Smykket til halshogd dronning selt på auksjon

Fleire av smykka til den myteomspunne dronning Marie Antoinette gjekk torsdag under hammaren hos auksjonshuset Sotheby's. Det dyraste vart selt for over 300 millionar kroner.

Marie Antoinettes perlekjede, som ikkje har vore vist offentleg på over 200 år, inneheld både ei stor naturperle og mange flotte diamantar. FOTO: Reuters

Marie Antoinettes perlekjede, som ikkje har vore vist offentleg på over 200 år, inneheld både ei stor naturperle og mange flotte diamantar. FOTO: Reuters

Eit perle- og diamantanheng som var i dronning Marie Antoinettes eige før ho vart halshogd under den franske revolusjonen, vart selt for 36 millionar dollar – over 300 millionar norske kroner.

Det er 17 millionar kroner meir enn verdianslaget frå auksjonshuset.

Anhenget er del av ei samling på ti gjenstandar som har tilhøyrt dronninga. Gjenstandane har ikkje vore sett offentleg på to hundreår. Det er Bourbon-Parma-familien som har eigd smykka fram til i dag.

Marie Antoinettes juveler

Over 300 millionar kroner vart prisen då dette smykket vart selt på auksjon.

Foto: Richard Drew / AP

Dronning Marie Antoinette sjølv vart avretta i giljotinen på Revolusjonsplassen i Paris i 1793 i kjølvatnet av den franske revolusjonen, etter å ha vorte dømd for landssvik, umoral og ei rad andre tiltalepunkt.

Då var ho 37 år gammal.

Marie Antoinette var opphavleg austerriksk prinsesse, som seinare vart gift med prinsen som skulle bli kong Ludvig XVI. Dette var ein del av alliansen mellom Frankrike og Austerrike.

Impotens og luksus

MARIE ANTOINETTE

Eit portrettmåleri av Marie Antoinette frå då ho enno var dronning av Frankrike.

Foto: AP

Alliansen var ikkje udelt lukkeleg, korkje politisk eller ekteskapeleg. Ludvig hadde fleire helseplager, og impotens skal ha vore ei av dei.

Det blir hevda at dronninga drukna sorgene sine i ein utsvevande livsstil. Ho brukte blant anna store summar på luksuriøse kjolar, sko og smykke.

Nyare historieforsking har sått tvil om Marie Antoinette verkeleg var så ille som rykta ville ha det til, men det er liten tvil om at ho var svært upopulær både ved hoffet og hos det franske folket.

Det er spesielt ei historie som har festa seg sterkt i ettermælet hennar.

Her heiter det at Marie Antoinette fekk høyre om at folk marsjerte i gatene i Paris og kravde revolusjon. Ho spurde dei rundt henne ved hoffet om kvifor folk gjorde det, og fekk til svar at det var fordi dei ikkje hadde brød.

– Om dei ikkje har brød, kvifor kan dei ikkje ete kake? skal dronninga ha spurt.

Smykke som tilhøyrde Marie Antoinette.

I alt 10 vakre smykke som har tilhøyrt Marie Antoinette gjekk under hammaren i Genève torsdag.

Foto: Daniel Leal-olivas / AFP

Det er slett ikkje sikkert at historia er sann, mest sannsynleg er ho det ikkje. Like fullt er det dette sitatet som har forma ettertida sitt syn på henne.

Smugla ut smykka

Også fleire andre av smykka til Marie Antoinette er selde, blant anna eit par diamant-øyreringar. Ei vakker diamantbrosje gjekk også under hammaren, saman med ein diamantring med initialane MA gravert inn, pluss ein lokk av håret hennar.

Marie Antoinette greidde å få smugla ut dei mest verdifulle juvelane sine til familien i Austerrike. Men hennar eige forsøk på å flykte frå Frankrike saman med ektemannen Ludvig og borna deira, vart mislukka.

SISTE NYTT

Siste nytt