Hopp til innhold

Trur ein militærtilsett 21-åring står bak Pentagon-lekkasjane

21 år gamle Jack Teixeira er arrestert. Han er mistenkt for å ha stått bak lekkasjane, seier justisministeren.

Jack Teixeira med hendene på hodet under arrestasjonen i North Dighton i Massachusetts.

Jack Teixeira med hendene på hovudet under arrestasjonen i North Dighton i Massachusetts.

Foto: HANDOUT / AFP

Teixeira er medlem i Massachusetts Air National Guard. Dette er ein føderal reservestyrke knytt til USAs luftforsvar.

FBI sa torsdag kveld at dei har arrestert ein mistenkt i saka. Dei sa også at dei fortsett etterforskinga i Massachusetts.

Justisminister Garland seier at Teixeira vil bli framstilt for retten fredag.

Chattegruppe

Den 21 år gamle mannen skal arbeide med etterretning i Nasjonalgarden.

Ifølgje AP hadde han ansvar for militære kommunikasjonsnettverk, inkludert kabling og knutepunkt. Han skal ha vore leiaren for nettforumet der dokumenta først vart delte.

Han skal ha delt lekkasjane i den vesle chattegruppa si på Discord.

Denne skal først ha blitt starta for å spele saman, og utvikla seg til eit lite forum på kring to dusin menn og gutar. Til felles hadde dei kjærleiken sin for våpen, militærutstyr og gud.

Leiaren kjende mange av dei berre som «OG». Han blei oppfatta som ein slags farsfigur for det som etter kvart har blitt ein «svært nær familie», seier eitt medlem til Washington Post.

«OG» hevda at han jobba på ein amerikansk militærbase. Han skal ha fortalt at han kunne avdekke hemmelegheiter som styresmaktene ville skjule for vanlege folk.

Illustration shows Discord and Twitter app icons

To kjelder i USA seier til Washington Post at det var i deira Discord-gruppe at dei lekte dokumenta først dukka opp.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

To kjelder i USA seier til Washington Post at det var i deira Discord-gruppe at dei lekte dokumenta først dukka opp.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

Då påstandane blei møtt med lunken respons, skal han i sinne ha starta å dele dokumenta som informasjonen kom ifrå.

Det er nokre av desse vi no kjenner til som Pentagon-lekkasjane, som no har blitt sett av mange millionar menneske.

Dersom reportasjen i Washington Post stemmer, har dei funne ut korleis lekkasjane skjedde før amerikansk etterretning har klart det – eller iallfall før Pentagon har annonsert noko slikt.

Ein tenåring som hevdar å ha kjent «OG» i fleire år, fortel at han ikkje lenger trur at formålet var å tøffe seg for venegjengen sin.

– Han er ein smart person. Han visste sjølvsagt kva han gjorde då han publiserte desse dokumenta. Dei blei på ingen måte lekte med eit uhell, seier han til avisa.

– Han er fullstendig klar over kva som skjer og kva konsekvensane kan bli. Han veit berre ikkje korleis han skal løyse denne situasjonen. Han verkar å vere ganske opprørt over det.

Det var først nettstaden Bellingcat som knytte lekkasjane til ein Discord-server.

Les også – Pentagon-lekkasjen set USA i eit dårleg lys

Pentagon

Tek opp ryktet om at Putin har kreft

I dag tidleg kom det ytterlegare opplysingar i ein dokumentlekkasje på 27 nye sider, først publisert i den tyske avisa Focus.

Eitt av desse påstår at Putin var booka inn til cellegiftbehandling 5. mars i år.

-

Ei rekke bilete av Putin som held seg i bord og stolar når han sit har blitt brukt til å fremme rykta om at han ikkje er frisk.

Foto: RAMIL SITDIKOV / AFP

Ei rekke bilete av Putin som held seg i bord og stolar når han sit har blitt brukt til å fremme rykta om at han ikkje er frisk.

Foto: RAMIL SITDIKOV / AFP

To av hans aller næraste, leiaren for det russiske tryggingsrådet Nikolaj Patrusjev og forsvarssjef Valerij Gerasimov, skal ifølge dokumentet ha ønska å bruke dette til å «sabotere» krigsplanane hans.

Gerasimov skal nemleg ha lova å tape krigen med vilje innan 5. mars, då presidenten ville vere ute av stand til å gjere noko med det.

