Hopp til innhold

Trump ikkje immun i historisk straffesak

Den tidlegare presidenten har ønskt immunitet i den føderale rettssaka mot han. USA-ekspert meiner det heile er ein større strategi frå Trumps side.

bilde av donald trump.

Trump kan bli dømt for å ha undergrave valresultatet i 2020. Spørsmålet no er om han kan utsetje saka heilt fram til han eventuell vinn valet i år.

Foto: Ronda Churchill / Reuters

Donald Trump har ønskt immunitet i saka der han er skulda for å ha prøvd å undergrave og gjere om på resultatet i presidentvalet i 2020, som kan ha ført til storminga av Kongressen 6. januar 2021.

Trump meiner han har immunitet for handlingar utført som president, men det var ikkje domstolen einig i.

Tysdag blei det einstemmig avslått i Washington D.C.

Dermed må Trump møte i retten og svare på skuldingane.

Kort tid etter at nyheita sprakk fordømte Trump avgjerda.

– Ein president i USA må ha full immunitet for å fungere ordentleg, og gjere det som er i landet beste interesse, seier Trump i eit innlegg på si eiga plattform, Truth Social.

– Ei nasjonsøydeleggande rettsavgjerd som dette, kan ikkje få stå.

Trump skuldar også avgjerda for å vere eit «politisk våpen» som legg til rette for valinnblanding.

KayJmqfqRys

Donald Trump tiltalt for forsøk på å gjere om valresultatet i 2020

Ikkje overraska

Men USA-ekspert Sofie Høgestøl er ikkje overraska over at han er erklært ikkje immun.

– Veldig få trudde han kom til å vinne denne saka.

Den tidlegare presidenten er tiltalt på fire punkt som handlar om at han skal ha sådd tvil rundt valresultatet, i tillegg til rolla han spelte i kongresstorminga.

Trump har heile tida nekta straffskuld på alle punkta.

Rettssaka var venta å starte 4. mars i år. Men no er datoen utsett på ubestemt tid. Grunnen er at saka kan bli tatt vidare til Høgsterett, dersom domstolen ønsker å ta saka.

Høgestøl trur at å løfte spørsmålet om immunitet, har vore ein del av ein strategi frå Trumps side:

– Han har klart å utsette den kanskje viktigaste straffesaka imot seg.

– Viss straffesaka hadde begynt som planlagt 4. mars, så hadde han aldri blitt republikansk presidentkandidat, seier Høgestøl.

trump i retten. folda hender og ser alvorleg ut.

Donald Trump har fleire saker mot seg. I januar møtte han i retten i samband med ei sivil sak, der han er saksøkt for bedrageri.

Foto: Shannon Stapleton / AFP

Trump har erfaring med sivile saker mot seg, men rettssaka om valpåverknad er historisk. Aldri før har ein tidlegare amerikansk president blitt tiltalt i ei føderal straffesak.

Det handlar om valkamp

Men før Høgsterett eventuelt behandlar saka om immunitet, har dei ei anna Trump-sak på bordet.

Republikanaren stiller til val også i år, men har blitt fjerna frå stemmesetel i Colorado. Torsdag vil domstolen høyre argumenta for diskvalifiseringa av Trump.

Men dette har uansett ikkje så mykje å seie for presidentkandidaten. Han har vunne begge dei to republikanske nominasjonsvala hittil, i Iowa og i New Hampshire.

portrettbilde av sofie høgestøl. svarte klede og smiler til kamera. tatt i eit grått studio.

Jurist og USA-ekspert Sofie Høgestøl trur at Donald Trump ønsker å få rettssaka utsett fram til han eventuelt vinn valet.

Foto: Ole Kaland

Høgestøl seier at Trump ligg an til å vinne.

– I sommar skal Republikanarane ha landsmøte. Viss han greier å trenere saka fram til då, må dommaren og juryen ta stilling til om dei ønsker å gå vidare med saka mot ein presidentkandidat under ein valkamp, seier USA-ekspert Høgestøl.

Høgestøl meiner at Høgsterett då vil stå i ein vanskeleg spagat. Å straffeforfølge ein presidentkandidat under ein valkamp, har ikkje blitt gjort før.

– Det sett både påtalemakta og domstolen i ein ukomfortabel stilling, fordi plutseleg blir straffesaka enno meir politisk enn kva ho allereie er.

Men dersom Høgsterett ventar heilt til Trump eventuell vinn valet, er det han som skal utnemne justisminister, og han får dermed større makt over Justisdepartementet.

SISTE NYTT

Siste nytt