Hopp til innhold

Slo laus på buksekledde kvinner

Politi med batongar og mannlege islamistar gjekk til angrep på ei gruppe kvinner som demonstrerte for retten til å gå med bukser i Khartoum i Sudan i dag.

Lubna Hussein er tiltalt for å ha gått med bukser.

Lubna Hussein kjempar for retten til å gå med bukser.

Foto: ASHRAF SHAZLY / AFP

Kvinnene demonstrerte til støtte for den sudanske journalisten Lubna Hussein, som risikerer å bli dømd til 40 piskeslag for å ha gått med bukser.

FN-medarbeider piskes fordi hun gikk i bukser

Ho vart arrestert i juli saman med 12 andre kvinner som hadde gått med bukser, eit plagg som blir rekna som usømeleg for kvinner i det strengt muslimske landet,

I dag møtte rundt 150 kvinner opp utanfor rettssalen der saka hennar går, for å vise si støtte. Mange av dei var kledde i bukser.

Politi og islamistar

Lubna Hussein kledd i bukser.

Lubna Hussein kledd i det styresmaktene i Sudan meiner er ei usømeleg klesdrakt.

Foto: ASHRAF SHAZLY / AFP

Dette vekte sterke reaksjonar. Politiet gjekk laus på kvinnene med batongar, og fleire tital av demonstrantane vart pågripne og køyrde bort i politibilar.

Ei gruppe islamistar blanda seg inn, ropte religiøse slagord og kalla dei demonstrerande kvinnene for prostituerte. Dei ropte også ut krav om at Lubna Hussein måtte få ei streng straff.

- Dei slår oss. Dei prøver å provosere oss til å bruke vald, slik at dei kan få oss vekk frå gatene. Eg hadde aldri trudd at dette skulle skje, seier Nahed Goubia, som sjølv er kledd i ei buksedrakt. Av yrke er ho kirurg.

Dei rundt 150 kvinnene hadde samla seg på ei trafikkøy utanfor rettslokalet i sentrum av den sudanesiske hovudstaden.

Pisking

10 av kvinnene som vart arresterte saman med Lubna Hussein i juli, har tilstått at dei var uanstendig kledde. Desse har alt vorte piska.

Den sudanesiske straffelova har eit påbod om at kvinner må kle seg sømeleg. Lova har vorte strengt handheva, og i praksis har kvinner som går i andre plagg enn den tradisjonelle kvinnedrakta blitt skulda for å vere usømelege.

Lubna Hussein har heile tida stått på at ho har kledd seg sømeleg, sjølv om ho altså har gått med bukser. Ho er jouornalist av yrke, og har dei siste åra vore tilsett i FN.

Modig

- Lubna har gitt oss ein sjanse. Ho er svært modig. Fleire tusen jenter har blitt banka opp sidan 1990-talet, men Lubna er den første som ikkje har halde stilt om det, seier demonstranten Sawsan Hassan el-Showaya til nyheitsbyrået Reuters.

Lubna Hussein vart arrestert i juli på ein restaurant i Khartoum, medan ho var i teneste for FN.

SISTE NYTT

Siste nytt