Hopp til innhold

Terrorangrep i Russland: Dette er dei sikta

Fire menn frå Tadsjikistan er sikta for masseskytinga førre veke. Russland-forskar meiner at Putin har valt seg ut eit motiv for angrepet som passar hans narrativ.

Politimann i militærklede og balaklava og våpen står framfor rettsboksen, der sikta Saidakrami Murodali Rachabalizoda sit med papir rundt eine øyret.

AVKUTTA ØYRE: Saidakrami Rachabalizoda møtte opp i retten søndag med bandasje på høgre øyre.

Foto: Shamil Zhumatov / Reuters

I denne saka kan du lese om:

Fire menn frå Tadsjikistan er sikta etter masseskytinga i ein konserthall utanfor Moskva fredag. Det melder det russiske statlege nyheitsbyrået Tass.

Sjølv om Den islamske stat (IS) har tatt på seg skulda, har russiske styresmakter indirekte peikt mot Ukraina, og vist til at dei sikta blei pågripe visstnok på rømmen i retning Ukraina.

Videoen av pågripinga er geolokalisert 140 kilometer frå grensa til Ukraina, som også er omtrent like langt unna grensa til Belarus. President Volodymyr Zelenskyj kallar ei mogleg tilknyting til Ukraina for «absurd».

– Det er betre om det kan koplast til Ukraina-krigen, som styrker hans bodskap, seier Russland-forskar ved Nupi Jakub Godzimirski.

At IS faktisk har tatt på seg skulda, vil ikkje Kremls talsperson Dmitrij Peskov kommentere. I same intervju ber han om at internasjonalt samarbeid må til i kampen mot terror.

jakub godzimirski

Nupi-forskar Jakub Godzimirski meiner at Vladimir Putin vil unngå å sette søkelys på islamistisk terror.

Foto: Christopher Olssøn

Godzimirski fortel at kampen mot islamistisk fundamentalisme og terror, var særleg viktig i starten av Putins politiske karriere. Russland har vore i krig med ulike militante islamistiske grupperingar, mellom anna i Tsjetsjenia og Syria.

At dette framleis er eit problem, passar ikkje inn i hans narrativ.

– Det er fleire teoriar om motivet til IS, men også om motivet til dei tre sikta i saka. Ein teori er at dei ønskte å tene pengar, ein teori Putin har valt å fremme.

I ein video publisert av russiske Telegram-kanalar med band til Kreml, seier ein av dei sikta at han skaut folk «for pengar». Hendene hans er bundne og han blir heldt etter håret.

Kateterpose og rullestol

Det herskar ingen tvil om at behandlinga av dei fire sikta mennene har vore nådelaus.

Søndag kveld kom dei første bileta frå retten i Besmanny i Moskva. Ein ung mann i rullestol blir trilla inn i rettsboksen, auga er lukka og ein ser så vidt at han pustar.

Han skal ifølge det russiske nyheitsbyrået Tass hatt store problem med å snakke, og på fanget ligg noko som ser ut som ein kateterpose.

Mukhammadsobir Faizov i rettsboksen. Sit i rullestol og med blått auge. Lukker augene.

Mukhammadsobir Faizov i rettsboksen i Moskva søndag.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP

Mannen er identifisert som 19 år gamle Mukhammadsobir Faizov, og er ein av mennene russiske sikkerheitsmyndigheiter hevdar er ansvarlege for masseskytinga i ein konserthall utanfor Moskva fredag kveld.

Ifølge det statlege nyheitsbyrået Ria har Faizov vore arbeidsledig den siste tida, men tidlegare arbeidd som frisør.

Dei tre andre mennene som er sikta, er identifiserte som Dalerdzhon Mirzoyev (32), Shamsidin Fariduni (25) og Saidakrami Rachabalizoda (30). Dei er dømde til to månaders varetektsfengsling, i påvente av ein rettssak.

Hittil er 11 personar som Russland hevdar har koplingar til angrepet, arresterte.

Videoar viser brutal behandling

Videoar og bilete lekka av russiske Telegram-kontoar, viser brutal behandling av dei mistenkte.

På eit bilete ligg Fariduni på eit golv med buksa dratt ned, med ei elektrisk innretning kopla mot underlivet.

Ein annan video viser arrestasjonen av det som skal vere Rachabalizoda, som får øyret sitt kappa av og ført inn i sin eigen munn. Han møtte opp i retten i går med bandasjert øyre.

At russiske styresmakter har latt bileta sirkulere i media, meiner Russland-forskar Godzimirski handlar om å statuere eit eksempel.

Dalerdzhon Mirzoyev i retten

Dalerdzhon Mirzoyev møtte opp i rettsboksen søndag med blått auge og kutt i ansiktet.

Foto: Shamil Zhumatov / Reuters

Høyr Utanriksredaksjonens podkast om angrepet:

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.