Snøstorm rammar flyktningar: – Vi er isolerte, og teltet har kollapsa

Hjelpeorganisasjonar slår alarm etter kraftig snøstorm i grenseområdet mellom Libanon og Syria. 250.000 syriske flyktningar er ramma av snøkaoset, ifølgje organisasjonen UOSSM.

Flyktningleir dekt av snø.

Ein flyktningleir med enkle hytter er dekt av snø. Alle vegar i området er stengde etter snøstormen.

Foto: UOSSM

Det var i går snøstormen «Norma» slo til i fjellområda i det nordaustlege Libanon. I lågareliggjande område kom nedbøren som regn, men med den same kraftige vinden. Resultatet er nokre flyktningleirar som er dekka av snø, medan andre er ramma av flaum.

Den humanitære organisasjonen UOSSM , Union of Medical Care and Relief Organisations, opplyser at rundt 250.000 menneske er ramma av uveret. Fleire hundre flyktningleirar i området frå Akkar Plain til Bekaa-dalen er fullstendig øydelagde eller har fått betydelege skadar.

Uveret har ramma mange, også på den syriske sida av grensa.

Telt og enkle trehytter

VIDEO: Denne videoen er frå det nordlege Syria, som er ramma av det same vêret.

Flyktningane i området bur i hovudsak i telt og enkle trehytter. FNs flyktningorganisasjon UNCHR opplyser at minst 15 flyktningleirar er fullstendig øydelagde, medan 66 andre har fått betydelege skadar.

Det har vore samanhengane regn i dette området sidan andre juledag, og denne siste stormen har gjort situasjonen endå verre enn han var. Fleire tusen telt har forsvunne med flaumvatnet, saman med medisinsk utstyr, rullestolar og anna utstyr pluss personlege eigedelar.

UOSSM ber no det internasjonale samfunnet om humanitære organisasjonar om raskt å levere hjelp til området.

Flaum i Beirut.

Uveret har ført til flaum i hovudstaden Beirut. Lenger nord i landet har det kome store mengder snø.

Foto: Bilal Hussein / AP

– Vi har ikkje mat

Ein journalist frå det franske nyheitsbyrået AFP melder frå fjellandsbyen Arsal i grenseområdet mot Syria, at den tunge snøen har øydelagt taka på mange av dei enkle husa flyktningane bur i.

– Det har kome meir enn ein meter snø. Vi har ikkje mat, ikkje brød, og vegen har vore stengt sidan i går, seier ein av flyktningane i landsbyen.

– Sjå på dette vêret, vi er isolerte frå omverda. Teltet har kollapsa, no er det berre å stole på Gud, seier ein kvinneleg flyktning, medan snøen fell på hovudplagget hennar.

Det er ikkje uvanleg med snø i dette området i Libanon, men ikkje i så store mengder.

Det bur rundt 1,5 millionar syriske flyktningar i Libanon. Ifølgje UNCHR lever 70 prosent av dei under fattigdomsgrensa, medan 41 prosent har svært usikre buforhold.

Berga av Røde Kors

Røde Kors i Libanon opplyser tysdag kveld at dei har evakuert 500 syriske flyktningar frå Semmaqieh-leiren i Akkar. Telta i leiren vart øydelagde av flaumvatnet som fylgde snøstormen.

Styresmaktene i Akkar-regionen har gitt ordre om at skulane i området skal brukast til å huse evakuerte flyktningar til det er mogleg å skaffe dei alternativ innkvartering.

SISTE NYTT

Siste nytt