Hopp til innhold
Urix forklarer

Slik fann Nobelkomiteen fram til årets fredsprisvinnar

Kviterussland eller journalistikk – demokrati eller klima? Eller noko heilt anna. Kven har gjort mest for fred i året som gjekk, er spørsmålet. Nobelkomiteen har brukt trekvart år på å finne svaret.

Nobel Fredspris 2020

KUNNGJERING: Nobelkomiteens leder Berit Reiss-Andersen kunngjer vinnaren av Nobels fredspris 2021 klokka 11 i dag.

Foto: Heiko Junge / NTB

Idet klokka passerer 11 stig pulsen. Alle følger med på den brune døra der Nobelkomiteens leiar Berit Reiss-Andersen trer inn i rommet fullt av journalistar.

Kanskje er det Kviterussland som står på manuset ho ber med seg fram til talarstolen. Det omstridde valet i august i fjor blei etterfølgt av store demonstrasjonar som blei slått hardt ned. Regimet arresterte tusenar, opposisjonens frontfigur Svetlana Tikhanovskaja gjekk i eksil i nabolandet Litauen.

Denmark Belarus

KVITERUSSLAND: Opposisjonspolitiker Svetlana Tikhanovskaja er blitt kjent over hele verda for sin kamp mot det kviterussiske regimet.

Foto: Emil Helms / AP

Kanskje er ho eller andre regimekritikarar ein fredspris verd? Berre komiteen veit svaret.

Nobelåret

Idet Reiss-Andersen kjem inn i blitsregnet har prisvinnaren gjerne fått eit vink på førehand, men ikkje alltid. Kunngjeringa av fredsprisen er svaret på ein prosess som har vart det meste av året, og som inkluderer Nobelkomiteen, forskarar, ekspertar og konsulentar frå inn- og utland. Fristen for å nominere er innan 1. februar.

Etter det kan komiteens eigne medlemmer supplere lista, men berre fram til første komitemøte rundt 1. mars. Ingen som då ikkje står på lista, kan få prisen.

Nobelkomiteen 2021

KOMITEEN: Nobelkomiteen samla på møterommet i Nobelinstituttet. Frå venstre: Anne Enger, Asle Toje, Berit Reiss-Andersen, Kristin Clemet, Olav Njølstad og Jørgen Watne Frydnes.

Foto: Heiko Junge / NTB

Parlamentsmedlemmer og regjeringsmedlemmer i inn- og utland, tidlegare prisvinnarar, statsoverhovud og ein del universitetsfolk er blant dei som kan nominere.

Spekulasjonar

Det har vore spekulert i fleire år om ein type mediepris. Det ville i så fall vere noko nytt, og markere viktigheita av sannferdig rapportering frå verdas konfliktområde. Journalistikken er under press i vår tid, stadig oftare er journalistar mål i konfliktområde.

France Russia Politkovskaya

REPORTERAR UTAN GRENSER: Medlemmer av presseorganisasjonen Reporterar utan grenser markerte denne veka dødsdagen til den russiske gravejournalisten Anna Politkovskaja, som blei skoten og drepen i Moskva i 2007.

Foto: Michel Euler / AP

Debatten om «fake news» rullar, konspirasjonsteoriane brer om seg, følgene kan vere dramatiske. Som då den amerikanske kongressen blei storma i januar.

Men dersom det skal vere ein mediepris, kven bør få den? Ein organisasjon? Enkeltjournalistar? Her har komiteen slite før, kanskje gjer den det enno.

Finaleheatet

Nobelkomiteens medlemmar har møter ein handfull gongar på begge sider av sommaren.

Gjennom våren blir lista over aktuelle kandidatar redusert frå meir enn 300 nominerte til berre ei handfull kandidatar.

Fleire av kandidatane på denne sokalla kortlista har stått der gjennom fleire år. Det er inga ulempe.

Bookmakeranes favoritt

Det er kortlista som er finaleheatet, det er desse som gjennomgår den grundigaste vurderinga. Av Nobelinstituttets eigne folk og av innleigde konsulentar. Avgjerda fell i eitt av komiteens møte etter sommaren.

Kva med Gretha Thunberg? Ho har mobilisert unge menneske verda over i kamp mot klimakrisa.

Greta Thunberg i Milano 1. oktober 2+21

KLIMAAKTIVIST: Greta Thunberg har fleire år på rad vore på bookmakeranes liste over moglege fredsprisvinnarar.

Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters

Ho er ein av bookmakeranes favorittar til å få fredsprisen. Samtidig er Nobels fredspris ei tung bør å legge på unge skuldrer. Som gir sterke føringar for det vidare livsløpet.

Skulle Thunberg likevel få prisen, vil ho neppe få den aleine. At klima er eitt av tidas store tema er det ingen tvil om. Ein aktuell kandidat er FNs klimakonvensjon.

«Fifteen minutes of fame»

Komiteen ønskjer ein balanse mellom enkeltpersonar og organisasjonar. Mange prisar har gått til internasjonalt samarbeid, som FN, Røde Kors og andre. Kampen for internasjonalt samarbeid er i kjernen av Nobels testament.

Demokrati og internasjonalt samarbeid er under press. Kan komiteen ha funne ein prisvinnar som svarer på utfordringane mot den liberale verdsorden i vår tid?

Internasjonalt er kunngjeringa av fredsprisen Noregs «fifteen minutes of fame».

Berit-Reiss Andersen

VERDSPRESSEN: Verdens auge er retta mot Oslo når leiaren av Nobelkomiteen kunngjer fredsprisvinnaren.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

På førehand er det spekulert. Hos nyheitsbyråa, i BBC, CNN og Times of India. Og NRK, for den del.

Lekkasjar er det magert med.

Hemmelegare med åra

Verdien av spekulasjonane ligg ikkje nødvendigvis i om nokon klarar å peike ut vinnaren før alle får greie på det fredag klokka 11, men på to andre felt:

Spekulasjonane i medium verda rundt er viktig for å halde oppe interessa rundt fredsprisen, det er eit gode for prisens prestisje. Men kanskje viktigast; spekulasjonane gjer at søkelys blir sett på konfliktar, nedrusting og menneskerettsspørsmål verda over.

I desse dagar blir det skrive artiklar om Hongkong, uiguranes situasjon, folk til folk-samarbeidet i nord, menneskerettsspørsmål i Midtausten, Afrika og Sør-Amerika, demokrati under press – og altså Kviterussland og medias betydning. Og meir til. Det har ein eigen verdi.

Men det er altså berre komiteen som veit. For det meste er hemmeleg gjennom Nobelåret, og hemmelegare er det blitt med åra. Det heile blir avrunda med feiring, seremoni og fakkeltog i Oslo 10. desember. På Alfred Nobels dødsdag.

Alfred Nobel

NOBELS TESTAMENT: Alfred Nobel døde 10. desember 1896. Han etablerte Nobel-prisane for kulturelle, vitskapelege og politiske framskritt gjennom sitt testament.

Foto: NRK

SISTE NYTT

Siste nytt