To aktivistar i den ytterleggåande palestinske gruppa Hamas vart skotne og drepne av israelske soldatar då dei prøvde å kome seg inn i Israel frå den nordlege delen av Gazastripa.
Den israelske hæren opplyser at dei to vart drepne då dei prøvde å krysse grensa til Israel ulovleg.
Den tredje palestinaren vart drepen like ved den israelske busetjinga Neve Dekalim sør på Gazastripa, ikkje langt frå den palestinske byen Khan Yunis.
Den israelske hæren seier mannen truleg var med i gruppe palestinarar som skaut mot vaktene ved Neve Dekalim-busetjinga. Israelske soldatar skaut tilbake, og manen vart truleg drepen i denne skotvekslinga.