Hopp til innhold

To nye prostituerte sakna

To nye kvinner er sakna i den engelske byen Ipswich, etter at tre prostituerte er funne drepne dei siste dagane.

Britiske politifolk gjennomsøkjer ei elv i Suffolk.
Foto: CARL DE SOUZA / AFP

Politiet i fylket Suffolk fryktar at det går ein seriedrapsmann laus i området.

I løpet av dei siste åtte dagane er tre prostituerte kvinner funne drepne. Tidlegare i dag vart det kjent at ei fjerde kvinne var saka, og i kveld opplyser politiet at ei femte prostituert har forsvunne.

 

24 år gamle Paula Clenell er ei av dei sakna kvinnene.
Foto: HO / REUTERS

   Leiaren for etterforskinga, Stewart Gull, seier at dei ikkje veit kven dei skal leite etter.

Vanskeleg

- Drapsmannen kan vere frå lokamiljøet, men han kan også kome frå ein annan stad. Vi kan trekkje ei rad ulike konklusjonar ut frå kvar vi har funne dei tre lika, men alt er ope. Vi veit ikkje kven vi skal sjå etter, seier han.

Gemma Adams vart meld sakna 15. november. Liket hennar vart funne 2. desember i ei elv like ved Hintlesham.

Tania Nicol forsvann 30. oktober. Liket hennar vart funne i Copdock 8. desember. Alle tre var nakne då dei vart funne.

Liket av ei tredje prostituert kvinne vart funne i går 10. desember nær Nacton.

29 år gamle Anette Nicholls, som har livnært seg som prostituert i Ipswich, har ikkje vore i kontakt med familien sin på over ei veke.

34 år gamle Paula Clenell vart meld sakna i går, etter at ingen hadde sett henne sidan kvelden før.

 

Sjefetterforskar Stewart Gull fryktar at han seriedrapsmann går laus i Suffolk.
Foto: CARL DE SOUZA / AFP

- Det kan vere heilt naturlege forklaringar på at desse jentene er melde sakna, men sett i lys av det som har skjedd med andre prostituerte, gjer vi alt for å finne dei, seier Stewart Gull.

Åtvaring

Politiet åtvarar alle kvinner, ikkje berre prostituerte, mot å opphalde seg åleine ute om kvelden. I ein direkte appell til alle kvinner i Suffolk sa assisterande politisjef Jacki Cheer følgjande tidlegare i dag:

- Ver så snille å halde dykk unna gatene. Om de er ute åleine om kvelden er de i livsfare. Det nærmar seg jul og den store festsesongen. Mange kvinner vil gå ut, og de må passe på kvarandre. De må planleggje korleis de skal kome dykk ut på byen, og hugs også å planleggje korleis de skal kome dykk heim. Kom ikkje bort frå kvarandre, sa ho i ein kjensleladd appell.

 

Gemma Adams (t.v.) og Tania Nicol er funne drepne i Suffolk.
Foto: SUFFOLK POLICE / AFP

 

 

 

 

 

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.