Hopp til innhold

Legendarisk spionfly styrta i USA – ein flygar omkom

Eit amerikansk U-2 fly har styrta i Sutter-fjella i California i USA. Flyet er av same type som det berømte spionflyet som nær utløyste atomkrig i Bodø i 1960.

Spionfly U-2 styrtet i California

SLØKKING: Det braut ut brann på staden der spionflyet trefte bakken i Sutter Buttes-fjella ikkje langt frå flybasen nær Sacramento i California

Foto: Rich Pedroncelli / Ap

Flyet av typen Lockheed U-2 Dragon Lady krasja kort tid etter avgang tysdag morgon lokal tid frå Beale Air Force Base.

Laster Twitter-innhold

Flybasen stadfesta kort tid etter styrten at begge pilotane hadde skote seg ut. Litt seinare kom meldinga om at den eine flygaren hadde mist livet, medan den andre er skadd og innlagt på sjukehus. Kor alvorleg skadd den andre flygaren er, er ikkje offentleggjort.

Laster Twitter-innhold

Ein reporter frå CBS Sacramento fortel at flyet styrta i eit karrig fjellområde. Det braut ut brann der flyet trefte bakken. Bilete frå staden viser at svarte vrakdelar ligg strødd utover.

Vraket av spionflyet U-2

FLYVRAKET: Vrakdelar ligg strødd utover bakken der flyet styrta.

Foto: Rich Pedroncelli / Ap

Beale Air Force Base ligg aust for Yuba City, ein times køyring nord for delstatshovudstaden Sacramento.

U-2 spionfly styrtet i USA
Vrakdel fra U-2 spionfly

Vrakdelar frå spionflyet ligg strødd utover.

Foto: Rich Pedroncelli / Ap

Berømt fly

Spionflyet U-2 er eit rekognoseringsfly av gammal modell som har vore i drift i det amerikanske forsvaret sidan 1950-talet. Flyet flyr svært høgt. Dagens modell kan fly i ei høgd på 21 300 meter.

U-2 fløy for første gang over sovjetisk luftrom 4. juli 1956. Det vesle, svarte flyet var USA sitt auge mot erkefienden i aust. Med sitt store vengespenn på 31 meter, kunne flyet fly så høgt at det ikkje var synleg på den tidas radarsystem.

Men så gjekk det gale. I 1960 vart det storpolitisk krise då eit U-2-fly vart skote ned over sovjetisk luftrom på veg frå Pakistan til Bodø og Noreg.

Video U2-Affæren

Trua med atomkrig

Spionflyet var på hemmeleg oppdrag å fotografere sovjetiske militæranlegg. Amerikanarane var interesserte i å finne ut kor langt Sovjetunionen var komen i bygginga av nye rakettbasar i nord.

U2-krisen vart den kalde krigens aller farlegaste augneblink for Noreg. Dersom flygingane ikkje var stoppa, trua Sovjetunionens statsminister Nikita Khrusjtsjov med å sende atomrakettar mot byen.

Framleis i bruk

Etter spionflyskandalen i 1960 vart U-2 sett på bakken, og nye satellittar tok gradvis over meir og meir av overvakinga. Men det legendariske flyet, som alltid vil vere eit symbol på den kalde krigen, vart ikkje gløymt.

Det er stadig over 30 slike fly i drift i det amerikanske forsvaret.

I dag vert flyet brukt mellom anna over Nord-Korea. i Irak og Afghanistan der det med høgoppløyseleg optikk om bord avslører til dømes Taliban-stillingar og vegbomber.

SISTE NYTT

Siste nytt