Hopp til innhold

To av dei drepne i Brussel var israelske borgarar

To av dei drepne i angrepet mot det jødiske museet i Brussel i Belgia i går var israelske statsborgarar. Israels statsminister seier at angrepet er eit resultat av anti-israelske haldningar.

Området rundt det jødiske museet i Brussel er sperret av

Det var i går ettermiddag at ein mann byrja å skyte rundt seg ved inngangen til Det jødiske museet i Brussel.

Foto: ERIC VIDAL / Reuters

Dei to israelske statsborgarane var eit ektepar i 50-åra frå Tel Aviv, opplyser israelske styresmakter. Israels statsminister Benjamin Netanyahu seier at handlinga er eit resultat av konstante truslar mot jødar og staten deira.

– Baktaling og lygner

Skyting jødisk museum Brussel

Ein mann er arrestert etter angrepet i Brussel, men politiet jaktar på minst ein person til.

Foto: NICOLAS MAETERLINCK / Afp

– Ein kan framleis høyre baktaling og lygner retta mot den israelske staten på europeisk jord, medan ein systematisk ignorerer dei brotsverka mot menneskeslekta og mordariske handlingar som finn stand i vår region, heiter det i ei fråsegn frå statsministeren sitt kontor.

Nasjonaliteten til dei to andre offera for skytinga, ein som vart drepen og ein som først vart meldt vart alvorleg, såra, er ikkje kjent. Belgisk fjernsyn melde søndag morgon at ein ung mann som arbeidde som vakt ved museet også var død, dette var endra til at han er kritisk såra.

Mann arrestert

Ein person vart arrestert i saka, men han har no bere status som vitne. Politiet jaktar på ein mann, som dei meiner var åleine om ugjerninga. Også belgiske styresmakter ser på angrepet som ei terrorhandling , sjølv om dei ikkje kan vere heilt sikre før saka er ferdig etterforska.

Det var i går ettermiddag ein person køyrde fram til Det jødiske museet i Brussel, gjekk ut av bilen og opna eld ved inngangen til museet.

Belgiske styresmakter har auka terrorberedskapen også ved andre jødiske institusjonar i landet etter angrepet, melder avisa La Libre .

SISTE NYTT

Siste nytt