NRK Meny
Normal

To svenske ministrar går av etter IT-skandale – dei borgarlege varslar ny mistillit

Stefan Löfven blir sittande som Sveriges statsminister, trass spekulasjonane om at han ville trekke seg etter IT-skandalen i Transporttilsynet. Opposisjonen gir seg ikkje og krev også at forsvarsministeren gå av.

Svenske regjeringsmedlemmer

Nye og gamle medlemmer frå Sveriges regjering på pressekonferanse torsdag føremiddag; infrastrukturminister Tomas Enenroth, migrasjonsminister Helene Fritzon, forsvarsminister Peter Hultqvist, statsminister Stefan Löfven, sosialminister Annika Strandhäll og justis- og innanriksminister Morgan Johansson.

Foto: Erik Simander/TT / NTB scanpix

– Eg har overvegd ulike alternativ. Eg vel det som er best for landet, innleia statsministeren pressekonferansen torsdag med. Han ramsa opp ei rekke reformer regjeringa har på tapetet, og tenker å halde fram før neste års ordinære riksdagsval.

Löfven annonserte at to av dei tre ministrane som den borgarlege Alliansen har kome med mistillitsforslag, kjem til å gå. Det gjeld infrastrukturminister Anna Johansson og innanriksminister Anders Ygeman.

Forsvarsminister Peter Hultqvist blir sittande, seier Löfven.

Alliansen varslar ny mistillit

– Forsvarsminister i mi regjering er Peter Hultqvist, sa Löfven, som ei understreking av at Hultqvist blir sittande, trass i Alliansens mistillitsforslag.

–– Hultqvist har ikkje ansvar for dei delane av regjeringsapparatet som var blanda inn i denne skandalen, sa statsministeren som ei forklaring til kvifor han vil behalde forsvarsministeren, og kalla truslane frå Alliansen useriøse.

Men den borgarlege Alliansen gir seg ikkje. Torsdag ettermiddag varsla dei at dei vil sette fram mistillitsforslag mot forsvarsminister Peter Hultquits.

Alliansen - Annie Loof, Anna Kinberg Batra, Ebba Busch Thor og Jan Bjørklund

Leiar for Moderatarna, Anna Kinberg Batra, og resten av den borgarlege Alliansen, hovudopposisjonen til regjeringa, annonserte onsdag at dei ville stille mistillitsforslag til tre ministrar etter IT-skandalen.

Foto: TT / REUTERS

Löfven fortalde at Ygermann sjølv har valt å går av. Han rosa arbeidet Ygermann har gjort, og seier at han kjem til å foreslå at riksdagsgruppa utnemner Ygermann til gruppeleiar.

Også folkehelse-, omsorgs- og idrettsminister Gabriel Wikström forlèt regjeringa, men av andre årsaker.

Nye ministrar

– Eg vil ikkje dra ut den politiske krisa i Sverige, sa Löfven, og presenterte den nye konstellasjonen.

Morgan Johansson tek over ansvaret for innanriks, i tillegg til å behalde jobben som justisminister.

Tomas Eneroth tek over som infrastrukturminister etter Anna Johansson, som er rekna for å ha det politiske hovudansvaret for IT-skandalen.

I tillegg blir Annika Strandhäll sosialminister, og Helene Fritzon blir migrasjonsminister.

Blei skulda for å sette nasjonal tryggleik i fare

Den sosialdemokratiske mindretalsregjeringa har vore under hardt press etter det som no blir omtala som IT-skandalen. Det handlar om at Transporttilsynet sette ut drifta av sine IT-servarar til IBM i Irland våren 2015. Det innebar at utanlandske IT-teknikarar utan sikkerheitsklarering fekk tilgang til sensitive data.

Saka har halde på i snart to år og allereie ført til avgang for etatens toppsjef, Maria Ågren. Utover våren og sommaren har skandalen fått større politiske ringverknader.

Det toppa seg onsdag då dei borgarlege opposisjonspartia i Alliansen varsla mistillitsforslag mot tre statsrådar.

Regjeringa har blitt skulda for å ikkje ha teke saka på alvor og sett tryggleiken til svenske innbyggarar i fare gjennom at sensitiv informasjon kan ha kome på avvegens.

Statsministeren svara for regjeringa i ein pressekonferanse måndag, og lova at han vil gjere det vanskelegare å setje bort handsaming av sensitiv informasjon.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt