Hopp til innhold

- Sverige går ei vanskeleg tid i møte

Jens Stoltenberg seier seg lei for at Sverigedemokraterna har fått innpass i Riksdagen, og seier Sverige går ei vanskeleg tid i møte etter nattas valresultat.

Jens Stoltenberg og Fredrik Reinfeldt (2009)

Jens Stoltenberg tykkjer valresultatet set Fredrik Reinfeldt i ein kinkig posisjon. Her frå eit møte mellom dei to i 2009.

Foto: Claudio Bresciani / SCANPIX

Det blei eit dramatisk valresultat i Sverige i natt.

Korkje den raudgrøne eller den borgarlege alliansen har fleirtal i Riksdagen, og dermed er det innvandrarfiendtlige Sverigedemokraterna på vippen når Fredrik Reinfeldt no skal danne ny mindretalsregjering.

Statsminister Jens Stoltenberg (Ap) seier Sverige har fått ein vanskeleg parlamentarisk situasjon ved at Sverigedemokraterna har kome på vippen.

– Det er eit val utan klare vinnarar. Regjeringspartia tapte fleirtalet, men ser ut til å likevel kunne fortsetje i regjering. Samstundes kjem Sverigedemokraterna på vippen. Det skaper ein vanskeleg situasjon, seier Stoltenberg som for øyeblikket er i New York for å delta på FNs årlege hovudforsamling.

Beklagar resultatet

Stoltenberg seier seg lei for at Sverigedemokraterna har fått innpass i Riksdagen, og meiner svensk politikk går ei utfordrande tid i møte.

– Det er eit utttrykk for at eit parti som har ganske ytterleggåande synspunkt når det gjeld innvandring har fått gjennomslag i svensk politkk ved å komme inn i Riksdagen. Det beklagar eg.

– I tillegg skapar det ein vanskeleg parlamentariske situasjon i Sverige fordi det blir vanskeleg å styre når regjeringspartia ikkje lenger har reint fleirtal i Riksdagen, legg statsministeren til.

– Lykke til

Sjølv om Arbeiderpartiet sitt svenske søsterparti, Socialdemokraterna tapte valet for dei borgarlege, vil Stoltenberg gratulera Reinfeldt med fornya tillit frå det svenske folk.

– Eg vil ønske Fredrik Reinfeldt lykke til med å søkje å danne regjering og styre landet, sjølv om dei tapte fleirtalet i valet, seier Stoltenberg til NRK.