Hopp til innhold

Skytedesperado drap fire i Spania

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann (57) med gevær skaut og drap onsdag morgon fire personar inne på ein bar og i ein bank i Spania.

Utstyrt med ei rifle spaserte mannen inn i ein bar i den katalanske byen Olot rundt klokka 8 i dag tidleg.

Inne i baren avfyrte han dødelege skot mot to personar, før han køyrde vidare til ein bankfilial og drap direktøren og ein annan person som var tilstades i lokalet, opplyser den spanske avisa El Pais.

– Han sa ingenting. Han berre kom inn med ei rifle i handa, skaut og la på sprang, seier den tydeleg rysta ektemannen til eigaren av baren, Guzmán Sánchez, til spansk TV3.

Far og son drepen

Skytedesperadoen myrda i alt fire personar før han flykta i bil. Kort tid etter vart mannen pågripen av lokalt politi.

Olot ligg drøye hundre kilometer nordaust for Barcelona.

Dei to personane som vart drepne inne i baren, ein far og sonen hans, var eigarar av byggfirmaet Constructors Tuber.

Ifølgje kjelder som Europa Press har snakka med, skal drapsmannen tidlegare ha vore tilsett som murar i firmaet.

Motivet bak ugjerninga er førebels ukjend, men El Pais skriv at mannen nyleg hadde vorte oppsagd fordi byggfirmaet sleit økonomisk.

Noterte bilnummer

Snarrådige vitne noterte seg bilnummeret til drapsmannen.

Dette, i tillegg til detaljerte skildringar av personen skal ha ført til at politiet raskt kom på sporet av mannen og fekk arrestert han.

Den rystande hendinga vert no etterforska av politiet i Olot i Catalonia.

SISTE NYTT

Siste nytt