Hopp til innhold

Snowden held møte på flyplassen

Spionsikta Edward Snowden held fredag ettermiddag eit lukka møte for inviterte i transittområdet han sit stranda i på ein flyplass i Moskva.

Edward Snowden skal snakke med aktivister i terminalen på flyplassen i Moskva.

DIREKTE: Edward Snowden møter menneskerettsaktivistar, advokatar og politikarar på Sjeremetjevo-flyplassen i Moskva klokka 15 norsk tid.

Det kjem fram i eit brev den spionsikta amerikanaren har formidla til journalistar og mediebedrifter via menneskerettsorganisasjonen Human Rights Watch.

«Eg inviterer menneskerettorganisasjonar og andre til å ta del i ei kort kunngjering og diskusjon rundt utviklinga i min situasjon den 12. juli klokka 17 (klokka 15 norsk tid; journ.merk) på Sheremetyevo flypass i Moskva. Samarbeidet og støtta de bidreg med i denne saka vil bli høgt verdsett», skriv Snowden til dei inviterte.

Like før klokka 14.30 har dei ulike representantane frå menneskerettorgansisajonar begynt å koma til flyplassen.

Human Rights Watch er til stades, og meiner situasjonen for Snowden er alvorleg.

– Eg vil møta Snowden og høyra kva han har å seia. Me er veldig interesserte i situasjonen hans. Alle aspekt han tek opp vil eg skriva ned og senda vidare til mine kollegaer som er ekspertar på slike saker, seier nestleiar
Tanya Lokshina ved Human Rights Watch sitt kontor i Moskva.

Advokaten Genry Reznik blir intervjua før Snowden-møtet

Advokaten Genry Reznik blir intervjua av eit massivt presseoppbod på veg inn til Snowden-møtet.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

Trur Snowden vil søkja om asyl i Russland

Dette blir første gongen Snowden uttalar seg og viser seg offentleg sidan han flykta frå Hongkong til Moskva i slutten av juni,

Både advokatar, russiske parlamentarikarar og representantar for menneskerettsgrupper er inviterte til møtet.

– Eg fekk i dag ein invitasjon til dette møtet med SNowden og eg forstod at det var viktig. Dette er ei sjeldan sak og eit vanskeleg politisk spørsmål, sa den russiske advokaten Henri Reznik før møtet.

Pressefolk ventar på kunngjering frå Snowden i Moskva

Pressefolk riggar seg til inne på terminal F på Sjeremetjevo-flyplassen i Moskva i forkant av den varsla kunngjeringa frå Snowden.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

Snowden gir ingen opplysningar om innhaldet i kunngjeringa, men einskilde av dei inviterte har gjort seg sine tankar.

– Eg trur Snowden kjem til å kunngjera at han vil søkja asyl i Russland, seier leiaren av advokatsamskipnaden i Moskva, Genri Reznik til nyheitsbyrået Interfax.

Han er ein av dei som har fått tilbodet om å delta på møtet.

Det same trur Lokshina i Human Rights Watch.

– Eg trur Snowden kjem til å søkja asyl, seier ho til det svenske nyheitsbyrået TT.

Ein russisk parlamentarikar som er bede til møtet sa dette rett før han og andre blei henta inn:

– Han har allereie søkt om asyl i Russland. Han har fått det, men med éin føresetnad: at han sluttar å skada forholdet mellom Russland og USA. Så ballen er på hans banehalvdel no.

Den russiske viseutanriksministeren Sergej Riabkov gav for nøyaktig ei veke sidan klar beskjed om at Snowden må ut av Russland.

– Han må velja ein stad å reisa til. Russland kan ikkje løysa dette for han, sa Riabkov.

Amnesty stiller

Amnesty stadfesta fredags morgon opplysningar om at organisasjonen hadde ein avtale om å møta Snowden på flyplassen.

– Me har engasjert oss i denne saka fordi den er svært alvorleg og fortener vår merksemd, sa direktøren i Amnesty Russland Sergej Nikitin til pressa før han hasta inn til møtet med Snowden.

Den russiske utanriksministeren Alexander Konovalov seier til media at møtet ikkje er i strid med internasjonal eller russisk rett.

– Folk får lov til å gå inn på området, og Snowden har rett til å opphalda seg der, seier han.

Snowden har tidlegare hatt oppdrag for CIA via stillinga si i IT-selskapet Booz Allen Hamilton.

Han mista jobben etter å ha offentleggjort opplysningar om den omfattande overvakinga til etterretningsorganet NSA av internett og amerikanske mobiltelefonar.

I heimlandet er han no sikta for spionasje og tjuveri av statlege løyndommar.

Den spionsikta IT-eksperten har søkt om asyl i ei rekkje land, og fått tilbod om asyl frå fleire land i Sør-Amerika, blant anna Venezuela. Noreg har derimot gitt Snowden avslag.

Saka vert oppdatert.

SISTE NYTT

Siste nytt