Hopp til innhold

Trygt ute av Aust-Ghouta: – Forferdeleg å leve der

– Eg er veldig glad vi har komme oss ut. Det var heilt forferdeleg å leve i Aust-Ghouta, seier Abdullah Alsalti. Han er ein av mange hundre som blir evakuerte denne helga. Regjeringsstyrkane har no kontroll over nesten heile området.

Abdullah Alsalti

Abdullah Alsalti er trygt ute av det krigsherja området Aust-Ghouta.

Foto: CCTV

Folk i det krigsherja området Aust-Ghouta står søndag i kø for å komme med på ein av dei rundt 20 bussane som er på plass for å transportere opprørarar og familiane deira ut av området.

Laurdag blei 980 menneske sende ut i 17 bussar og mange ambulansar. Abdullah Alsalti er ein av dei heldige.

– Ingen ting å ete, ingen ting å drikke, varene var ekstremt dyre. Det var verkeleg ille i Aust-Ghouta, og det var fornedrande å leve under slike forhold. Men no er vi ute, seier Abdullah Alsalti.

SYRIA-CONFLICT-GHOUTA-EVACUATIONS

Folk i Aust-Ghouta gjer seg klare til å forlate området laurdag kveld.

Foto: AMMAR SULEIMAN / AFP

– Ingen ting å glede meg over

No håpar folk at dei kan sleppe å leve i krig meir, at dei kan få eit meir normalt liv.

Hiba

Hiba håpar på eit betre liv etter at ho no er evakuert frå Aust-Ghouta.

Foto: Reuters

– Eg har ikkje hatt noko å glede meg over på lenge. Eg håpar verkeleg ting blir betre. Takk Gud, seier Hiba, som ikkje vil seie etternamnet sitt.

– Vi har greidd å halde ut, vi har gjort alt vi kunne for å halde oss i live. Dette er motstandskraft i praksis. Slik er det syriske folk, seier Asaad Nakhle, som også er trygt ute av området.

Aust-Ghouta ligg utanfor den syriske hovudstaden Damaskus, og har sidan 2013 vore kontrollert av ulike opprørsgrupper.

18. februar starta siste runde med harde kampar mellom opprørarane og dei syriske regjeringsstyrkane, som har støtte frå Russland.

TOPSHOT-SYRIA-CONFLICT-EVACUATIONS

A liten gut på bussen saman med opprørarar og familiemedlemmer. Dei kom fram til byen Qalaat al-Madiq søndag etter å ha blitt evakuert frå Aust-Ghouta.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / AFP

Kontrollerer rundt 90 prosent

Minst 1600 sivile er drepne i kampane, og regjeringsstyrkane har no fått kontroll over rundt 90 prosent av området, ifølgje Syrian Observatory for Human Rights (SOHR).

Opprørarane sit igjen med kontrollen over berre ein by.

Tidlegare i veka blei det inngått ein avtale om evakuering mellom styresmaktene og ei av opprørsgruppene. Truleg vil rundt 7000 menneske kunne bli sendt ut med buss som ein del av denne avtalen. Ein tilsvarande avtale blei gjort for ein annan del av området i førre veke.

Ifølgje statskringkastinga i Syria har minst 107.000 sivile flykta frå Aust-Ghouta dei siste vekene. No prøver styresmaktene å få på plass ein avtale om evakuering frå den siste byen som opprørarane framleis kontrollerer, Douma.

Arbin i Øst-Ghouta

Aust-Ghouta er eit distrikt rett utanfor hovudstaden Damaskus med fleire byar og landsbyar. Byen Arbin ligg sentralt i området.

Foto: NRK

SISTE NYTT

Siste nytt