Hopp til innhold

Donald Trump tiltalt for forsøk på å gjere om valresultatet i 2020

Trass i at han tapte, var Trump «fast bestemd» på å bli ved makta, står det i tiltalen.

KayJmqfqRys

SKAL UNDERSØKE PÅVERKNAD: I kva grad Trump oppfordra demonstrantane til å storme kongressen blir truleg eit sentralt poeng under den komande rettssaka.

Foto: Reuters

Retting: I ein tidlegare versjon av denne saka sto det at Trump er tiltalt saman med fleire andre personar. Det er ikkje korrekt. Det korrekte er at dei andre personane er nemnde i tiltalen og omtalte som medsamansvorne, men desse personane er ikkje tiltalte per no.

– I dag vart ein tiltale opna mot Donald Trump, for å ha konspirert og svindla USA.

Det sa spesialetterforskar Jack Smith på ein pressekonferanse natt til onsdag.

Tidlegare president Donald Trump er tiltalt på fleire punkt av ein storjury som har høyrt på bevisa til Smith.

Trump er tiltalt for å ha prøvd å gjere om valresultatet, står det i tiltaledokumentet som CNN har publisert.

Tidligere president Donald Trump er tiltalt på fire punkter for forsøk på å omgjøre valget han tapte i 2020.

Tidlegare president Donald Trump er tiltalt på fire punkt for forsøk på å omgjere valet han tapte i 2020.

Dette er dei fire tiltalepunkta:

  • Konspirasjon og svindel mot USA
  • Hindring av ein offisiell prosess
  • Forsøk på å hindre ei offisiell saksbehandling
  • Forsøk på å truge eller skremme andre ifrå å utøve dei demokratiske rettane sine

Trass i at han tapte, var Trump «fast bestemd» på å bli ved makta, heiter det vidare.

Undersøkte rolle i kongresstorminga

Etterforskinga som er leidd av spesialetterforskar Jack Smith, har undersøkt Trump sine påstandar om valfusk og rolla hans i kongresstorminga 6. januar 2021.

Da marsjerte fleire tusen Trump-tilhengarar mot Capitol Hill og braut seg inn i den amerikanske kongressen.

Fem menneske mista livet.

I 2020 hadde Trump nett tapt valkampen mot demokrat Joe Biden. Han nekta å godta valresultatet, og tok i staden opp att løgna om valfusk i alle kanalar.

– Angrepet på vår nasjon sin hovudstad 6. januar 2021 var eit eineståande angrep på setet til det amerikanske demokratiet.

– Det blei drive av løgner frå den tiltalte, seier Jack Smith.

-

Jacob Anthony Chansley (midten), eller «sjamanen» til konspirasjonsgruppa QAnon, blei dømd til nesten tre og eit halvt år i fengsel. Han blei tidleg lauslaten i mars 2023.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Han hylla dei som forsvarte kongressen den dagen.

– Dei er heltar, patriotar og dei beste av oss. Dei forsvarte ikkje berre bygget og folka som var der, men dei sette livet på spel for å forsvara kven vi er som eit land og som menneske, seier han.

Smith avslutta den korte presskonferansen sin med å insistere på at den tiltalte, tidlegare president Donald Trump, er «uskuldig til det motsette er bevist».

– Vi vil søkje om ei rask rettssak, seier Smith.

Capitol Riot Presidential Guardrails

Demonstrantar var samla utanfor Det kvite huset tidlegare den 6. januar for å høyre Trump tale.

Foto: Jacquelyn Martin / AP

Samanliknar det med Nazi-Tyskland

Før tiltalen vart kjend varsla Trump at han hadde høyrt at spesialetterforskar Jack Smith kom til å tiltale han.

– Eg høyrer at «sinnsforvirra» Jack Smith blandar seg inn i presidentvalet i 2024, og vil leggje fram endå ein falsk tiltale mot favorittpresidenten din, skreiv Trump på Truth Social.

Trump har vorte innkalla til å møta i ein domstol i Washington, D.C. torsdag 3. august, skriv BBC.

Ifølgje rettsdokumenta er Tanya Chutkan peika ut som dommar. Ho har tidlegare gitt strenge straffer til andre som er dømde for å ha vore med på storminga av kongressen, skriv amerikanske ABC News.

Donald Trump i Nevada 8. juli 2023

Trump har delteke på fleire folkemøte den siste tida for å vinne støtte til nominasjonsvalet. Dette biletet er frå Nevada 8. juli 2023.

Foto: AFP

Trump meiner det heile er ei heksejakt og eit forsøk på å hindra forsøket hans på å vinne presidentvalet i 2024.

– Lovløysa i desse skuldingane mot president Trump og støttespelarane hans minner om Nazi-Tyskland i 1930-åra, den tidlegare Sovjetunionen og andre autoritære diktatur, skriv staben til Trump.

Alvorleg tiltale

– Dette er ein alvorleg tiltale for Trump ligg godt an til å bli presidentkandidaten for republikanarane i 2024, seier USA-ekspert og jurist Sofie Høgestøl til NRK.

– Tiltalen som kom i dag startar med å seia at Trump forstod at tapte valet i 2020, men valde likevel å bruka makta til å spreia falske historier om at han eigentleg hadde vunne.

GB riksantikvaren

Sofie Høgestøl er førsteamanuensis i rettsvitskap ved UiO.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ho meiner det blir viktig for påtalemakta å bevise at Trump hadde forstått at han tapte og likevel heldt fram med å motarbeide valresultatet.

– Derfor har justisdepartementet snakka mykje med staben rundt Trump, for å kartlegge kva han sa og skjønte under og etter valet, seier Høgestøl.

Tidlegare visepresident Mike Pence er eitt av dei mest sentrale vitna.

Pence har kommentert tiltalen på X, som tidlegare blei kalla Twitter.

– Dagens tiltale fungerer som ei viktig påminning: Kvar og ein som set seg sjølv over konstitusjonen bør aldri bli president i USA, skriv Pence.

FILE PHOTO: Republican Party of Iowa's Lincoln Day Dinner in Des Moines

Pence har tidlegare ikkje villa stadfeste at Trump braut lova 6. januar. No blir han eitt av stjernevitna i saka.

Foto: SCOTT MORGAN / Reuters

Andre viktige namn her er:

  • Trump sin tidlegare stabssjef, Mark Meadows
  • Rådgivaren hans i Det kvite huset, Pat Cipollone
  • Den nasjonale tryggingsrådgivaren hans, Robert O'Brien
  • Den seniorpolitiske rådgivaren hans, Stephen Miller

Dei kan nemleg gi eit innblikk i Trump sin sinnstilstand og tankane hans i kulissane.

40 millionar til advokatar

Redaktør i Amerikanskpolitikk.no, Are Tågvold Flaten, meiner Trump har vist seg å vere «nærast uangripeleg» i den tidlege fasen av valkampen.

Are Tågvold Flaten

Are Tågvold Flaten er statsvitar og redaktør i Amerikanskpolitikk.no.

Foto: Privat

– Trass i alle svakheitene, og trass i at han har så mange utfordrarar som han har, står fram han som ein sterkare kandidat no enn han gjorde for eit halvt år sidan.

– Trump har klart å utnytte alt mediefokuset rundt seg sjølv, og har rett og slett gjort det til eit val mellom han og demokratane, og sådd tvil til all den kritikken han får.

Den ekstra merksemda har kosta han dyrt, dersom ein berre ser på utgiftene.

Ifølge Washington Post har Trump sin politiske aksjonskomité «Save America» brukt 40 millionar dollar på advokatrekningar og tilknytte kostnader.

AP Poll US Democracy

Trump står fritt til å bruke pengane han samlar inn gjennom aksjonskomitéen på advokatkostnadane sine, ifølge Tågvold Flaten.

Foto: José Luis Villegas / AP

– Pengar som elles kanskje ville vore brukte på å bygge opp eit valkampmaskineri i ulike delstatar, eller TV-reklamar, heller her blir brukte for å dekke advokatkostnader, fortel Tågvold Flaten.

– Det seier litt om det som skjer i valkampen no, at ein stor del av pengane som blir samla inn blir brukte til det utan at ein ser at han er skadelidande på meiningsmålingane.

Kritiske til timing

Justisdepartementet har fått kritikk frå Trump sine støttespelarar, blant anna fordi tiltalane kjem så kort tid før sjølve valkampen.

Høgestøl meiner det er naturleg at ein slik prosess tek tid.

Dette er den mest omfattande politietterforskinga som justisdepartementet har hatt, med over 1000 personar som har blitt tiltalte etter kongress-storminga.

AP Poll Party Leaders

Slik det ligg an no, blir det Trump og Biden som skal utfordre kvarandre i presidentvalet neste år.

Foto: José Luis Villegas / AP

Justisdepartementet har byrja med dei som var fysisk til stades og jobba seg oppover. Det er også ei politisk sensitiv sak, sidan Trump ligg an til å bli Republikanarane sin kandidat i 2024.

Dette er resultatet Demokratane håpar på, fortel Tågvold Flaten.

– På kort sikt ser det paradoksalt nok bra ut for Trump, men på lengre sikt er det ein grunn til at Joe Biden og hans folk kryssar fingrane for at det er han dei skal møte.

– Det er fordi Biden også er ein svekka og gammal kandidat som har slått Trump tidlegare. Slik sett kan ein prøve å bygge vidare på det.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.