Spørsmål og svar om Fukushima

NRK gir deg svar på spørsmåla om situasjonen i Japan, om kva som har skjedd og kva som kan skje ved Fukushima-kraftverket.

Reaktor nummer tre brenner etter eksplosjon

Reaktor nummer tre ved atomkraftverket Fukushima i brann etter ein eksplosjon.

Foto: Digital Globe/HO / Reuters

Det har vore to eksplosjonar ved Fukushima-kraftverket etter jordskjelvet og den påfølgande tsunamien sist fredag. Ein tredje reaktor står i fare for å smelte ned .

Kor stor fare er folk i Japan utsette for? Og kor stor sjanse er det for at radioaktivt materiale kan spreie seg til andre delar av verda? BBC har samla svara, og NRK gir deg dei her.

Har radioaktivt materiale kome ut?

Ja. Lokale styresmakter i Fukushima seier at 190 personar er utsette for radioaktiv stråling. Eit amerikansk krigsskip, USS Ronald Reagan, har målt små mengder stråling så langt som 160 kilometer frå Fukushima-kraftverket.

Kor mykje radioaktivt materiale har kome ut?

Ifølgje japanske myndigheiter er det målt låge stråleverdiar på utsida av kraftverket. Det internasjonale atomenergibyrået IAEA har kategorisert ulykka på nivå fire av sju på INES-skalaen, som betyr at det er ei «ulykke med lokale konsekvensar». Det er ikkje målt radioaktiv stråling i Russland.

Kva type radioaktivt materiale har sleppt ut?

Det har kome meldingar om at radioaktive isotopar av cesium og jod nær kraftverket. Ekspertar seier radioaktive isotopar av nitrogen og argon også truleg har sleppt ut. Det er ikkje påvist at uran eller plutonium har sleppt ut.

Måler radioaktiv stråling på evakuerte

Måling av radioaktiv stråling på evakuerte i Koriyama, nær Fukushima.

Foto: Wally Santana / Ap

Kva skade kan desse radioaktive stoffa gjere?

Radioaktiv jod kan vere skadeleg for barn og unge som bur i nærleiken av kraftverket. Etter ulykka i Tsjernobyl i 1986 vart det avdekt nokre tilfelle av kreft i skjoldbruskkjertelen hos dei som vart råka. Dei som raskt får i seg jodtablettar skal uansett kunne vere trygge.

Radioaktiv cesium samlar seg i mjukvevet, medan plutonium samlar seg i bein og i lever.

Radioaktiv nitrogen blir brote ned på få sekund. Argon er ikkje helseskadeleg.

Korleis slapp det radioaktive materialet ut?

Det har vore problem med kjølesystemet, noko som har ført til overoppheting i reaktorar. Påfølgande stor produksjon av damp har gjort at trykket har bygd seg opp inne i reaktorane, og små mengder med damp er sleppt ut for å lette på trykket.

Tysdag 15. mars eksploderte enda ein av reaktorane, og forseglinga rundt reaktor to skal vere broten. Dette kan føre til at damp slepp ut utan stans.

Ifølgje ekspertar tyder funn av radioaktiv cesium og jod på at det har skjedd ei nedsmelting av brenselsstavar. Men brenselsstavane av uran har veldig høgt smeltepunkt, så det er lite truleg at desse har smelta, meiner dei.

Kan radioaktivt materiale ha sleppt ut på anna vis?

Myndigheitene i Japan har pumpa sjøvatn inn i dei tre reaktorane. Dette vatnet vil bli forurensa på si ferd gjennom reaktoren, men det er førebels uklart om noko av dette har sleppt ut frå kraftverket.

Tverrsnitt av samme type atomreaktor som er brukt i Fukushima reaktorene.

Tverrsnitt av ein atomreaktor av same typen som er brukt ved Fukushima.

Foto: general electric

Kor lenge vil forurensinga halde fram?

Radioaktiv jod blir brote ned nokså raskt. Det meste vil vere borte på ein månad. Radioaktiv cesium blir ikkje lenge i kroppen, og det meste vil vere borte på eit år. Det blir likevel verande i miljøet og kan skape problem i mange år framover.

Har det skjedd ei nedsmelting?

Uttrykket «nedsmelting» blir brukt på fleire måtar. Som tidlegare nemnt, tyder funn av radioaktivt jod og cesium på at noko av metallet i reaktorane har smelta. Det finst derimot ingen indikasjonar på at uranium har smelta.

