Hopp til innhold

Trumps kommunikasjonsdirektør går av

Mike Dubke gir seg som Donald Trumps kommunikasjonsdirektør av personlege årsaker.

Mike Dubke

GÅR AV: Donald Trumps kommunikasjonsdirektør Mike Dubke, går av etter berre tre månader.

Foto: Black Rock Group

Dubke skal ha bekrefta til avisa Politico og Fox News at han leverte avskjedssøknaden sin 18 mai.

Laster Twitter-innhold

Trump skal ifølgje Dubke straks ha godteke søknaden, men han tilbydde seg å bli i jobben til Trump var ferdig med utanlandsreisa si, for å sikre ein mjuk overgang.

Dubke sat i stillinga som kommunikasjonssjef i tre månadar.

Dubke seier til Politico at han gir seg av personlege årsaker.

Laster Twitter-innhold

Erfaren strateg

New York Times skriv at Dubke var ein veteranstrateg i Det republikanske partiet, men at han likte seg best i bakgrunnen.

Han var medgrunnleggar av kommunikasjonsbyrået Black Rock Group, på heimesida skriv dei at dei ynskjer å forme den offentlege debatten gjennom digitale mediestrategiar.

Det er venta han vil gå tilbake til sin gamle jobb, samtidig er det ikkje utnemnt nokon ny kommunikasjonsdirektør for Trump.

Laster Twitter-innhold

Trump vil fornye presseteamet sitt

Avskjeden kjem samtidig som Donald Trump vurderer å gjere endringar i staben sin.

Presidentperioden har vore plaga av skandalar og skuldingar om samarbeid mellom Russland og Trumps valkampanje.

Det har også versert rykte om at stabssjef Reince Priebus og sjefstrateg Steve Bannon er på veg ut, men at Trump vanlegvis er forsiktig med å gje sine næraste rådgjevarar sparken, skriv Politico.

Svigerson i trøbbel

Trump har skal også vere frustrert over svigerson og rådgjevar Jared Kushner, som har kome i søkelyset i samband med Russland-granskinga.

I ein administrasjon som har for vane å lekke opplysningar som ei sil, har Dubke sagt til Politico at han er overraska over at det tok 12 dagar før det vart avslørt at han går av.

SISTE NYTT

Siste nytt