Hopp til innhold

Tiltalt etter «Bloody Sunday» i Nord-Irland

Ein soldatveteran er tiltalt for drap og drapsforsøk under «Bloody Sunday» i Nord-Irland i 1972.

Britain Bloody Sunday

Store menneskemengder følgde dei 13 drepne til grava i Londonderry i 1972.

Foto: AP

Mannen er tiltalt for to drap og fire drapsforsøk. 13 menneska blei drepne av britiske tryggingsstyrkar under ein borgarrettsmarsj i Londonderry 30. januar 1972.

Påtalemakta hadde ikkje gode nok bevis til å ta ut tiltale mot 16 andre soldatar som deltok.

Marsjen førte til eskalering av konflikten i Nord-Irland, og ei stor rekruttering til IRA. Først i 1998 blei partane samde om ein fredsavtale, den såkalla den såkalla langfredagsavtalen.

Etterforska sidan 2012

I 2012 blei det klart at politiet i Nord-Irland vil setje i verk drapsetterforsking etter den såkalla «blodige søndagen» i 1972.

Kunngjeringa kom ei veke etter at dronning Elizabeth handhelste på den tidlegare IRA-aktivisten og Sinn Fein-politikaren Martin McGuinness. McGuinness var sjølv til stades under demonstrasjonen i Londonderry.

Britain Bloody Sunday

Det var dramatisk i gatene i Londonderry 30. januar 1972.

Foto: PA / AP

Fleire tiår med valdsbruk

Handtrykket mellom han og dronninga blei sett på som eit viktig steg for å komme vidare i fredsprosessen i Nord-Irland, etter fleire tiår med valdshandlingar som hadde kosta fleire tusen menneske, både soldatar og sivile, livet.

Drapa på dei 13 menneskerettsaktivistane, alle frå den republikanske sida i konflikten, vekte sterke reaksjonar, spesielt i Storbritannia og Irland, men også internasjonalt. I tillegg til dei 13 som miste livet var det 14 såra, og ein av dei døydde seinare av skadane.

SISTE NYTT

Siste nytt