Syriske regjeringsstyrkar vil stanse tyrkisk invasjon

Syriske regjeringsstyrkar førebur seg på å sende soldatar til den nordlege delen av landet for å stanse den tyrkiske invasjonen der, melder statlege syriske nyheitsmedium.

Tyrkisk-støtta syrisk militsgruppe.

Militssoldatar som støttar den tyrkiske regjeringshæren har gått inn i grensebyen Tell Abyad.

Foto: Khalil Ashawi / Reuters

Den kurdiske administrasjonen i Nord-Syria opplyser søndag kveld at det er oppnådd semje med den syriske regjeringa om å sende regjeringssoldatar til grensa mot Tyrkia for å stanse den tyrkiske offensiven.

Ein høgtståande kurdisk politikar, Ahmed Suleiman, seier til nyheitsbyrået Reuters at det har vore forhandlingar mellom kurdiskleidde Syrian Democratic Forces (SDF) og den syriske regjeringa på den russiske flybasen Hmeimin lenger sør i Syria.

Medieavdelinga til SDF vil ikkje kommentere fråsegna frå Suleiman, men stadfestar at dei vil gjere alt dei kan for å hindre etnisk reinsing av det kurdiske folket. Syriske styresmakter har heller ikkje kommentert meldingane.

Nektar å stanse offensiven

Recep Tayiip Erdogan.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan seier at meldingane om rømde IS-medlemer ikkje er anna enn propaganda. Trass internasjonalt press nektar han å stanse offensiven inne i Syria.

Foto: AP

Den tyrkiske militæraksjonen i det nordlege Syria er inne i sitt femte døgn. Den tyrkiske presidenten har gjort det klart at landet ikkje vil stanse offensiven før dei har etablert ei buffersone 30 kilometer inn i Syria.

Den libanesiske fjernsynsstasjonen Al Mayadin melde tidlegare i dag at den syriske regjeringshæren førebur ein militæroffensiv mot byen Kobani, som blir kontrollert av SDF, og mot Manbij. Offensiven vil starte om to døgn, blir det opplyst.

Samstundes aukar det internasjonale kravet om at Tyrkia må stanse militæraksjonen sin inne i Syria. Frankrikes president Emmanuel Macron og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel krev i ei felles fråsegn søndag kveld at Tyrkia avsluttar offensiven.

Macron snakka med Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan på telefon i dag, og der gjorde han det klart den tyrkiske offensiven berre oppnår å styrkje terrororganisasjonen IS.

Kraftig kritikk frå USA

Også USA har kome med kraftig kritikk av Nato-partnaren Tyrkia, og USA har gjort det klart at dei trekkjer rundt 1000 soldatar ut av området, og landet truar Tyrkia med harde økonomiske sanksjonar. Kurdiske grupper har vore ein viktig støttespelar for USA i kampen mot IS i Tyrkia.

Kurdiske opprørssoldatar i Tal Abyad

Kurdiske opprørssoldatar førebur seg på å forlate stillingane sine ved grensebyen Tell Abyad.

Foto: Reuters Tv / Reuters

I dag kom det meldingar om at fleire hundre menneske som har vore knytte til IS, har rømt frå ein leir i byen Ain Issa i Syria etter eit tyrkisk angrep. Det skal vere snakk om fleire hundre personar, både born og vaksne.

Det vart først meldt at det også var norske IS-medlemer blant dei som flykta, men dette er ikkje stadfesta. Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan har avvist meldingane som rein propaganda.

– 700 på flukt

NRK har i dag snakka med Shekhmos Ahmed, som oppheld set like ved leiren Ain Issa. han seier at sovande IS-celler har gått inn og hjelpt rundt 700 som budde i leiren, å flykte . Han fortel også at det er heist IS-flagg i leiren.

Jubel i Tyrkia.

Jubelscener i den tyrkiske grensebyen Akçakale då meldingane om at tyrkiske soldatar hadde teke seg inn i Tell Abyad i Syria.

Foto: Ismail Coskun / AP

Mange av dei som hadde opphald i leiren skal ha vore familiemedlemer av fengsla IS-krigarar.

Tyrkiske soldatar og militsgrupper som støttar Tyrkia skal i dag ha teke kontroll over grensebyen Tell Abyad. Dei skal også ha teke kontroll over den viktige hovudvegen mellom grensa til Irak og Aleppo, som er ein viktig forsyningsveg for den kurdiske YPG-militsen.

Tyrkia meiner YPG er ein terrororganisasjonen, og landet seier at målet med militæraksjonen er å få gruppa bort frå områda nær den tyrkiske grensa.

SISTE NYTT

Siste nytt