eit par år, og fyrstehuset streva i mange år for å få den katolske kyrkja til å erklære ekteskapet for ugyldig.
Det gjorde dei til slutt, men første etter at ho hadde gift seg med den italienske rikmannssonen og racerbåtkøyraren Stefano Casiraghi.
Dei fekk tre born saman, før han omkom i ei racerbåtulukke i 1990.
Seinare vart ho gift med skandaleprinsen Ernst August av Hannover, og dei har ei dotter saman. Prinsen vart like etter at svigerfaren døydde innlagt på sjukehus i Monaco, og han var ikkje frisk nok til å delta i graverda.
Diagnosen var svikt i bukspyttkjertelen og levra, og tilstanden var i ein periode kritisk. Etter kvart vart han betre, og er utanfor fare.
Stephanie
Om det storma rundt prinsesse Caroline, så vart det endå verre med yngstejenta prinsesse Stephanie. Like vakker som storesystra, og klar for det søte liv alt frå ung alder.
Arkivbilete av fyrst Rainier og prinsesse Stephanie frå 2002. (Foto: Reuters/Scanpix)
Det florerte med mannfolkrykte, og ingen av kavalerane hennar fall i smak hos foreldra. Ho prøvde seg som plateartist utan syndarleg hell, men ho har vore fylgd av skandaleoppslag frå ho var tidleg i tenåra.
Ho gifte seg til slutt med ei av livvaktene sine, Daniel Ducruet, i 1995, men først etter at dei hadde fått to born saman. Ekteskapet vart oppløyst gjennom ei rettsavgjerd i 1996.
Seinare har ho fått eit tredje barn, ei dotter, utanfor ekteskap i 1997. Den siste tida har ho vorte knytt til ein sirkusarbeidar.
Det gjekk rykte om at fyrst Rainier braut med prinsesse Stephanie for ei tid tibake på grunn av hennar utsvevande livsførsel. Likevel skal dei ha vorte forsona før faren døydde, blir det fortalt.
Dei tre Grimaldi-borna vart morlause i 1982, då fyrstinne Grace omkom i ei trafikkulukke på dei svingete vegane som fører ned til byen i sentrum av fyrstedømmet.
Hardnakka rykte ville ha det til at det var den då 17 år gamle prinsesse Stephanie som køyrde bilen. Dette har vorte offisielt avvist, men rykta har ikkje stansa.
Ein del hoffreporterar meiner at den ville livsførselen til prinsessa skuldast ei traumatisk skuldkjensle etter ulukka.
Far og born i eit arkivfoto frå 1997. (Foto: AP/Scanpix)
Forbanning
Det har i mange år vore snakk om ei forbanning som skal hengje over Grimaldi-familien. Denne historia har vorte trekt fram kvar gong fyrstefamilien har vore ramma av ein tragedie.
Medlemene av familien skal ikkje få oppleve lange og lukkelege ekteskap, skal visstnok vere innhaldet i forbanninga.
Slike ting blir sjølvsagt avvist som overtru av fyrstefamilien og alle rundt dei, men innbyggjarane i miniputtstaten snakkar ofte om det, spesielt i tunge tider.
No sist når prins Ernst August av Hannover vart innlagt på sjukehus omlag samstundes med at prins Rainier døydde.