Normal

Syriske opprørarar tok grensepost

Ein grensepost langs den syrisk-tyrkiske grensa er no kontrollert av syriske opprørarar.

Syrisk jubel

SYRARAR JUBLAR: På god avstand ser syriske motstandarar av president Bashar al-Assad at grenseposten nord i landet vert teken over av opprørarane.

Foto: The Associated Press

– Eg fraktar vatn til og frå Syria, til opposisjonshæren. Dei er svært tørste etter å ha kjempa mot den syriske regjeringshæren gjennom heile natta, seier ein syrar til nyheitsbyrået Reuters.

Han er på den tyrkiske sida av grensa, saman med svært mange andre syrarar. Mange av dei er flyktningar, og dei ser og høyrer det som går føre seg på den andre sida med stor entusiasme. Dei er glade for at opposisjonshæren no har teke over kontrollen av grenseposten, og at det syriske flagget er rive ned.

– Dette er byrjinga på slutten, viss Gud vil, utbryt ein tilhengjar av opposisjonen, og held fram:

– Bashar al-Assad er ferdig. Game over!

Ein tyrkisk grensevakt kunne til Reuters stadfeste at posten no er under full kontroll av den syriske opposisjonshæren. Det er i så tilfelle den tredje grenseovergangen som president Bashar al-Assad har mist.

Bab al-Hawa, al-Salama og Jarabulus er alle tekne av opprørarane. Når dei no kontrollerer så mykje av inn- og utførselen av varer og våpen nord i landet, vert det truleg lettare for opposisjonen å leggje eit større press på regjeringa i Damaskus.

Konflikten rammar òg tyrkisk side

Men kampane har òg ei negativ side for Tyrkia. Kampane har vore harde, og skotvekslinga har ramma tyrkisk side. Det har ført til at styresmaktene har stengt skular og stoppa all jordbruk nær grensa.

– Ei stor mengd kuler har landa nær oss, og me er redde. Me må halde oss inne heile tida, og me veit ikkje kva me kan gjere, seier ein mann til CNN.

Ei tyrkisk kvinne og dottera hennar vart i går kveld skadde av ei kule på avvege. Fleire hus er òg trefte av kuleregnet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt