Hopp til innhold

Desse er mistenkte for terrorangrepet i Paris

Ni eller ti gjerningsmenn skal stå bak terrorangrepet som rysta Paris førre fredag. Ein av dei overlevde, og er no på frifot. I tillegg vert stadig fleire bakmenn avdekka.

9 terroristar

Ni personar er mistenkt for terrorangrepa i Paris. Sju er døde.

Foto: NRK

  • Abdelhamid Abaaoud, hjernen bak, døydde i politiaksjonen i Saint-Denis onsdag. Dei siste funna til fransk politi vitnar om at han også kan ha vore aktivt med under angrepet i Paris.

  • Salah Abdeslam som er den einaste overlevande etter angrepet er framleis på frifot og er etterlyst internasjonalt. Han skal ha kryssa grensa til Belgia dagen etter angrepet.

  • Laurdag vart Ahmet Dahmani pågripe på eit luksushotell i Tyrkia. Han er mistenkt for å ha teke del i planlegginga av angrepet.

Abdelhamid Abaaoud (28) - «hjernen bak»

Skal vere den som står bak organiseringa av angrepet, og vart onsdag drepen i ein politiaksjon mot ein bygning i Saint-Denis utanfor Paris. Belgiaren har vore involvert i fleire tidlegare avverja terrorangrep i Frankrike og på eit Thalys-tog mellom Amsterdam og Paris. Han er oppvaksen i Molenbeek der han skal ha blitt kjend med fleire av dei andre bak angrepet.

Han skal ha hatt fleire opphald i Syria sidan 2013, og fram til onsdag trudde ein at han framleis var der. I ettertid har franske myndigheiter fått eit tips om at han skal vere observert i Hellas, og seinare at han skal ha vore i Frankrike.

Etter at Abaaoud vart funnen død har fransk politi kopla fingeravtrykket hans til eit av våpena som vart brukt i angrepet, som peikar mot at han kan ha hatt ei aktiv rolle i angrepet. Våpenet vart funne i ein bilane som vart brukte i angrepet. Bilen vart funnen i 18.arondissement, og eit overvakingskamera skal ha fanga opp Abaaoud ved metrostasjonen Croix de Chavaux som er i same område, fredag kveld.

og rattet på bilen som vart funnen i

Ismaël Omar Mostefaï (29) - Bataclan

Mostefaï er den første av angriparane som vart identifisert. Han er ein av dei tre som angreip og sprengde seg sjølv på konsertstaden Bataclan.

Han er opphavleg frå den parisiske forstaden Courcouronnes, og vert omtala som ein småkriminell som har vorte radikalisert. Han har også budd ein periode i Chartres dei siste åra, og skal ha hatt eit opphald i Syria hausten 2013 og våren 2014. Han har vore i politiets søkelys for radikalisering sidan 2010, og skal ha blitt registrert i ei såkalla S-mappe, som er radikale islamistar som fransk etterretning følger ekstra godt med på.

Samy Amimour (28) - Bataclan

Frå Drancy, ein forstad nord for Paris. Politiet skal ha ransaka heimen hans natt til måndag. Han var kjend for antiterrorpolitiet og skal ha vorte etterforska og overvaka etter at han hadde forsøkt å reise til Jemen. Han forsvann hausten 2013 og det var sendt ut ein internasjonal arrestordre på han. Ifølge familien, som no vert avhøyrt av politiet, skal han ha reist til Syria. Le Monde skriv at faren skal ha reist til IS-kontrollert område i juni 2014 for å overtale han til å kome heim, men til ingen nytte.

Ukjend - Bataclan

Ein tredje angripar skal ha sprengd seg sjølv på konsertstaden Bataclan, identiteten er framleis ukjend.

