Hopp til innhold

To sivile drepne i Kabul

To sivile afghanarar er drepne, og fleire utanlandske soldatar er skadde i eit sjølvmordsåtak mot flyplassen i Kabul i dag tidleg.

Bombeåtak mot flyplassen i Kabul
Foto: Manish Swarup / AP

Bomba var skjult i ein bil som vart sprengt i lufta utanfor hovudporten til militærbasen ved den internasjonale flyplassen i den afghanske hovudstaden.

Den kombinerte sivile og militære flyplassen vert brukt som base for utanlandske soldatar som kjempar mot Taliban.

Seks sivile skadde

Ifølgje ein talsmann for innanriksdepartementet mista to sivile afghanarar livet i åtaket, og seks sivile vart skadde.

Ein talsmann for den NATO-leidde ISAF-styrken opplyser at tre amerikanske og ein belgisk soldat også vart skadde.

Oberst Koziel Bart fortel at basen vart lukka etter åtaket, men at luftoperasjonane vart starta opp att ein time etter åtaket.

- Målet var ei bilkortesje

Taliban hevdar dei sto bak åtaket. Ifølgje talsmann Zabiullah Mujahid var målet ei bilkortesje frå ISAF-styrken.

15. august vart sju afghanarar drepne i eit Taliban-åtak mot ISAF-hovudkvarteret i Kabul.

Les: Bombedramatikk ved ISAFs hovedkvarter

SISTE NYTT

Siste nytt