Hatmeldingane mot tannlegen og sportsjegeren Walter Palmer har hagla i sosial media etter at det i går blei kjent at han skal ha betalt 50.000 dollar, eller om lag 400.000 kroner, for å ta livet av den berømte løva Cecil i Zimbabwe.
Ei gruppe med demonstrantar møtte onsdag opp utanfor det mellombels stengde tannlegekontoret til Palmer i Minneapolis, Minnesota, for å markera avsky mot ugjerninga og minnast den avdøde løva. Einskilde hadde med seg dyrebamsar, andre var kledde i løvekostyme og bar med seg skilt med påskrifta «la jegeren bli jakta på» og «Utlever Walter Palmer».
Samstundes har politiet i delstaten oppretta etterforsking av ein drapstrugsel mot Palmer.
Tannlegen: – Visste ingenting
Løva med den karakteristiske svarte manken blir omtalt som eit prakteksemplar og var utstyrt med GPS-halsband i samband med ein studie utført av Oxford University i Storbritannia. Den skal ha blitt lokka ut av Hwange nasjonalpark, eit verna område, skoten med armbrøst eller pil og boge og jakta på i meir enn 40 timar før den til slutt vart skoten og drepen.
Palmer har erkjent at han drap løva, men hevdar at han trudde det han gjorde var lovleg. Han er førebels ikkje sikta for ugjerninga, men politiet i Zimbabwe jobbar med å finna ut kvar mannen oppheld seg, melder Ap.
«Eg visste ingenting om at løva var ein kjent, lokal yndling og del av ein studie før mot slutten av jakta», seier Palmer i ei kunngjering via eit kommunikasjonsfirma.
Lokal medhjelpar risikerer 15 års fengsel
Tannlegen skal ha fått hjelp av ein lokal profesjonell jaktguide og ein bonde til å gjennomføra jakta. Onsdag møtte begge to i retten i Zimbabwe. Bonden gjekk fri og er ikkje lenger sikta i saka. Jaktguiden slapp fri mot kausjon, men risikerer 15 år i fengsel dersom han blir funnen skuldig i å «ikkje ha forhindra ulovleg jakt».
Den amerikanske tannlegen er tidlegare dømd for ulovleg jakt etter at han i 2006 skaut ein svartbjørn i eit område i Wisconsin i USA som han ikkje hadde løyve til å jakta i. Han erkjente i retten å ha snakka usant om kvar han skaut bjørnen og vart dømd til ei prøvetid på eit år og fekk ei bot på 3000 dollar.
Miljøvernorganisasjonen WWF Noreg seier til NRK at dei ikkje er motstandarar av berekraftig jakt som skjer under sterkt kontrollerte former og i samarbeid med lokalsamfunna.
– Men i dette tilfellet har jakta gått føre seg på ein avskyeleg og moralsk forkasteleg måte. Dette er ikkje måten å driva jakt på, seier generalsekretæren i WWF Noreg, Nina Jensen.