Dokumentet siterer det som skal vere ein ukrainsk folkevald, som igjen skal ha fått informasjonen frå ei russisk kjelde med kontaktar i Kreml.

Det har lenge gått rykte om at den russiske presidenten er alvorleg sjuk. I november i fjor hevda ein påstått russisk etterretningsagent at han hadde både kreft og Parkinsons-sjukdommen.

Det har likevel aldri blitt bekrefta frå russisk side at noko av dette stemmer.

Desse er nokre av dei andre påstandane som kjem fram i lekkasjane:

Trykk på pila til høgre for å navigere i punkta.

Antonio Guterres på eit leiarmøte i Brussel

At USA har fulgt nøye med på FN sin generalsekretær

Dokumenta inneheld ei rekke Antonio Guterres sine utsegn om krigen i Ukraina og nokre afrikanske statsleiarar. Eitt fokuserer på kornavtalen på Svartehavet, som FN og Tyrkia forhandla fram i juli, og la fram at Guterres var altfor villig til å tilpasse seg russiske interesser for å bevare den.

FN vil ikkje kommentere dokumentlekkasjen direkte, men ein toppleiar seier til BBC at dei er «drivne av eit ønske om å avgrense innverknaden som krigen har på verdas fattigaste», og at dette vil seie å gjere det ein kan for å få matprisane ned.

Russisk president Vladimir Putin saman med soldatar og deltakarar på ein seremoni i februar.

At spliden i Kreml er meir alvorleg enn vi trur

Den mest nylege dokumentgruppa skildrar i detalj fleire kranglar i Kreml, blant anna om talet på døde og skadde i Ukraina-krigen. Den interne etterretningstenesta skal ha skulda militæret for å dysse ned tala på russisk side.

Desse 27 sidene, som er separate frå dei 53 som sirkulerte sist veke, viser kor djupt inne amerikanske spionar har vore i russisk etterretning og militærstruktur, skriv New York Times.

Eit fly av typen SU-27, som trefte ein amerikansk drone over Svartehavet tidlegare i år.

At eit britisk spionfly nesten blei skote ned av Russland

Eit britisk rekognoseringsfly var i september svært nær ved å bli skote ned av det russiske flyvåpenet over Svartehavet.

I dokumenta vert det omtalt som ei «nær nedskyting av UK RJ», ein referanse for River Joint, eit kodeord for RC-135-spionflya som det britiske luftvåpenet bruker. Om lekkasjen stemmer, er hendinga meir alvorleg enn det som kom fram då Storbritannias forsvarsminister Pen Wallace fortalde om hendinga i parlamentet i oktober.

Utskyting med det ukrainske luftforsvarssystemet S-300 på Krim-halvøya i 2001.

At ukrainsk luftforsvar kan gå tomt for ammunisjon

Dokumenta framstiller det ukrainske militæret som vanskelegare stilt enn det den ukrainske regjeringa har innrømt offentleg.

Eitt, som er datert 23. februar og merkt som hemmeleg, skildrar i detalj korleis Ukrainas S-300-luftforsvarssystem vil gå tomt for ammunisjon innan 2. mai, gitt at forbruket held fram i same grad som no.

Ammunisjon i feltet i Ukraina

At USA legg press på Sør-Korea om Ukraina-hjelp

Eit anna dokument skildrar i detalj interne diskusjonar blant høgtståande sørkoreanske tenestepersonar om at USA legg press på Sør-Korea for å hjelpe til med å forsyne Ukraina med våpen.

Det er og avslørt at amerikanarane skal ha spionert på Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. – Ikkje overraskande, men frustrerande, seier er kjelde i ukrainske styresmakter.

Kvinne vifter med flagg under en demonstrasjon i Israel.

At israelsk etterretning oppfordra til protestar

I dokumentet som er datert 1. mars, heiter det at israelske Mossad oppfordra til protestane mot den omstridde rettsreforma til statsminister Benjamin Netanyahu.

USA skal ha fått opplysningane via spionasje. Dokumentet er merkt som svært hemmeleg, og ser ut til å vere ein rapport frå etterretningstenesta CIA.

Ei røyrleidning i Canada

At prorussiske hackarar kan ha skada ei kanadisk røyrleidning.

Hackinga av eit kanadisk gassrøyrleidning-selskap, kan hackegruppa Zarya ha skada ei røyrleidning som frakta råolje gjennom British Columbia i Canada. Dette er USA si største kjelde for oljeimport.