Bilal Hadfi (20) - Stade de France

Hadfi, ein fransk statsborgar som skal ha budd i Belgia dei siste åra, skal vere ein av dei tre som skal ha sprengd seg sjølv utanfor Stade de France saman med to andre, ifølge ein anonym juridisk kjelde som har uttala seg til Ap. Han skal ha kjent Albdelhamid Abaaoud som er mistenkt for å stå bak planlegginga av aksjonen, ifølge belgiske De Standaard. Ifølge Le Monde skal også Hadfi ha vore i Syria.

Ahmed Almuhamed? (25) - Stade de France

Eit syrisk pass vart funne ved sidan av ein av angriparane på Stade de France, men dette skal vere falskt. Passet er registrert på 25 år gamle Ahmed Almuhamed frå Idlib.

Sjølvmordsbombaren sine fingeravtrykk er registrert i på øya Leros i Hellas 3. oktober der han skal ha kome med ein flyktningbåt. Han skal ha reist vidare gjennom Balkan. Han skal ha reist i følge med ein anna person.

Ukjend - Stade de France

Også fingeravtrykka til denne personen skal vere registrerte på Leros 3.oktober. Søndag la fransk politi ut eit bilete av terroristen, og ber om hjelp til å identifisere han.

Brahim Abdeslam (31) - bar/restaurantar

Han skal ha budd fleire år i Molenbeek, ein forstad til Brussel som skal vere svært belasta. Her skal han ha drive ein bar, «ein tilhaldsstad for småkjeltringar» ifølge ein nabo som uttaler seg til Le Parisien.

Han sprengde seg sjølv på boulevard Voltaire, ved restauranten Comptoir. Han skal ha leigd den svarte Seat-bilen som vart funne i forstaden Montreuil med tre kalasjnikovar søndag. Denne bilen har også belgiske skilt og skal vere bilen som vart brukt til å frakte angriparane til restaurantane i 10. og 11.arondissement fredag kveld. Han vert også knytt til den belgiske IS-krigaren Abdelhamid Abaaoud, som vert utpeika som hovudmannen bak terrorangrepa.

Salah Abdeslam (26) - bar/restaurantar

Bror til Brahim Abdeslam. Han skal ha vore involvert i angrepet på barar og restaurantar i sentrum av Paris. Han er den einaste overlevande etter fredag, og er på frifot. Han skal ha vorte henta av to belgiske menn, og dei skal ha vorte stoppa på grensa mellom Frankrike og Belgia fleire gonger laurdag morgon, men ha blitt sendt vidare. Den svarte bilen som vart funne utanfor Bataclan, registrert i Belgia, skal vere leigd i hans namn.

Ukjend - bar/restaurantar

Fredag kom det fram at politiet har funne fingeravtrykk frå Abaaoud på eit våpen funne i bilen som var brukt i skytinga mot barar og restaurantar i 10. og 11.arondissement.

Andre involverte

Hasna Aït Boulachen

Ho skal vere kusina til Abaaoud. Det er gjennom telefonavlytting av ho ein skal ha funne ut at Abaaoud var i leiligheita i Saint Denis. Boulachen var allereie under overvaking av politiet. Ho døydde i aksjonen i Saint-Denis onsdag.

Sjølvmordsbombar i Saint-Denis

Ahmet Dahmani (26)

Belgiaren vart arrestert i Tyrkia laurdag 21.11 og er mistenkt for å ha vore med å peika ut terrormåla.

Hamza Attou og Mohamed Amri

Desse skal ha henta Salah Abdeslam i Paris natt til laurdag.

Fabien Clain (36)

Stemma på videoen der IS tek på seg ansvaret for angrepet. Skal vere ein fransk muslimsk konvertitt frå Toulouse, og skal ifølge Le Monde ha vore nær Mohamed Mehra som drepte sju menneske, deriblant jødiske elevar og ein lærar, i 2012. Ein har trudd han skulle vere i Syria, der han skal hatt tett kontakt med Abdelhamid Abaaoud, men han kan vere tilbake i Frankrike ifølge RTL.

Saka vert oppdatert

SISTE NYTT

Siste nytt