Det er heller ingenting som tydar på at metallet smeltar, samlar seg i botnen av reaktoren og startar ein kjedereaksjon som gjer at materialet borar seg veg nedover i jordskorpa.

Om ei slik nedsmelting startar, skal den japanske reaktoren vere i stand til å hindre det i å utvikle seg. Ifølgje rapportane skal reaktorane vere omslutta av eit sementbasseng som er laga for å fange opp slikt materiale.

(Dette er kalt «Kina-syndromet», etter ein idé om at avfall frå ei nedsmelting kan bore seg heile vegen frå eit amerikansk kraftverk til andre sida av jorda, og kome ut igjen i Kina.)

Kan dette utvikle seg til ei Tsjernobyl-liknande katastrofe?

Ekspertar seier det er veldig lite sannsynleg. Kjedereaksjonar ved alle reaktorane har stansa. Eksplosjonane som har skjedd, fann stad på utsida av kapslane som omsluttar reaktorane. Ved Tsjernobyl-ulykka vart ein reaktor eksponert for luft etter ein eksplosjon, noko som førte til at ein brann herja i fleire dagar og sendte ei røyksky med radioaktivt avfall ut i atmosfæren.

Eksplosjonane ved Fukushima-kraftverket har berre skadd taket og veggane rundt kapslane.

Et lagringsbasseng for radioaktivt MOX-brennstoff i reaktor nr. tre ved Fukushima 1-kraftverket

Eit lagringsbasseng for radioaktivt MOX-brennstoff i reaktor nr. tre ved Fukushima 1-kraftverket.

Foto: JIJI PRESS / Afp

Kan dette føre til ein kjernefysisk eksplosjon?

Nei. Ei atombombe og eit atomkraftverk er to forskjellige ting.

Kva var det som gjorde at hydrogen slapp ut av reaktoren?

Ved høge temperaturar kan damp bli spalta til hydrogen og okygen om det kjem i kontakt med metallet zirconium, som blir brukt til å lage hylsteret rundt reaktorane. Blandinga er veldig eksplosiv.

Korleis fungerer jod-tablettar?

Om kroppen har nok jod, vil han ikkje ta opp jod frå lufta. Tablettane fyller kroppen med ikkje-radioaktiv jod, som gjer at kroppen slepp å ta opp radioaktiv jod.

Kor mykje radioaktivitet er målt ved Fukushima-kraftverket?

Ifølgje nyheitsbyrået Kyodo vart det målt utslepp på 1557 mikrosievert per time søndag 13. mars. Om ein utset seg for dette i ein time, svarar det til eitt røntgenbilete av brystet. Det er seinare målt 750 mikrosievert per time måndag morgon og 20 microsievert måndag føremiddag.

Til samalikning blir kvar passasjer på ei langdistanseflyging utsett for om lag fem mikrosievert i timen.

Etter eksplosjonane tysdag er det målt nivå på 400 mikrosievert i timen, og folk som bur innanfor ein omkrins av 32 kilometer frå kraftverket har fått beskjed om å halde seg innandørs.

Det blir raskt lågare målingar om ein flyttar seg vekk frå sentrum. Det er rapportert målingar som er høgare enn normalen også i hovudstaden Tokyo , men myndigheitene seier verdiane ikkje er helsefarlege.

Drosjesjåfør Ebi Haba stolar ikkje på myndigheitene

Drosjesjåfør Ebi Haba stolar ikkje på at myndigheitene fortel heile sanninga.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Er stråling trygt på nokon som helst slags måte?

I nokre deler av verda er bakgrunnsstråling mykje høgare enn andre stader, mellom anna i Cornwall, Sør-England. Likevel bur folk der, og andre reiser dit gladeleg på ferie.

Som tidlegare nemnt, blir også passasjerar på langdistanseflygingar utsette for stråling som er høgare enn normalen. Det er få som lar denne strålinga stå i vegen for flyreiser. Kabinpersonale utset seg sjølve for stråling i lange periodar sidan det er jobben deira å fly.

Også på sjukehuset blir ein utsette for stråling, mellom anna når ein tar røntgenbilete.

Forskarar klarar ikkje å bli samde om slik stråling er heilt trygg. Men at det skjer, er heilt sikkert.

Korleis vil problema ved Fukushima påverke resten av verda?

Det kjem an på kor mykje radioaktiv stråling som slepp ut. Per i dag seier IAEA at dette vil få «lokale følgjer».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt