Hopp til innhold

Tesla raste på børsen etter ruteknusing

Tesla fekk hard medfart på New York-børsen etter presentasjonen av den nye Tesla-modellen, som vart presentert natt til fredag.

I natt ble Teslas første pickup lansert. FOTO: TESLA/EBU

Sjå rutetesten av den nye Teslaen her. FOTO: TESLA/EBU

Den futuristisk utsjåande pickup-lastebilen, blant anna kalla «cybertruck», vart lansert i ei direktesending på Internett. Det var då dei skulle teste glasrutene at det skar seg.

Designsjefen Franz von Halzhausen kasta først ein metallball mot ruta, og ruta vart øydelagt. Det same skjedde då han kasta ball nummer to.

– Gjekk ikkje gjennom

Elon Musk's Tesla unveils electric pick-up 'Cybertruck'

Elon Musk skal ha ein formue på vel 20 milliardar dollar.

Foto: Frederic J. Brown / AFP

– Ballen gjekk i det minste ikkje gjennom ruta, var den spontane kommentaren til Elon Musk. Han forsikra om at same testen var gjennomført fleire gonger tidlegare, og då heldt rutene.

Heller ikkje utsjånaden til den nye elbilen fekk særleg god mottaking. NBC News skreiv blant anna at bilen var «svært, svært rar». I det heile har det vore meir spott enn ros å hente for nyvinninga.

Fallet på 6 prosent betyr at den personlege formuen til hovudaksjonær Elon Musk i løpet av fredagen vart redusert med 768 millionar dollar, rundt 7 milliardar kroner, ifølgje det amerikanske økonomimagasinet Forbes.

20 milliardar dollar

Det har han sikkert råd til, for formuen hans blir estimert til over 20 milliardar dollar, rundt 180 milliardar norske kroner. Og det er heller ikkje første gong Tesla-aksjen har opplevd eit fall på 6 prosent.

Det skjedde sist for eitt år sidan, då eksentriske Elon Musk røykte marihuana under ei direktesending på Internett. Då den britiske avisa The Guardian spurde Musk om han syntest det var særleg lurt å gjere, svarte han at The Guardian var den mest ufordragelege avisa i verda.

SISTE NYTT

Siste nytt