Ifølge rapporten ville angrepet, dersom det lukkast, vere «første gong ei prorussisk hackegruppe hadde gjennomført eit sabotasjeangrep mot Vestlege industrikontroll-system», skriv New York Times. Avisa har ikkje klart å verifisere opplysingane, og kanadisk etterretning vil ikkje kommentere dei.

Meiner lekkasjane kan utløyse debatt i Noreg

Anders Romarheim er statsvitar og førsteamanuensis ved Forsvaret sin høgskule.

Han seier spørsmålet i USA om kven som skal ha tilgang på gradert informasjon, også kan bli teke opp i andre land.

– Det kan fort setje i gang ein liten debatt om dette i Noreg. Når ein er myndig når ein er 18 år, og det blir veldig vanskeleg å nekte vaksne menneske tilgang på høggradert informasjon.

– Dersom du skal legge fram eit argument for å halde att litt på dette for yngre folk, så kan du seie at ein treng nokre år med vandel, så dei kan vise at dei er ordentlege.

Forsker Anders Romarheim

Forskar Anders Romarheim ved Institutt for forsvarsstudium.

Foto: NRK

Romarheim meiner det er sentralt i denne saka at Teixeira har jobba innan cyber-transport og utvilsamt er svært datakyndig.

– Det verkar som han har fått denne informasjonen som ein litt utvida krets av den daglege etterretningsbriefen i Pentagon.

– Det er ikkje avklart enno. Det kan vere at han har hatt administratorrettar og har kome seg til informasjonen på den måten.

Denne hendinga vil uansett ha ein effekt på etterretningssamarbeidet mellom USA og allierte land, seier han vidare.

– Sør-Korea er ikkje så begeistra for at dei er nemnt. Israel og Mossad og sjølvsagt Ukraina. Det skapar diplomatisk friksjon. Det stiller USA i forlegenheit.

– Det er tryggingsgradert informasjon for ein grunn, og då er det staten sin informasjon og ikkje dine hemmelegheiter å dele med vennar på internett.

Ikkje overtydd av kreftrykta

– I alle land må du ha tillit til dei som jobbar i etterretning og tryggingstenestene, seier hovudlærar i etterretning ved Forsvaret sin stabsskule, Tom Røseth.

Tom Røseth

Tom Røseth meiner ein bør sjå på mykje av den lekte informasjonen med kritiske auge.

Foto: Trygve Heide / NRK

– Eg seier ikkje at skaden er umogleg å rette opp eller risikoredusere, men den er alvorleg vil eg seie.

Noko av innhaldet er faktiske rapportar, men nokre har blitt endra på eller sladda før dei blei publiserte. Dette skal ein akte seg for, ifølge Røseth.

– Så er det også det at noko av dette er basert på enkeltkjelder utan at du får følge vurderinga av kjelda som kjem med påstandar, seier han og viser til opplysingar om usemje i Kreml og Putin sin kreftsjukdom.

-

Blant dokumenta er det som verkar å vere rapportar frå CIA. Biletet er frå hovudkvarteret i delstaten Virginia.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Blant dokumenta er det som verkar å vere rapportar frå CIA. Biletet er frå hovudkvarteret i delstaten Virginia.

Foto: SAUL LOEB / AFP

– Eg vil ikkje tru at dette går høgt opp i verken militæret eller sivile avgjerdsnivå utan at det blir gitt ein kontekst og ein har fleire kjelder.

Framleis inneheld lekkasjane nokre vurderingar som «verkar truverdige», seier han, slik som analysen av Ukraina sin luftkapasitet.

Her kan USA velje å auke luftvern-støtta til Ukraina for å bøte på å ha avdekka svakheiter, legg han til.

– Det gir problem i Moskva også, fordi dei vil no leite etter moglege moldvarpar.

– Slike jakter kostar mykje krefter og skapar mykje mistanke, og vil hindre tillit mellom folk og informasjonsdeling også der.

SISTE NYTT

Siste nytt

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 13 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.

Disse videoen fra Twitter skal vise stormingen av Hamilton Hall

Gaza-demonstrasjon i USA: Har barrikadert universitetsbygg på Columbia

New York-universiteta Cornell og Columbia har byrja å straffe studentane sine for teltleirane ved campus. På det siste svarte studentane med barrikadar.