– Industrilandbruket er ikkje levedyktig

Småbønder kan redde verda frå ei framtidig matkrise, meiner Utviklingsfondet. – Pass opp for bonderomantikk, åtvarar Utviklingsdepartementet.

Bonde dyrker jorda langs Nilen, Sudan To match special report FOOD/AFRICA

Per i dag står 3 millardar småskala produsentar for 70 prosent av matforsyninga i verda. Her ein bonde i Sudan.

Foto: MOHAMED NURELDIN ABDALLAH, Mohamed Nureldin Abdallh / REUTERS

– Dagens industrielle matvareproduksjon står i fare for å kollapse, seier Aksel Nærstad, utviklingspolitisk seniorrådgjevar i Utviklingsfondet.

Nærstad er også redaktør for «A Viable Food Future», ein ny rapport utarbeidd av Utviklingsfondet.

Rapporten tek til orde for ei større satsing på småbønder, som eit bærekraftig alternativ til industriell matvareproduksjon.

Ny kurs

Dagens rovdrift på naturressursane, kombinert med befolkningsvekst, svolt og klimaendringar, vil ifølgje Utviklingsfondet føre til enorm matmangel i åra som kjem.

Organisasjonen tilrår difor ein ny kurs for matproduksjonen i verda.

– Industrilandbruket er ikkje levedyktig. Det fører til store miljøskader og vil ikkje kunne møte utfordringar knytt til den enorme befolkningsveksta som no står på trappene. Den økologiske småbonden er framtida, meiner redaktør Nærstad.

– Åtvarar mot bonderomantikk

Arvinn Eikeland Gadgil

Arvinn Eikeland Gadgil, politisk rådgjevar for utviklingsminister Erik Solheim.

Foto: UD

Men i Noreg er små gardsbruk meir assosiert med fortida enn med framtida.

Ifølgje SSB har norsk jordbruk dei siste tiåra gjennomgått ei rask utvikling mot færre og meir effektive bedrifter. Dei siste 25 åra har gjennomsnittsarealet på ei jordbruksbedrift auka med 140 prosent, og stadig fleire småbruk står tomme. Bøndene sjølv spår at næringa går ei dyster framtid i møte.

– Me må passe oss for å fremje nostalgisk bonderomantikk som løysinga på framtidig matmangel, seier utviklingsminister Erik Solheims politiske rådgjevar, Arvinn Eikeland Gadgil.

Teknologipessimisme

Gadgil meiner eit solid faktagrunnlag er alfa og omega for å klare å argumentere til fordel for småskala landbruk som svaret på den globale matmangelen.

– Mange er allergiske mot teknologipessimisme, og har ein tendens til å skru av når ein argumenterer for at ting var betre før, legg han til.

Nærstad i Utviklingsfondet understreker at det ikkje er snakk om å gå tilbake i tid.

– Me må kombinere verdifull, tradisjonell kunnskap med moderne forsking og teknologi. Det finst ein mellomting mellom hakke og traktor, seier han.

Meir effektivt

Ifølgje Utviklingsfondet er småskala-landbruk meir effektivt enn industriell matproduksjon, fordi avkastninga per arealeining er større og produksjonsmetodane meir bærekraftige på lang sikt.

Per i dag står 3 millardar småskala produsentar for 70 prosent av matforsyninga i verda. Og den nye rapporten viser at det framleis er mykje potensiale å hente ut ved å satse på småbøndene.

– Vår rapport viser at matproduksjonen i bærekraftig småskala landbruk kan aukast med 130 prosent ved hjelp av kunnskapsformidling, nettverksbygging og utvikling av nye teknikkar, fortel Nærstad.

– Noreg har ansvar

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp)

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp)

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) trykkjer rapporten til sitt bryst, og påpeiker at den norske bistanden til eit globalt, bærekraftig landbruk må aukast.

– Noreg har eit ansvar når det gjeld den globale matforsyninga. Landbruksbistanden må aukast frå dagens 3-4 prosent av den totale bistanden, seier Brekk.

– På globalt plan er me nødde til å legge om til eit langt meir agro-økologisk landbruk for å kunne brødfø ein stadig aukande befolkning , legg landbruksministeren til.

Utviklingsdepartementet arbeidar no med ei Stortingsmelding som skal presenterast på nyåret i 2011, der dei ser på korleis eit meir klimatilpassa landbruk kan gjennomførast i praksis.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt