Hopp til innhold

Trump avfeia heile tiltalen: – Ei innblanding i 2024-valkampen

Donald Trump heldt i natt ein forsvarstale der han avviste alle punkt i straffesaka mot han. Han meiner saka er ei samansverjing for å øydeleggje valkampen.

Framfor familie og tilhengjarar som møtte han med jubel og klappsalver, sa ekspresidenten at han aldri hadde trudd at noko slikt kunne skje i Amerika.

Det einaste eg har gjort, er fryktlaust å forsøke å verje landet vårt mot dei som ønskjer å øydeleggje det, sa Trump.

Nokre timar tidlegare hadde han fått tiltalen forkynt i eit rettsmøte i New York. Etter å ha blitt sett fri, kom han i natt norsk tid til heimen sin i Palm Beach i Florida med privatfly.

Les meir Slik skal han ha triksa med rekneskapen

Donald Trump i rettssalen i New York

Landet vårt går til helvete

I typisk Trump-stil, til songen «Proud to be American», tok den tidlegare presidenten seg god tid framfor TV-kameraa. Han gjekk sakte gjennom rommet, helste på familie og gjester, før han entra det flaggpryda podiet, akkurat idet songen tona ut.

Trump på Mar a Lago

Trump på veg opp på scena på Mar-a-Lago i natt.

Foto: Evan Vucci / AP

Vi må redde landet vårt. Landet går til helvete, sa Trump.

Han meiner tiltalen mot han er oppkonstruert for å øydeleggje den kommande presidentvalkampen. Han krev at tiltalen blir droppa her og no.

Dei har inga sak, og dei veit det. Den verkelege forbrytaren her er statsadvokaten i New York, sa Trump.

Han kritiserte også dommaren i saka, og tok også for seg dommaren si kone og dotter.

Eg har ein Trump-hatande dommar, med Trump-hatande kone og familie. Dottera hans arbeidde for Kamala Harris.

Trump Indicted

Trump sine støttespelarar på første rad. Frå venstre Eric Trump og kona Lara, Victor Knavs, Donald Trump Jr. og Kimberly Guilfoyle, som han er forlova med, Tiffany Trump og mannen hennar, Michael Boulos.

Foto: Evan Vucci / AP

Gjentok skuldingar

Trump gjentok og ei rekke skuldingar mot Demokratane, som han meiner står bak ei samansvering mot han gjennom falske etterforskingar, riksrettssaker og påstått ulovlege ransakingar.

Les meir Tiltalt for 34 forhold – nektar straffskuld

Trump i retten.

Han gjentok påstandar om valjuks, og sa at motstandarane fekk hjelp av Twitter og Facebook i bakvaskingane. Han kom med skuldingar mot «den kriminelle» Biden-familien, mot Hillary Clinton, fleire namngitte statsadvokatar, og mot milliardæren George Soros.

Donald Trump kom til sine egne på Mar-a-Lago natt til onsdag

Trump vart motteken med jubel i golfklubben Mar-a-Lago.

Foto: Rebecca Blackwell / AP

Han kritiserte også den mislukka tilbaketrekkinga frå Afghanistan.

Den flauaste augneblinken i historia til landet vårt, etter mi meining.

Han sa også at kriminaliteten hadde gått opp med over 30 prosent under Demokratane, og at atomtrusselen hadde auka etter at han sjølv gjekk av.

Vi er ikkje veldig langt unna ein tredje verdskrig, tru det eller ei. Og dei bruker i staden kreftene på å tiltale ein tidlegare president.

Han rista tilsynelatande oppgitt på hovudet.

No vil dei blande seg inn i valkampen med hjelp av det juridiske systemet. Dei greier ikkje å slå oss ved valgurnene, derfor prøver dei å slå oss ved hjelp av lova. Vi kan ikkje tillate det, sa han.

Skulda for rekneskapsjuks

Tiltalen mot Trump inneheld 34 tilfelle av det som statsadvokaten og ein storjury meiner er dokumentfalsk for å skjule straffbare forhold. Han er også tiltalt for å ha påverka andre til å forfalske dokument.

Statsadvokat Alvin Bragg sa etter at rettsmøtet på Manhattan var over tysdag kveld, at han med tiltalen ville gi eit tydeleg signal om at han ikkje vil normalisere lovbrot.

– Eg verken vil eller kan normalisere alvorleg kriminell åtferd, sa han.

Han seier at lova må vere lik for alle.

– Dette er straffbare forhold, same kven du er. Det finst ikkje pengar nok eller makt nok til å endre det varige amerikanske prinsippet, seier Bragg.

Kan Donald Trump havne i fengsel? Han anklages blant annet for å ha betalt pornoskuespilleren Stormy Daniels for å ikke avsløre at de skal ha hatt sex. Er det hun som kan stoppe han fra å bli president igjen?

Kan Donald Trump havne i fengsel? Han anklages blant annet for å ha betalt pornoskuespilleren Stormy Daniels for å ikke avsløre at de skal ha hatt sex. Er det hun som kan stoppe han fra å bli president igjen?

SISTE NYTT

Siste nytt