Hopp til innhold

Terroretterforsking etter funn av fleire små bomber i London

Tre mindre bomber er i dag funne på flyplassane Heathrow og London City Airport, samt på jernbanestasjonen Waterloo. Brevbombene kan vere sende frå Irland.

Brevbombe i London.

Dette er brevbomba som vart sendt til Heathrow-flyplassen utanfor London.

Foto: AP

Dei tre pakkane vart oppdaga i løpet av føremiddagen i dag. Områda vart sperra av og pakkane undersøkte, og det viste seg at dei inneheldt små heimelaga sprengladningar. London Metropolitan Police opplyser i ei pressemelding at det er starta terroretterforsking.

Her heiter det også at dei tre sprengladningane var pakka inn i gule fora konvoluttar, som igjen var pakka inn i kvite A4-konvoluttar. Dei små bombene kunne ha starta ein liten brann om dei hadde blitt opna. Ingen skal vere skadd som følgje av bombene.

Politiet opplyser til Sky News i kveld at minst to av dei tre brevbombene var frankerte med irske frimerke, og at irsk politi assisterer britisk politi i etterforskinga.

Dei tre sprengladningane, som var pakka i kvite, fora A4-konvoluttar, kunne ha starta ein liten brann om dei hadde blitt opna. Dei er funne på flyplassane Heathrow og London City Airport, samt på jernbanestasjonen Waterloo.FOTO: BBC

VIDEO: Brevbomber oppdaga i London. FOTO: BBC

Trafikken ikkje ramma

Funnet av dei små bombene har ikkje ført til problem for korkje fly- eller togtrafikken. I ettermiddag gjorde politiet framleis undersøkingar ved London City Airport og Waterloo Station, melder Sky News.

Antiterroravdelinga ved London-politiet seier at dei ser dei tre bombefunna i samanheng, men at dei ikkje kjenner motivet. Ingen er arrestert i saka, men etterforskinga held fram for fullt, blir det opplyst.

Vise-innanriksminister Chris Grayling oppmodar publikum til å ha auga med seg og rapportere «alt mistenkjeleg» til politiet.

Bombefunn Waterloo Station,

Politiet har sperra av delar av Waterloo Station i London etter funn av ei brevbombe på stasjonen.

Foto: Tolga Akmen / AFP

– Ekstra tryggingstiltak

Sjefen for det britiske transportpolitiet, Sean O'Callaghan, stadfestar at det er sett i verk ekstra tryggingstiltak på togstasjonar og på T-banen.

– Politifolk vil vere svært synlege på stasjonane, om bord i tog og på T-banenettet. Om det er noko folk vil dele med oss, så berre ta kontakt med oss eller dei tilsette, seier han.

Brevbomba på Heathrow var adressert til The Compass Centre, ein kontorområde eit stykke unna terminalen. Ei talskvinne for flyplassen seier at flyplasspolitiet samarbeider med London Met i etterforskinga av brotsverket.

Dei irske frimerka på brevbombene har hjartemotiv, og dei er del av ein serie frimerke frå det irske poststellet med kjærleik og bryllaup som tema.

Brevbombe i London.

Brevbomba som vart sendt til Waterloo Station. Sprengladninga var pakka inn i ein gul fora konvolutt, som igjen var pakka inn i ein kvit A4-konvolutt.

Foto: AP

SISTE NYTT

Siste nytt