NRK Meny
Normal

Stormen "Alex" gjer vondt verre i Mexicogolfen

Den tropiske stormen «Alex» er på veg mot Mexicogolfen, og dette kan gjere situasjonen etter gigantutsleppet av olje enda verre.

Oljen støtrymer framleis ut frå BP-brønnen i Mexicogolfen.

Ferske bilete viser at det framleis strøymer olje ut i Mexicogolfen. Og no kan situasjonen bli enda verre.

Foto: HANDOUT / Afp

«Alex» er den første stormen i orkansesongen i Atlanterhavet i år. Det nasjonale orkansenteret i USA opplyser at stormen har uitvikla seg i den vestlege delen av Det karibiske hav, ikkje langt frå Yacatanhalvøya i Mexico.

LES OGSÅ: BPs aksjer stuper etter oljekrisen

LES OGSÅ: BP har brukt 16 mrd på oljesølet

Mot Yacatanhalvøya

Admiral Thad Allen i Den amerikanske kystvakta.

Admiral Thad Allen i den amerikanske kystvakta seier at dette er ein heilt ny situasjonen.

Foto: PAUL J. RICHARDS / Afp

«Alex» er på veg i nordvestleg retning som i første omgang vil føre han over Honduras, Belize og Yacatanhalvøya i løpet av helga, og deretter står Mexicogolfen for tur. Orkansenteret reknar med at stormen vil ta seg opp i styrke på vegen mot Mexicogolfen.

Grensa for å bli kalla ein tropisk storm er på 63 kilometer i timen. «Alex» har alt nådd denne farta, og vil auke i styrke etter kvart. Det er venta at stormen vil kome opp i 165 kilometer i timen i løpet av kort tid.

Stormen fører også med seg store mengder nedbør.

Orkansesongen i Atlantarhavet varer frå 1. juni til 30. november, og metorologane reknar med at aktiviteten i år blir større enn vanleg. Sjøtemeperaturen i den tropiske delen av Atlantarhavet er høgare enn normalt i år, og dette gjer at det blir danna fleire stormar og orkanar.

LES OGSÅ: Fjernet lokket over oljelekkasjen

LES OGSÅ: Amerikanere flest vil ikke ha borestans

Ny situasjon

Det er for tidleg å seie om «Alex» vil treffe direkte på området med det store oljeutsleppet, men admiral Thad Allen i den amerikanske kystvakta seier til CNN at dei no legg planar for korleis dei skal handtere situasjonen dersom stormen treff samtstundes som det strøymer ut olje.

- Det er første gong vi opplever noko slikt, så vi har ikkje noko etablerte beredskapsplanar å følgje, seier han.

Oljeutsleppet har alt nådd strendene i det vestlege Florida, og fleire populære turistområde har erklært badeforbod. Ingen veit kva som vil skje om «Alex» råkar området med full styrke.

Det var 20. april i år at oljeplattformen «Deepwater Horizon» eksploderte i Mexicogolfen. 11 arbeidarar omkom, og så mykje som 60.000 fat olje kan ha leke ut i havet. Det britiske oljeselskapet BP, som opererte riggen, har gjort fleire mislukka forsøk på å stanse utsleppet.

LES OGSÅ: Obamas stabssjef refser BP-sjefen

LES OGSÅ: Ny blemme fra BP-Svanberg

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt