Det har vært nye sammenstøt på Vestbredden i dag. (Arkivfoto)
Palestinske kjelder opplyser at eit israelsk helikopter avfyrte ein rakett mot huset til ein leiande Hamas-aktivist i den delte byen Hebron i den sørlege delen av Vestbreidda.
Aktivisten Jamil Jadallah Halisa (30) var ettersøkt av Israel for å ha stått bak drapet på to jødiske busetjarar. Den israelske hæren seier at drapet på Halisa hadde hindra gjennomføringa av ein sjølvmordsaksjon inne i Israel. To andre palestinarar vart skadde i dette angrepet.
Litt seinare kom det melding om at ein annen framståande Hamas-aktivist, 39 år gamle Abdullah el-Jarushi, var skoten og drepen i byen Tulkarem nordvest på Vestbreidda. Han skal ha vorte skoten utanfor huset til systra si, melder nyheitsbyrået AFP.
I landsbyen Arrabeh utanfor Jenin gjekk israelske styrkar i dag tidleg inn med pansra køyrety og bulldosarar. Her vart to medlemer av Jihad Heilag Krig arresterte. To palestinske politifolk og ein israelsk soldat vart skadde i skyting.