Argentinas FN-ambassadør Maria Cristina Perceval sa til journalistar etter det lukka
i Tryggingsrådet onsdag kveld, at medlemslanda var samde om at det er viktig å få klare og sikre opplysningar om det som har skjedd. Ho gjorde det også klart at alle medlemslanda var samde om at bruk av kjemiske våpen er eit klart brot på internasjsonal lov.– Vi er glade for at generalsekretær Ban Ki-moon er fast bestemt på å få til ei grundig, uavhengig gransking av hendingane i Syria, sa ho blant anna.
Russland og Kina skal likevel ha greidd å hindre at møtet i Tryggingsrådet enda med eit krav om ei slik gransking.
– Angreip med kjemiske våpen
Den syriske opposisjonen seier at regjeringsstyrkane angreip ein by i utkanten av hovudstaden Damaskus
natt til onsdag og onsdag føremiddag. Dødstala varierer frå nokre hundre til over 1300, alt etter kva opprørsgruppe som uttalar seg.Den syriske regjeringa avviser skuldingane, og nektar for å ha brukt kjemiske våpen.
Dei syriske opprørsgruppene har sendt ut fleire sterke videoar onsdag med bilete av hardt såra og døde born. Etter bileta å døme har dei blitt utsette for ei eller anna form for gift.
– Svært dramatisk
FN har våpeninspektørar på plass i Syria, men det er førebels uklart om dei vil få tilgang til området der angrepet skjedde. Inspektørane oppheld seg ikkje langt frå staden, men treng løyve frå syriske styresmakter for å kunne gå inn i området.
Noregs utanriksminister Espen Barth Eide er svært uroa over meldingane frå Syria og kallar situasjonen svært dramatisk. Han krev no at FN sine våpeninspektørar
for å granske saka.Både EU og USA har gjort det klart at ikkje roleg kan sjå på at den syriske hæren brukar kjemiske våpen mot sitt eige folk.
- Propagandautspel
Russland, som er ein nær alliert av det syriske regimet, meiner at det langt frå er bevist at den syriske hæren har brukt kjemiske stridsmiddel. Russland sa tidlegare i dag at det mest sannsynleg var eit reint propagandautspel frå desperate syriske opprørarar.
LES OGSÅ: