Hopp til innhold

Støre trur ikkje på rask våpenkvile

Hamas har godteke forslaget til våpenkvile på Gazastripa, seier fleire kjelder. Jonas Gahr Støre trur ikkje på ei snarleg løysing.

Ban Ki-moon og Hosni Mubarak i Cairo 14. januar 2009.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon saman med Egypts president Hosni Mubarak.

Foto: CRIS BOURONCLE / AFP

Den norske utanriksministeren sa etter møtet med den egyptiske kollegaen sin i Kairo i kveld at det vil ta fleire dagar med forhandlingar før ei våpenkvile kan vere på plass.

- Eg har ikkje høyrt noko som tilseier at det ligg an til semje no, seier han i kveld.

Men fleire kjelder i den egyptiske hovudstaden seier at Hamas, iallefall langt på veg, har godteke forslaget til ei våpenkvile.

Jonas Gahr Støre

Jonas Gahr Støre deltek i det internasjonale diplomatiet om Gaza.

Forvirrande

Ei egyptisk diplomatisk kjelde AFP har snakka med seier at Hamas har godteke forslaget. Det same seier Spanias utanriksminister Miguel Angel Moratinos, ifølgje storavisa El Pais.Men det spanske utanriksdepartementet seier at dei ikkje kjenner til dette.

Ein av Hamas sine leiarar i Libanon, Osama Hamdam, seier til Al Jazeera at det framleis er fleire uavklarte punkt i avtalen.

I morgon torsdag kjem den israelske toppforhandlaren Amos Gilad, ein nær medarbeidar av forsvarsminister Ehud Barak, til Kairo for å diskutere det egyptisk-franske forslaget til våpenkvile.

- Vi vil bringe vidare Hamas sitt syn på våpenkvileforslaget til Gilad torsdag, seier Egypts utanriksminister Abul Gheit. Men han vil ikkje ut med detaljar om forhandlingane.

I kveld seier ein talsmann for Israels statsminister Ehud Olmerg at Israel ikkje er interessert i ei førebels våpenkvile. Israel vil ha ein avtale som sikrar landet mot rakettangrep frå Gazastripa.

Hamas skal vere interessert i ein tidsavgrensa avatale på seks månader, og dette kan bli eit vanskeleg punkt.

Egyptisk-fransk plan

Planen det no blir forhandla om er utarbeidd av Egypts president Hosni Mubarak og hans franske kollega Nicola Sarkozy. Abul Gheit seier planen skal sikre ei rask våpenkvile, og semje om ei snarleg tilbaketrekking av dei israelske styrkane frå Gazastripa.

Det palestinske nyheitsbyrået Ramattan melder at Hamas har godkjent forslaget til våpenkvileavtale, med høgståande Hamas-leiarar som kjelde. Hamas har ikkje offisielt stadfesta dette.

På ein pressekonferanse i Kairo i kveld sa Hamas-talsmannen Salah al-Bardawil at organisasjonen har gitt Egypt idear om korleis krisa kan løysast, og sa også at det ikkje er usemje mellom Egypt og Hamas i dette sprøsmålet. Han ville vere ikkje meir konkret.

Dette skjer samstundes med at talet på døde i krigen på Gazastripa har passert 1000.

Internasjonalt diplomati

Frankrikes utanriksminister Bernard Kouchner sa i Paris i dag at ein no kan byrje å sjå resultatet av det internasjonale diplomatiet.

- Eg ser konturane av ein våpenkvileavtale, sjølv om det framleis er alvorlege hindringar, seier han.

Jonas Gahr Støre, kom til Kairo ved 17-tida i dag, medan FNs generalsekretær Ban Ki-moon kom tidlegare i dag. EUs Midtausten-utsending Tony Blair kjem til Kairo i løpet av morgondagen saman med EUs utanriksansvarleg Benita Ferrero-Waldner og Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier.

Video nsps_upload_2009_1_14_19_52_7_2416.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SISTE NYTT

Siste nytt