Hopp til innhold

Aukar prisen på svensk kjøt

Svenske kjøtbønder slit med å tene pengar i konkurransen med billegare utanlandsk kjøt, og aukar prisen.

Kjøttdisk i Svinesund

Prisen på svensk kjøt kjem til å auke i løpet av året, men vil framleis vere billegare enn i Norge.

Foto: Øijord, Thomas Winje / SCANPIX

Handelen av svensk storfe- og svinekjøt kjem til å bli litt dyrare.

For å kunne gje bøndene nok løn skal kjøtprodusenten Scan heve prisen på svensk storfe- og grisekjøt med 10–15 prosent, skriv Sveriges Television.

– Det er tøft både for produsentar av okse- og svinekjøt. Difor må vi betale betre for den svenske råvara og kompensere for kostnadane til bøndene ved å auke prisane, seier Magnus Lindholm, direktør i Scan ifølgje NTB.

Då matmomsen i Noreg auka i fjor, blei det spådd ei tilsvarande auke i svenskehandel.

LES: Kjøttberget skulle leveres til en fest

Det vil framleis vere billegare å handle kjøt i Sverige enn i Norge, sjølv om prisen aukar litt.

Framleis billeg

Sjølv om det blir 10–15 prosent dyrare svenskekjøt, skal det framleis vere pengar å spare på å kjøpe kjøt i Sverige.

– Dersom ein kjøper ei heil handlevogn med varer, kan det vere 40 – 50 prosent rimelegare totalt, men når det gjeld kjøt kan det handle om meir enn 50 prosent, seier Fredrik Jacobssen ved EuroCash til nettavisa DinSide.

Ifølgje Sveriges Television går det dårleg for den svenske kjøtbransjen. Trass i at svenskane et meir kjøt, har mange bønder lagt ned produksjonen det siste året.

Må nedbemanne

Den minskande kjøtproduksjonen fører til overkapasitet hjå slakteria, som er nøydde å kvitte seg med folk. Fleire svenske produsentar har lagt ned produksjonen fordi den ikkje lengre er lønnsam.

Ei viktig årsak til problema i den svenske kjøtindustrien er ifølgje svt.se auka import av utanlandsk kjøt. Denne trenden er forsterka av ei sterkare svensk krone som har gjort det billegare å importere.

Over halvparten av storfekjøtet som blei omsett i Sverige i fjor, var importert. Det same var over ein tredjedel av svinekjøtet.

SISTE NYTT

Siste nytt